Alarmen gjekk då prins Daniel av Sverige kom til Gløshaugen

Trass nokre utfordringar fekk studentane på entreprenørskulen tid til å imponere H.K.H. prins Daniel av Sverige under eit besøk onsdag.

H.K.H. med tilsette i Naya, Arctic Protein og Wepost.
Publisert Sist oppdatert

Det vart ikkje berre rom for å framme innovasjon og gründerverksemd då svenske Prins Daniels Fellowship tok turen på Gløshaugen onsdag formiddag. 

Formålet med besøket var at prinsen skulle lære om norsk næringsliv og dei nasjonale satsingsområda og moglegheitene ein har i Noreg og Trondheim.

Prins Daniels Fellowship er eit intiativ som skal bidra til innovasjon og gründerverksemd i Sverige og er drive av Det Kongelege Ingeniørvitskapsadamiet i samarbeid med H.K.H.

Skulle sitte inne i varmen og høyre bedriftspresentasjonar

Planen var at denne delen av dagsturen til Gløshaugen skulle innhalde korte presentasjonar frå tre ulike studentbedrifter samt ein kort presentasjon frå professor Roger Sørheim ved Institutt for industriell økonomi og teknologileiing.

Men då besøket kom inn på Gruva gjekk det ikkje mange minutt av presentasjonen til Sørheim om entreprenørskulen før brannalarmen gjorde at bygget måtte evakuerast. 

H.K.H. prins Daniel på veg ut frå Gruva i det brannalarmen går av.

Rektor, prinsen og resten av følget måtte rett og slett gå ut til amfiet utanfor gruva og fortsette der. Stemninga holdt seg likevel på topp og det var mykje latter i omløp etter ein kom seg ut og måtte bruke ein laptop som skjerm i staden for det store lerretet ein brukte inne på Gruva. 

Lønsame studentbedrifter

Verdiskapinga til bedriftene på entreprenørskulen låg på cirka 220 million kroner i 2020 fortel Sørheim til forsamlinga som bestod av unge entreprenørar og mentorane deira frå Sverige, samt prinsen sjølv og styringsgruppa til Prins Daniels Fellowship.

Strindens Promenadeorchester stod for velkomsten og greip moglegheita til å spele «Här kommer Pippi Långstrump».

Tre bedrifter frå entreprenørskulen fekk halde ein to minutt pitch for besøket der dei skildra bedriftene sine.

Den første av bedriftene, Naya, tilset indiske kvinner og gir samstundes opplæring og hjelp til med utdanning, barnepass og transport. Den andre bedriften, Arctic Protein, kallar seg insektsbønder som skal gjere laksenæringa meir bærekraftig. Den siste bedrifta, Wepost, tek i bruk kunstig intelligens for å gjere marknadsføring meir effektivt. 

Pitching med ei ikkje så komplisert teknisk løysing.

Etter bedriftene fekk presentert seg var H.K.H. rask på å dele ut kompliment til dei unge entreprenørane. Prinsen gravde meir i kva dei ulike driv med og sa seg imponert over det han kalla «fantastisk arbeid».

Anna Mjønerud Gjestvang er marknadssjef i den studentdrivne bedriften Repost.

Anna Mjønerud Gjestvang, marknadssjefen i Wepost seier det var svært kult å få møte Prins Daniel og fortel at ho og kollegane har snakka mykje om kor viktig det er at ein legg opp til eit økosystem der ein får samspel med til dømes Prins Daniels Fellowship slik at dei unge entreprenørane får støtte der det trengs

- Det er jo klart det er kjempestas å få møte ein pris, legg ei smilande Gjestvang til. 

Følg UA på Facebook og Instagram.