Marianne skal starte sitt første studieår på Gløshaugen: - Dette blir bra!

Marianne er ein av dei nesten 14 000 som skal starte på NTNU i Trondheim i august

Marianne Haugvaldstad er ein av dei 63 264 som har fått tilbod om studieplass gjennom Samordna opptak i 2023.
Publisert Sist oppdatert

I midten av august startar Marianne på den femårige masteren i fysikk og matematikk ved NTNU i Trondheim. Det gler ho seg til.

Marianne Haugvaldstad

Ho kjem frå Stavanger og startar på studiet etter eit år på folkehøgskule. Før det gjekk ho tre år på studieførebuande med forskarlinje.

Ho trur den femårige utdanninga blir utfordrande, men fortel at ho kjenner seg godt forberedt etter å ha lest seg opp på studiet og tilværelsen som student i Trondheim.

Tidleg ute for å sikre seg bustad

Marianne ordna kollektiv tidleg hjå Sit og har betalt leige sidan juni sjølv om ho ikkje skal bu i Trondheim før i august. Den komande studenten fortel at det er fordi ho var redd for å ikkje ha ein bustad ved studiestart.

- Eg byrja å sjå på bustad i januar og fekk tildelt hybel gjennom Sit allereie i april.

Marianne er berre ein av mange som prøver å vere tidleg ute. I forrige veke skreiv Universitetsavisa om at Sit i Trondheim no har 1000 personar som står på interesseliste. Sit var tydelege på at dei ikkje trur det betyr at nokon kjem til å stå utan bustad.

- Gruar meg jo litt til å flytte i kollektiv, men eg trur det går fint etter å ha budd på internat.

Det blir betre plass på rommet når eg kan innreide det sjølv, sjølv om rommet er litt mindre enn folkehøgskulen sine.

- Og så verkar det bra plassert, rett ved Studentersamfundet og Gløshaugen, fortel Marianne.

Stor kvinneandel

Vidare fortel 19-åringen at det er fleire kvinner på fysikk og matematikk enn på ein del andre tekniske faga ved NTNU. Det håpar ho kan gjere det enklare å finne nokre med like interesser.

- Det er veldig greit å vite at det er ein jamnare kjønnsfordeling. Eg har høyrd at det er større ubalanse på andre teknologifag.

Ellers blir 19-åringen del av eit mannsdominert utdanningsområde.

I år er det kun ein liten vekst i andel kvinner på teknologifaga, 0.4 prosent.

- Eg trur klassemiljøet blir betre av ein jevnare kjønnsbalanse.

Samstundes er ho óg oppteken av at studiet hennar har ein stor klasse. Dette trur ho gir moglegheit for å stifte mange nye kjennskapar.

- På vidaregåande var vi ein gjeng på 30 som var nært knytt, men ikkje så nært dei utanfor klassen. Eg håpar den store klassen på studiet gjer at eg kan få mange nye kjende.

Fadderveke og friviljugheit

I studiestarten er det fadderveke, og Marianne fortel at ho gler seg til eit artig program.

Ho legg til at det ser litt skummelt ut med mykje drikking og fortel at ho har høyrd om studentar som lagar ein eigen post i budsjettet sitt for alkohol i fadderperioden, men ho gler seg likevel.

Ho har også planar om å søke som friviljug på Studentersamfundet og ta opp att klatring som ho har drive med tidlegare i organisert form gjennom NTNUI. Samstundes fortel ho at ho har sett på ei speidargruppe som er for studentar og at det også kunne vore interessant.

- Eg har hatt god tid til å planlegge etter eg fekk tidleg ferie frå folkehøgskulen. I fyrste omgong tenkjer eg å søke eit av dei tekniske verva som Studentersamfundet tilbyr. Det verkar veldig artig. Eg håpar det går fint å kombinere med studiane.