Hevdar at busituasjonen for studentar i Trondheim er betre enn i Oslo

Sit er trygge på at dei kan mette behovet for studentbustadar i Trondheim og at situasjonen er ulik den som no meldast i frå om i Oslo.

Denne illustrasjonen av ein studentbustad på Nardo skal i følgje planen stå klar i 2028.
Publisert
Boligdirektør i Sit, Lisbeth Glørstad Aspås

- Vi oppfattar situasjonen no som vanleg. Det er alltid vanskeleg, men det løyser seg, fortel bustaddirektør i Sit, Lisbeth Glørstad Aspås.

Administrerande direktør i Sio har nyleg fortald NRK at ein no har den lengste køen for studentar som treng bustad i Oslo i nyare tid.

Stian Carlsen, Administrerande direktør i Utleiemegleren sa til Dagens Næringsliv at det kom til å kome utleigekrise med sterk prisvekst.

I Oslo har leigeprisane auka mellom fem og tolv prosent, det melder salgs- og markedsdirektør i Utleiemegleren, Geir Skogheim til Khrono.

Aspås fortel at situasjonen er ulik i Trondheim.

- Alt er som normalt

- Vi har ikkje venteliste som i Oslo, vi har bookingsystem og interessentliste. Så vi kan ikkje seie noko like konkret. Interessentlista for Trondheim har i underkant av 1000 personar per no, fortel Aspås.

Sit er trygge på at mykje blir ledig den komande tida fordi dei tillét studentar som har ordna bustad hjå dei å gå ut av kontrakta si utan oppsigelsestid grunna at ikkje alle kjem inn på studiet i byen.

- Vi trur ikkje 1000 på interessentlista betyr at 1000 personar står utan bustad akkurat no. Mange er nok studentar som har bustad, men kunne tenke seg til ein av våre tilbod.

- Dette talet er eit viktig teikn på at vi må byggje meir studentbustadar. Det driv vi med, seier Aspås.

Bekymra for prisen privat

Studentsamskipnaden har it mål om å tilby bustad til 20 prosent av studentane i Trondheim., akkurat no er det omkring 15 prosent.

Vidare fortel Aspås at dess meir dei kontrollerer av marknaden dess meir kan dei sette standarden for utleige av bustadar i Trondheim både med tanke på pris og kvalitet på bustadane.

- Det er viktig for oss å vere ein stor aktør framover, seier Aspås.

Mesteparten av marknaden i Trondheim, 85 prosent, står det private for.

- Vi gjorde ei undersøking på leigeprisane i vår og ser at den private marknaden er vesentleg dyrare enn vår. Vi deler derfor bekymringa om prisane i det private, seier ho.

- I ein slunken studentøkonomi vil det vere krevande, det forstår eg.

Byggjer mykje, men ikkje naudsynt nok

Sit gjer endringar i Klostergata 56

Sit nettopp åpna fleir bustadar i Ålesund, har prosjekt i gong på Gjøvik og i Trondheim.

Aspås fortel vidare at Klostergata 56 er under endring og vil ha plass til omtrent dobbelt så mange som i dag når det opnar i 2025 med ei auke frå ca 70 pesonar opp til omtrent 130. I tillegg skal det opne bustadar til mellom 800 og 900 studentar i Nardoveien i 2026.

Om talet på studentar i Trondheim held seg på cirka 37 000 vil desse to prosjekta føre til ei prosentvis auke på 2.7. Om Sit fyller kvart rom, som dei gjer akkurat no, vil dette gi ein marknadsandel på omkring 17.7 prosent, om talet på studentar held seg likt.

Om Sit skal nå målet sitt om ein marknadsandel på 20 prosent innan 2030 må dei byggje omtrent dobbelt så mykje som planlagt.

Har ordning for å sikre at studentar har ein bustad ved studiestart

Aspås informerer om "Tak over hovudet"-ordninga Sit har med Trondheim vandrerhjem og Scandic som gjer at ein kan leige billig rom om ein ikkje har bustad til studiestart.

På nettsida til ordninga står det at dei billigaste romma ein kan få deler ein med andre, og desse kostar 390 kroner per natt.