Studiestart 2023

Slik blir immatrikuleringa ved NTNU

Etter fleire år med kun digital immatrikulering, blir det i år kun fysiske immatrikuleringssermoniar ved NTNU. Mykje av programmet går på tvers av studiebyane.

Slik vart det sjåande ut sist gong NTNU hadde fysisk immatrikulering i Trondheim i 2019.
Publisert Sist oppdatert

Tidlegare stod det i saka at NTNU skulle halde eit arrangement for å synleggjere studentfriviljugheita 15. august. Arrangørane er no retta til Samfundet, UKA og ISFiT.

Mandag 14. august blir det fysisk immatrikulering av nye studentar i alle NTNUs tre studiebyer.

- I år kjem det til å bli ein immatrikuleringssermoni med høgtideleg form.

Det melde NTNU på Innsida for nokre månader sidan da dei opplyste om korleis immatrikuleringa av studentane hausten 2023 ville føregå.

Sjølve innhaldet for dagen i dei tre studiebyane vil vere noko forskjellig. Men felles for alle er at det blir prosesjon, kulturinnslag, talar og videohelsing frå statsministaren.

Seinare seremoni

I motsetning til tidlegare år vil sjølve seremonien føregå seinare på dagen. I Trondheim finn den stad klokka 14:00, mens i Gjøvik og Ålesund startar immatrikuleringa allereie klokka 13:00.

Alle seremoniane kjem til å vare i rundt ein time.

Prosjektleiar for immatrikuleringssermonien ved NTNU Eirik Tiller fortel at seremonien føregår seinere i år fordi det no er lagt opp til at dei nye studentane skal møte medstudentane sine i forkant.

Eirik Tiller er prosjektleiar for immatrikuleringa ved NTNU.

- Da kan dei få oppleve den høgtidelege seremonien samans med dei. På bakgrunn av innspill fra studentene selv og en helhetlig vurdering av arrangementet, så har vi valgt å gjøre denne endringen, seier han.

Dette betyr også at det vil gå busstransport for studentane i Trondheim, frå campus Dragvoll, Tunga og Moholt, til campus Gløshaugen, der seremonien finn stad.

Fakta

Programmet

  • Prosesjon
  • Rektors tale av prorektor Marit Reitan i Ålesund og prorektor Tor Grande i Gjøvik
  • Tale ved viserektor Anne Lise Sagen Major i Ålesund og viserektor Gro Iren Kvanli Dæhlin i Gjøvik
  • Videohelsing frå statsministaren sendes i alle tre byar
  • Tale ved leier av Studenttinget (Trondheim), Studentparlamentet (Ålesund/Gjøvik)
  • Helsing/intervju ved Fadderledere (Gjøvik)
  • Kulturinnslag
  • Prosesjon

Dette står på programmet

- Det kjem ikkje til å være noko form for streaming i år, da vi endeleg er tilbake til ein fysisk gjennomføring av immatrikulering etter fleire år med pandemi og digitale seremoniar, seier Tiller.

Det er Lydia Gieselmann som skal være konferansier for seremonien i Trondheim, og tilskodarane her kan vente seg både musikk framført av TSS/TKS og This daze.

Dei oppmøtte studentane kjem også til å få ein videohelsing frå statsminister Jonas Gahr Støre, og taler frå rektor og viserektorer.

I Gjøvik og Ålesund vil det bli lokale musikkinnslag og studentrepresentantar.

Det er prorektor for forsking Tor Grande som kjem til å stå for immatrikuleringa av studenter i Gjøvik. I Ålesund er det prorektor Marit Reitan.

Skal vise fram studentfrivilligheit

Det er flere deler av studentfrivilligheita som kjem til å vise seg fram under immatrikuleringa i dei ulike byane.

Samtidig kjem Samfundet, UKA og ISFiT til å halde eit arrangement dagen etter, 15. august, for å synleggjere studentfrivilligheita i Trondheim. Lignande arrangement skal også finne sted i dei andre studiebyane til NTNU. ´