Ubehaget kvinner kjenner i møte med «gutteklubbane»

Forsking med eit nærare blikk på rekrutteringsprosessar til sentrale posisjonar i idretten, viser at dei såkalla «tunge» og mest kompetente kandidatane nesten alltid er rekruttert frå nettverket av likemenn rundt dei som nominerer.
I toppleiarstillingar i norsk idrett er mannsdominansen oftast 85 % eller meir, og det i ein demokratisk organisasjon som i dag har 40 % kvinnelege medlemmar, skriv professor Jorid Hovden, som i ei årrekke har forska på kjønn, makt og idrett.  

I toppleiarstillingar i norsk idrett er mannsdominansen oftast 85 % eller meir, og det i ein demokratisk organisasjon som i dag har 40 % kvinnelege medlemmar, skriv professor Jorid Hovden, som i ei årrekke har forska på kjønn, makt og idrett.  

På toppen av dei mektigaste institusjonane i det norske samfunnet er det framleis ein sterk og vedvarande mannsdominans. Blant anna gjeld dette næringslivsorganisasjonar så vel som kyrka og idretten. Som idrettsforskar, som i ei årrekkje har forska på mannsdominans som maktrelesjon i idrettsorganisasjonar, vil eg i det vidare peike på nokre aspekt ved det ubehaget kvinner opplever i idrettens maktorgan.

Tidlegare barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland uttalte nyleg i ein TV -debatt at ho erfarer at på toppen av internasjonale idrettsorganisasjonar, må ikkje kvinner berre knuse eit såkalla glasstak for å oppnå toppleiarposisjonar, men eit betongtak. Ho opplever «gutteklubbane» her som ugjennomtrengjelege. Resultata frå ei bok eg nyleg har ferdigstilt, om kjønnsmangfald i toppen av europiske idrettsorganisasjonar, viser liknande funn. Når det gjeld kjønnsmangfald, er endringar som resulterer i fleire kvinner sjeldnare enn status quo. I toppleiarstillingar i norsk idrett er mannsdominansen oftast 85 % eller meir, og det i ein demokratisk organisasjon som i dag har 40 % kvinnelege medlemmar. 

Makt- og demokratiproblem

Studie av norske og europeiske idrettsorganisasjonar viser at dei forklaringane som oftast gis på vedvarande mannsdominans av dei som sit på toppleiarposisjonane, er at mannsdominansen er eit resultat av at kvinner anten ikkje blir funnen tilstrekkeleg kompetente eller at kvinner av personlege grunnar ikkje ønsker seg slike posisjonar. Dette betyr at dei mannlege leiarane på toppen, som definerer kva kompetanse som er relevant og tilstrekkeleg og slik blir portvakter for kven som definerast som kompetente, gjer kompetanseproblemet til ein personleg mangel ved kvinner. Mannsdominans som eit makt- og demokratiproblem i idretten, blir slik omdefinert til eit individuelt kvinneproblem. Med andre ord det er ikkje organisasjonen det er noko galt med, men dei kvinnene som ønsker innflytelse. 

Forsking med eit nærare blikk på rekrutteringsprosessar til sentrale posisjonar i idretten, viser at dei såkalla «tunge» og mest kompetente kandidatane nesten alltid er rekruttert frå nettverket av likemenn rundt dei som nominerer. Kvinnelige leiarkandidatar blir oftast omtalt som ikkje «tunge nok» og/eller i beste fall som «lovande». Dei få kvinnelege kandidatane som blir valt, viser stort sett å ha både høgre utdanning, meir leiarerfaring og breiare og lenger erfaring frå idretten enn sine mannlege kollegaer. 

Ein kvinneleg forskjell

Korleis erfarer og opplever så dei kvinnene som kjem gjennom nålauga sin status og situasjon? Kva for betydingar av kjønn må dei handtere under mannsdominans – om dei skal få respekt og ikkje bli funnen «for lett»? Studiar påpeikar at dominans som maktrelasjon hindrar dei dominerte til å utrykke misnøye, og at kvinner ofte opplever eit sterkt ubehag i manndominerte fora, fordi dei føler seg kontinuerleg uttesta.

NRK-serien «Heimebane» sist vinter viste mange døme på dette ubehaget, og korleis mannsdominans som maktrelasjon skaper mange dilemma og ein kontinuerleg kjønna ambivalens. Den illustrerte på konkrete måtar korleis kvinner med innflytelse stadig opplever å støyte mot doble og motstridande krav og forventningar, som er umulege å oppfylle samtidig. For å få aksept og respekt blir det forventa at kvinner som kjem inn på mannsdominerte arenaer, skal tilpasse seg dominerande, (maskuline) veremåtar og koder , samtidig som dei må gjere ein kvinneleg forskjell. Det sistnemnde inneber at dei skal representere noko annleis, komplementært og kvinneleg, og slik bidra med nye perspektiv og mangfald.

For mykje kvinne?

Å vere utspent mellom slike doble og motsetnadsfulle forventningar, resulterer i eit kjønna ubehag, der dei kjenner på mangelfull respekt , tillit og personleg verdsetjing så vel som ein stadig tvil om eigen kompetanse og om dei er «rett kvinne». Ein kvinneleg styrerepresentant eg intervjua, utrykte at denne situasjonen betydde at ho måtte vere strategisk kvart sekund og passe på at ho i sine veremåtar vart oppfatta som «nok kvinne». For mykje eller for lite betydde at det vart stilt spørsmål om ho var rett person på rett plass.

Forsking på mannsdominans som maktrelasjon viser dessutan at kvinner i slike kontekster ofte blir utsett for ulike former for trivialisering og seksualisering. Og resultatet er som #MeToo-rørsla har vist , at det er kvinnene som sit igjen med skam og skuldkjensle, fordi dei ikkje klarer å handtere og forsvare seg mot slike veremåtar og herskarteknikkar. I dette lys er det kanskje ikkje så overraskande at kvinner i toppverv i idretten har langt høgre «turn over» enn sine mannlege kollegaer og treng meir tid på å bestemme seg om dei vil konkurrere om slike verv – om det er prisen verdt. 

Menns kjønnsmakt

Forsking viser at dei kvinnene som klarer å handtere og utfordre sterk mannsdominans som maktrelasjon over tid , er kvinner som har sterk støtte på heimebane og/eller som har mannlege kollegaer som viser dei tillit og respekt, og som dei difor kan samarbeide med. Det viser seg også at det er desse mannlege leiarane som arbeider mest aktivt for å endre «guttekubbens» makt, fordi dei meiner at også dei tener på større kjønnsmangfald og demokrati. Men kvifor er det så få menn som motarbeider mannsdominans og ønsker seg meir demokrati, større likestilling og kjønnsmangfald? Forskinga framhevar her særlig to forhold:

  1. Dei som har makt , gir sjeldan frå seg denne frivillig
  2. Det mest «forbode» i dag er å gjere mannlege leiarar til kjønna personar, fordi det avdekker og synleggjer menns kjønnsmakt.

Det sistnemnde betyr at dei få kvinnene som tør å sette menns makt på dagsorden i idrettens toppleiarskap, anten er kvinner som sjølv har oppnådd maktposisjonar eller kvinner som toler å stå i kjønna ubehag, fordi dei kjenner ansvar for å endre kvinners demokratunderskot i makt og innflytelse.

Vår bok om kjønnsmangfald i europiske idrettsorganisasjonar viser at den einaste strategien som er effektiv for å realisere kjønnsmangfald, er å auke talet på kvinner i posisjonar med makt og innflytelse. I idretten som i andre organisasjonar, er det slik at «ei einsleg svale gir ingen sommar». I dagens situasjon er det difor ikkje kvinnelege rollemodellar som manglar, men likestilling i innflytelse og definisjonsmakt. Ei endring av mannsdominans viser seg å vere ein føresetnad for å kunne endre kjønnsstereotype oppfatningar og normer i organisasjonar så vel som for å kunne realisere demokratiske handlingsvilkår og kjønnsmangfald.

Innlegget vart først publisert på bloggen NTNU Samfunn, språk og kultur.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

UA-kommentaren:

En debatt på nippet til å gå bananas

Det nærmer seg politisk behandling av NTNUs store campusprosjekt. Det er nå det gjelder. Da er det fristende for aktørene å ty til retoriske virkemidler.

To nye meritterte undervisere ved NTNU

Førsteamanuensis Paula Rice og professor Arne Krokan er tildelt stats som meritterte undervisere.

Bevar ironien?

«Utbygging av Vestskråningen og ivaretakelse av grøntarealer er ikke gjensidig utelukkende. En utadrettet utbygging av Vestskråningen vil sannsynligvis føre til større bruk av den minst brukte delen av Høyskoleparken.» skriver styret ved Studentersamfundet i denne ytringen.

The big challenge: Ein festival for folk flest?

«Store og flotte ord, men handlingar talar som kjend høgare enn ord, og det å setje ein skyhøg pris på billettane gjer festivalen utilgjengeleg for mange studentar. Kven er neste generasjon som skal forsøke å løyse framtidas utfordringar viss ikkje studentane?» skriv studentleiaren i denne ytringa.