Ikkje nøl - bli kandidat til å sitte i NTNU-styret!

Etter fleire rundar med meg sjølv, og i gode samtalar med andre, stilte eg til val for eitt år sidan. Det har eg ikkje angra på.
Oppmoding frå Karoline Abildsnes: Bli kandidat til styrevalet. 
        
            (Foto: KRISTOFFER FURBERG)

Oppmoding frå Karoline Abildsnes: Bli kandidat til styrevalet.  Foto: KRISTOFFER FURBERG

I dag, for eitt år sidan, opna Studentvalget 2019 – der eg var ein av kandidatane til å sitte i universitetsstyret. Eg var på dette tidspunktet på veg inn i min siste eksamensperiode ved NTNU. Som ferdigstudert var planen vidare i utgangspunktet å flytte frå byen. Slik blei det jo ikkje. Etter fleire rundar med meg sjølv, og i gode samtalar med andre, stilte eg til val. Det har eg ikkje angra på sidan.

Etter ein tøff, men lærerik og spennande valkamp fekk eg gleda av telefonsamtala der eg blei fortalt at eg hadde blitt valt av studentane på NTNU til å gjennom det neste året vere studentane sitt kvinnelege styremedlem i universitetsstyret.

Vart teke godt i mot

Lite visste eg på dette tidspunktet, at eg etter knappe to veker i jobb skulle bli gjort merksam på at Gunnar Bovim ville tre av som rektor, at eg skulle vere med å tilsette Anne Borg som ny – og første kvinnelege rektor ved NTNU, at eg saman med styret skulle beslutte å oppløyse eit institutt på bakgrunn av ein arbeidsmiljøkonflikt, og no også behandle ei eigne forskrifter i forbindelse med koronapandemien. Ei heller visste eg på dette tidspunktet at eg skulle bli så godt tatt i mot av resten av styret og trivast så godt i vervet.

Som studentvalt styremedlem kan bordet verke høgt og du kjenne deg liten, litt som då eg var yngre og gjekk i pappa sine altfor store sko. Likevel er universitetsstyret eit så godt kollegium at ein fort vert tatt med inn i varmen. Rektoratet stiller seg til ein kvar tid disponible for spørsmål av alle slag, og til og med kursing i universitetsøkonomien, av økonomi- og eigendomsdirektøren sjølv. Sjølv om sakspapira kan vere omfattande, og til dels tungleste for ei som til vanleg brukar ein halvtime berre på å gå gjennom menyen på restaurant, er dei ryddige og utfyllande til det punktet at det ikkje er eit problem å stille godt budd til styresaker, også av utfordrande karakter. 

Som sagt innleiingsvis, angrar eg ikkje på at eg eitt år tilbake stilte til universitetsstyret. Tida frå då og fram til no har gått evinneleg fort. Eg har lært ekstremt mykje, møtt folk som eg elles aldri ville blitt kjend med, og eg har gjort meg erfaringar som eg har vakse på som person. Tysdag gjekk den opprinnelege fristen for å stille til universitetsstyret i år, ut. Valgstyret har likevel sett seg nøydd til å utvide fristen med ei veke, fram til onsdag 8. april kl. 23:59, av mangel på kvinnelege kandidatar. Dette ser eg på som ein varm invitasjon til studentar – og då særleg kvinnelege studentar – som vurderer om dette kunne vore noko som kunne passa seg.

Mi oppmoding: Ikkje nøl. Gå til http://Studentvalget.no og send inn kandidatur!

Les alle UAs artikler om koronaviruset her.

Følg UA på FacebookTwitter og Instagram.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Historien om en knapp

Fredag før pinse varslet NTNU at «#MeToo-knappen» endelig var på plass. Den skulle egentlig vært klar innen 1. mai 2019. Og innen 1. oktober 2018.

Planlegger ny studentlandsby ved NTNU i Gjøvik

Planen er å bygge 170-190 studenthybler i Mustad Næringspark.

Nina Sandberg tar ikke gjenvalg

Utdanningspolitiker Nina Sandberg (Ap) vil slippe nye koster til fra høsten 2021.

Universitetene er ikke et middel for politikere

- Finansieringssystemet til universitetene må ikke bli brukt til politisk styring av utdanningstilbud, skriver tre representanter for sammenslutningen New University Norway i denne ytringen.