Ytring:

Språklege rettar – og plikter

Ein tek ikkje livet av eit språk ved å syte for at det blir meir brukt, skriv Randi Solheim og Øystein A. Vangsnes.

Øystein A. Vangsnes og Randi Solheim.
Publisert Sist oppdatert

Skrive av: Randi Solheim, førsteamanuensis ved NTNU, og Øystein A. Vangsnes, professor ved UiT/HiSF (medlemmer av Fagrådet for skule og offentleg forvaltning i Språkrådet)

Lat det ikkje vere tvil: Ein tek ikkje livet av eit språk ved å syte for at det blir meir brukt. I to innlegg om studentane sine rettar til eksamensoppgåver på eiga målform presenterer Kai A. Olsen fleire sjølvmotseiande påstandar som vi vel å ikkje gå nærare inn på her.

LES INNLEGGENE HER:
Nynorsk i en datatid
Å ta livet av et språk
LES OGSÅ: Liksom-nynorsk og språklege rettar

Ut frå debatten ser vi likevel behov for å presisere at denne diskusjonen ikkje handlar om UH-tilsette sine arbeidsbyrder eller (manglande) språkkompetanse, men om studentane sine språklege rettar. Desse følgjer av offisiell norsk språkpolitikk, og omstendelege politiske prosessar ligg bak. Når ein av debattantane meiner det trengst «ei grundig evaluering på høgt nivå», er det derfor uklart kva han meiner manglar på dette feltet.

Studentar har også andre rettar. Dei har til dømes rett til å klage på eksamensresultat. Når denne retten blir brukt, fører til det meirarbeid og ekstrakostnader for institusjonane. Men det er gode grunnar til at denne og andre rettar er der. UH-tilsette pliktar å ivareta studentrettane, også i tilfelle der den enkelte måtte oppleve det som ein byrde. Slik er det, og slik må det vere.

Både Olsen og andre debattantar vil studentane – og nynorsken – vel. Men ved stadig å utsette nynorskbrukande studentar for situasjonar der dei må argumentere for lovfesta språklege rettar, eller eksamenssituasjonar der dei ikkje kan stole på at oppgåvene er formulerte på ein forsvarleg måte, legg vi eit stort press på dei. I mange tilfelle kan dette medverke til at dei gir opp å halde på målforma si – og at vi mister eit stykke språkleg mangfald.