Karrieredagane ntnu

Ubekymra gløsingar på Karrieredagane

I ei meiningsmåling på Karrieredagane svarte flesteparten at ein ikkje bør vere bekymra for tap av arbeidsplassar grunna automatisering og KI.

Håvard Utne Øxnevad (27) er tilsett i BDO, han kosar seg med å sjå kva studentane meiner om arbeidsplassar i framtida og auka automasjon. Då biletet vart teke var det tydeleg siger til dei som meiner at dette ikkje er noko å bekymre seg for.
Publisert

«Bør vi vere bekymret for tap av arbeidsplassar i Noreg på grunn av automatisering og AI?»

Håvard Utne Øxnevad (27), som spør tykkjer rett svar er «ja».

Teltet på Frimerket var stappfullt av studentar og tilsette frå ei rekke bedrifter.

Han har arbeidd i BDO i to år etter han fullførte den femårige graden i industriell økonomi og teknologileiing (Indøk) ved NTNU.

- Det skal seiast at spørsmålet her kan tolkast ulikt, eg trur ikkje alle tenkjer at tap av arbeidsplassar ikkje er noko bekymring, men at dei til dømes tenkjer at ein kan finne løysingar eller at det ikkje gjeld dei spesifikt. 

Bygde sjakkrobot i sommarjobben

Mina Wøien (24) studerer datateknologi ved Universitetet i Stavanger og har hatt sommarjobb i IT-konsulentselskapet Miles.

Denne roboten vann mot dei fleste parti, men nokre var lure nok til å ta den på sitt lågaste nivå.

Standen til Miles var ein av dei mest populære i dag. Dei kunne nemleg vise fram ein robot som dei besøkande fekk spele mot. 

Roboten har 20 nivå og brukarar sensorar i sjakkbrettet for å bestemme kva trekk den skal utføre ved hjelp av robotarmen sin.

- Eg tapte på nokre sekund då eg tok eit parti mot roboten på det høgste nivået, seier Knut Andre Askeland. Han har vore tilsett i Miles i tre år og skryt av den flate strukturen i selskapet. 

- Draumen å få dele ut kaffi til alle som vil!

Jacobsen og Svart var også på plass med kaffistand og serverte ein lang kø med kaffétørste studentar og andre som var på arrangementet. 

Dag Olav Kolltveit jobbar på spreng med å lage kaffi til gjestene.

Dag Olav Kolltveit kosar seg som berre det og seier det er ein fryd å få dele ut kaffi utan å måtte tenke på betaling og slikt, men berre lage god kaffi til folket.

- Frivillig, sånn halvveis vertfall!

Fjerdeklassingane på Indøk tek del i organisasjonen Karrieredagane NTNU på frivillig basis. 

Jakob Chura og Lars Berg er med på å arrangere Karrieredagane NTNU.

Jakob Chura (22) og Lars Berg (26) gjer ei rekke oppgåver på arrangementet og seier at sjølv om dei gjer jobben i god norsk dugnadsand ligg det ein klassetur til Lisboa i vente som blir finansiert av blant anna Karrieredagane. 

- Klasseturen blir ein kombinasjon av fagleg innhald og fritid til å gjere litt som ein vil, så dette gler vi oss spent til!

Spanande bedrifter, men kaffien står i fokus

Elias Drøpping (21) og Jørgen Aagesen (21) studerer elektronisk systemdesign og innovasjon og har delteke kvar dag under arrangementet. 

F.v. Elias Drøpping og Jørgen Aagesen nyt kaffien frå Jacobsen og Svart.

Drøpping seier Forsvarets Forskingsinstitutt truleg har vore det mest tiltrekkande av dei ulike bedriftene dei har sett på stand.

- I dag var kaffien frå Jacobsen og Svart det store målet med besøket, og det var digg å få seg god kaffi med sjokoladecroissant på sida.