– Politikarar blir oftare henta frå partiapparatet

Det har vore ein sterk vekst i talet på tilsette medarbeidarar i partia som bidrar til utvikling av politikk og strategi. Det er eit av forskingsfunna i boka «Makt og opposisjon».
- Politikarparadokset er at dei både skal appellera til veljarane og presentera eit program som er i veljarane sine interesser, konstaterer UiO-professorane Ellen Haugsgjerd Allern og Øyvind Østerud i boka

- Politikarparadokset er at dei både skal appellera til veljarane og presentera eit program som er i veljarane sine interesser, konstaterer UiO-professorane Ellen Haugsgjerd Allern og Øyvind Østerud i boka "Makt og opposisjon. De politiske partiene som demokratiske paradoks".  Foto: Martin Toft, Uniforum

Det er UiO-professorane Øyvind Østerud og Elin Haugsgjerd Allern, saman med forskar Jo Saglie frå Insittutt for samfunnsforsking, som har redigert boka «Makt og opposisjon. De politiske partiene som demokratiske paradoks». Dei har også sjølve skrive eigne fagartiklar saman med andre forskarar. Dei har også fått bidrag frå praktikarar, både blant politikarar og politiske kommentatorar, skriv Uniforum.

Boka er gitt ut som eit alternativ til eit festsskrift for statsvitskapsprofessor Knut Heidar på 70-årsdagen hans. Det er nettopp studia av politiske parti som har vore spesialfeltet hans. Professorkollega Øyvind Østerud er godt nøgd med resultatet.

Paradokset

– Me har sett på partia sine forhold til veljarane sine på den eine sida og til partiorganisasjonen og dei tillitsvalde på den andre sida. Paradokset er at dei både skal appellera til veljarane og presentera eit program som er i veljarane sine interesser. Og samtidig har mange av stortingsrepresentantane ingen annan yrkesbakgrunn enn erfaringar frå politikken. Mange av dei har dermed også blitt tilsette som politikarar. Talet på medlemar i partia går også ned, medan veljarane er mindre lojale enn før og skiftar gjerne parti frå val til val. Det er dette paradokset me fylgjer i boka, fortel Øyvind Østerud til Uniforum.

Både han og dei andre forskarane som har publisert artiklar i boka, viser at partiapparata er blitt meir profesjonelle enn tidlegare. – Dei har eit større profesjonelt apparat av rådgjevarar og politikarar enn før. Det har me også bede politikarane reflektera over i bidraga dei har kome med, fortel han.

For boka har både fagartiklar om utviklinga i dei politiske partia i Noreg samanlikna med andre land og artiklar frå praktikarar, det vil seia både politikarar som Bård Vegard Solhjell (SV) , Kristin Clemet (H), Torbjørn Røe Isaksen,(H) Helga Pedersen (Ap) og generalsekretær Fredrik Färber i FrP og ein politisk kommentator, Gudleiv Forr frå Dagbladet. Dei har skrive personlege essay basert på refleksjonar og erfaringar rundt hovudtema i boka. 

– Lite kontroll med støtta

–Partiapparatet er mykje sterkare enn før fordi dei får meir partistøtte frå staten. Det er også lite kontroll med denne støtta slik som me har sett av Aftenpostens avsløringar dei siste månadene. Eit fleirtal av partia vil heller ikkje at lobbyorganisasjonane skal visa fram kundelistene sine. Det tyder på at partia vil ha minst mogleg innsyn i dette, peikar han på. – Partia er blitt yrkesorganisasjonar der folk rekrutterer kvarandre, noko som er kjempeinteressant, legg han til.

Dilemma

Øyvind Østerud synest også partia er blitt meir opptatt av medieeksponering enn det dei var tidlegare.

– Dei går på mediekurs medan medieutviklinga fører til at politikarane heller kjem med korte politiske utspel enn at dei tenkjer i eit langsiktig perspektiv. Det blir også eit dilemma om dei skal tenkja på kortsiktige innspel eller venda seg til partiapparatet med eit langsiktig perspektiv når dei deltar i media.

Øyvind Østerud og Anders Ravik Jupskås har i artikkelen «Reaksjoner på høyrepopulismen – og konsekvenser for partisystemet». mellom anna sett nærare på Framstegspartiet sin partiorganisasjon.

Frp eit sosialdemokratisk parti

Sjølv har Østerud også samanlikna situasjonen til Framstegspartiet i Noreg med situasjonen til Nasjonal Front i Frankrike.

– No er Framstegspartiet med i regjeringa i Noreg, medan Nasjonal Front i Frankrike framleis vert frosen ut. I Noreg har Framstegspartiet mange medlemar som er fagorganiserte, medan Arbeidarpartiet ikkje lenger brukar ordet arbeidarklasse i partiprogrammet sitt. Det er i større grad blitt eit sosialdemokratisk parti for middelklassen, konstaterer Øyvind Østerud.

Indre sirkel av organisasjonar

Medredaktøren av boka, professor  Elin Haugsgjerd Allern har saman med postdoktor Vibeke Wøien Hansen skrive artikkelen «Organiserte interesser. Hvem har best tilgang til partiene.» I konklusjonen slår dei fast at at det framleis er eit tydelege skilje mellom kva parti ulike organisasjonar har kontakt med:

– Dagens parti har framleis band til og kontakt med organiserte interesser, men gjerne med eit breitt spekter av grupper. Samtidig synast det å eksistera ein indre sirkel av organisasjonar som er mykje tettare på dei politiske partia enn resten av organisasjonssamfunnet, presiserer Elin Haugsgjerd Allern når ho forklarar Uniforum nærmare innhaldet i  fagartikkelen ho har skrive saman med Vibeke Wøien Hansen. I fagartikkelen går dei også vidare på det same temaet: 

«Ulike kategorier av interesser har dessuten ikke like sterke bånd til alle partier, og vi ser at fagforeningene fortsatt er tettest knyttet til Arbeiderpartiet og næringsorganisasjonene til Høyre. Samtidig er Ap et av de partiene med mest strukturert samhandling med interessegrupper, på tvers av gruppetyper. Med andre ord forhindrer ikke det spesielt velorganiserte forholdet til fagforeningene (i LO) at de pleier strukturert kontakt med andre organisasjoner også, om enn kanskje ikke i samme grad», står det i artikkelen.

Boka «Makt og opposisjon. De politiske partiene som demokratiske paradoks» er gitt ut på Universitetsforlaget, og den blei lansert på Litteraturhuset i Oslo 30. april, skriv Uniforum.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Gjesteskribenten:

Jeg ble redd etter at jeg skrev om sang i skolen

Da Nora Kulset skrev et lite blogginnlegg om sang i skolen, erfarte hun at det finnes nettroll der ute som skriver stygge e-poster. Skikkelig stygge e-poster.

Ytring:

Fem spørsmål til den som vil bli rektor ved NTNU (ok, sju da)

Nina Lager Vestberg kommer med sine innspill til spørsmål som bør stilles i intervjurunden.

Rektorjobben ved NTNU:

Aalborg-rektor sier han ble oppfordret til å søke

- Det er vanskelig å si nei når man får en slik mulighet, sier rektor Per Michael Johansen ved Aalborg Universitet om jobben som rektor ved NTNU.

Over 500 har signert kampanje for likelønn blant stipendiater

Da det ble klart at 30.000 kroner kunne skille to stipendiater ansatt med noen dagers mellomrom startet en gjeng stipendiater i Agder underskriftskampanjen mot lønnsforskjeller. I skrivende stund har kampanjen 547 underskrifter.