Ytring

Semesterplan – eit dikt

Eit dikt i anledning semesterstart.

Lars Lundheim ytrar seg i form av eit dikt.
Publisert

Den røynde professoren Fabian Fure
er ein av dei mange litt skuffa og sure

professorar, desse som sukkar og klagar
og lengtar attende til ljosare dagar,

i dag når han nett som professorar flest er
i gang med ein plan for sitt neste semester.

Han drøymer om den gong han sjølv var student.
Då kunne det visseleg aldri ha hendt

at nokon let vera å møta i klassa
fordi dei laut sitja på REMA – i kassa!

Og kva skal han svara studenten, ja han
som ikkje veit skilnad på «brente» og «brann»?

Det er som han reint misser vyar og von,
for ingen har lært polynomdivisjon.

Men no lyt han vera heilt klinkande klar:
«Me kan ikkje senka nivået me har!»

Han skriv mens han syg på si sloknande snadde,
ein plan for studentar han ynskjer han hadde.

Les òg Lars Lundheims dikt om campusprosjektet: Nye, fagre campus.