Ingvild sørgjer for at campus er reint og ryddig til studiestart i august: - Ein veldig bra sommarjobb

Ingvild Lauvstad Sunde er ein av mange sommararbeidarar som lukar bed, vaskar vindauge og ordnar på campusane før studiestart i august.

Ingvild Lauvstad Sunde nyt yogurten sin i ein rask pause frå arbeidet på toppen av trappa som leiar opp til hovudbygget.
Publisert Sist oppdatert

Ingvild Lauvstad Sunde (21) fortel at det er god løn, kjekke folk og ein alt i alt bra sommarjobb å vere sommararbeidar hjå NTNU.

21-åringen studerar ved Noreg sitt miljø-og biovitenskapelige universitet (NMBU) i Ås og er nettopp ferdig med tredjeåret i den femårige integrerte masterprogrammet i by- og regionplanlegging. På fritida skriv Sunde for studentavisa Tuntreet.

Ein fleksibel, bra jobb

- Det er veldig greit å arbeide her, eg fekk velje når eg kunne arbeide sjølv. Det passa svært bra for meg med det å flytte ut av hybelen min og alt eg må ordne til utveksling.

Sommararbeidaren brukar ei rekkje verktøy for å skrape opp ugraset i trappa som går til hovudbygget.

- Eg var klar for at det skulle vere ein kjedeleg jobb, men det var heilt feil.

Er det kjekt å få avveksling frå å sitte på lesesal?

- Ja! Det er deilig å arbeide ute, spesielt når været er som no. Varmt og godt, men ikkje slik at eg blir solbrent. Når det høljar ned er det ei anna sak.

Sunde, som har vekse opp i Trondheim, fortel at det er ein jobb med mykje variasjon. Ho har fått gjort mykje ulikt, og på mange ulike NTNU-eigde områder som Dragvoll, Kristiansten festning og på ulike delar av Gløshaugen.

Medan ho arbeidar får ho høyrd på musikk, og har i tillegg høyrd gjennom ei av bøkene i Shadow and Bone trilogien på lydbok. Det gjer at alt blir artigare, fortel 21-åringen.

Sparar til utveksling

Du seier det er bra løn, kva skal pengane gå til?

- I august reiser eg til Helsinki for å ta mitt åttende semester, fortel Sunde.

Så du sparar til det?

- .. ja, og eg kan jo kjøpe ein mummikopp eller to, seier ho og ler.

Sunde fortel også at ho kunne tenke seg å få reist på festival, og at det ikkje blir utenlandstur i år.

- Utanom Sverige, seier ho, som ho ikkje heilt reknar som utlandet sidan det enda er i Norden.

Her plukkar Sunde ugras i trappa opp til hovudbygget på Gløshaugen.