Riksrevisor om UH-forvaltning

UH-sektoren må fylgja opp selskapa sine betre

Riksrevisjonen slår fast at universiteta og høgskulane ikkje er gode nok til å fylgja opp selskapa dei eig.

Riksrevisor Per Kristian Foss, her flankert av Therese Johnsen og Bjørg Selås fra Riksrevisjonen på pressekonferanse tirsdag.
Publisert Sist oppdatert

Riksrevisjonen har kontrollert forvaltinga av statlege selskap for 2013. Den har gått gjennom 29 av rundt 100 selskap som blir eigde av 14 universitet og høgskular. I dei 29 selskapa som Riksrevisjonen har kontrollert, har staten den dominerande eigarskapen. For Universitetet i Oslo gjeld det Unirand AS, Inven2 AS og Oslotech AS. For Universitetet i Bergen handlar det om blant andre Uni Research AS og Christian Michelsen Research AS. NTNU har fått gjennomgått eigarskapen sin i mellom andre NTNU Samfunnsforskning AS og NTNU Technology Transfer AS. Stort sett er Riksrevisjonen nøgd med graden av fagleg relevans desse selskapa har til eigarinstitusjonen.

– Må ikkje bli subsidierte i strid med regelverket

Generelt peikar derimot Riksrevisjonen på at styringa og forvaltinga av selskapa kan bli betre. Eigarinstitusjonane må også bli flinkare til å styrkja oppfylginga av selskapa. – Det gjeld særleg at selskapa oppnår dei tilsikta resultata og at selskapa ikkje blir subsidierte i strid med regelverket, sa riksrevisor Per Kristian Foss på ein pressekonferanse tidlegare i dag. Då viste han fram eit døme på eit selskap eigd av Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) som han meinte det ikkje kunne forsvarast fagleg å vera eigar av.

 – Kvifor er NMBU eigar av Sem Gjestegård AS? Deira faglege oppgåve er ikkje å driva ein konferansestad. Jorda er for lengst seld, peika Per Kristian Foss på.

For lite merksame på ulike roller

I rapporten frå Riksrevisjonen blir det også vist til at det er for lite medvit om dei ulike rollene til eigarinstitusjonen. Undersøkinga viser at berre to av selskapa har styremedlemar som ikkje er tilsette ved eigarinstitusjonen. I åtte av selskapa er ein av styremedlemane også med i universitetsleiinga.

Riksrevisjonen understrekar at når same person er både styremedlem i eit selskap og del av leiinga hos eigarinstitusjonen til det same selskapet, «er det svært viktig å være bevisst på hvilken rolle en har, for at det ikke skal bli utydelighet i beslutningsprosessen.» Det blir trekt fram at to av eigarinstitusjonane ynskjer å skilja formelt mellom selskapa si faglege/strategiske oppfylging og kontroll av selskapa. Riksrevisjonen vurderer det slik at eigarinstitusjonane, det vil seia universiteta og høgskulane, i større grad må klargjera rollene for å sikra at vegen fram til avgjerder blir tatt, er ryddig.

Ynskjer betre oppfylging frå Kunnskapsdepartementet

Universiteta og høgskulane må betra oppfylginga av selskapa sine mål, resultat og økonomi, tilrår Riksrevisjonen. Og dessutan må Kunnskapsdepartementet i større grad fylgja opp eigarinstitusjonane si rapportering av selskapa sine mål og resultat.

- Kunnskapsdepartementet viser til stortingsvedtak i samband med Kvalitetsreforma, der målet var å gi endå større autonomi og ansvar til universiteta og høgskulane. Dei har difor fått stor fridom i faglege, økonomiske og organisatoriske spørsmål. Men det vil ikkje seia det same som at Kunnskapsdepartementet ikkje skal fylgja opp korleis dei brukar pengane dei har fått løyvde frå Stortinget, understreka riksrevisor Per Kristian Foss.

Les mer på Uniforum.