Å forskyve dagen er ikkje uproblematisk

At studentar og tilsette fortel om dagar med arbeid og undervising frå tidleg om morgonen til seint om kvelden, ser ut til å verte ignorert, skriv Cecilie Bjørnsdotter Raustein i Studenttinget.

NTNU må gjere ein grundig jobb med å kartleggje all undervising etter klokka 16:00, skriv Cecilie Bjørnsdotter Raustein.
Publisert Sist oppdatert

Den 29. oktober skriv Universitetsavisa at konstituert prorektor for utdanning ved NTNU, Berit Kjelstad, meiner at kveldsundervising ikkje bør vere eit problem om ein har moglegheit til å forskyve dagen, slik at ein òg startar seinare. Det reagerer vi studentar på.

For det første er vi ikkje samde i at dette faktisk er uproblematisk, og for det andre ser det her ut til at problematikken som vart skildra i Universitetsavisa den 22. oktober der studentar og tilsette fortel om dagar med arbeid og undervising frå tidleg om morgonen til seint om kvelden rett og slett vert ignorert.

DTU (Danmarks tekniske universitet) har innført kveldsundervising fram til klokka 22, og det har tidlegare vorte uttalt at ein ynskjer å unngå dette ved NTNU. I utgangspunktet vart det sagt at dette ikkje skjer i noko stor grad, men i etterkant kom det tilbakemeldingar frå studentar og tilsette som har dette jamleg. Det at leiinga på institusjonen tilsynelatande ikkje er klar over omfanget i dette er problematisk i seg sjølv, og vi stiller oss spørjande til i kor stor grad ein kan forsøke å unngå noko ein ikkje ein gong har eit bevisst og realistisk forhold til.

Er det ein glipp?

Når fleire tusen studentar har kveldsundervising (og dette vert definert som undervising som startar 17:15 eller seinare slik at undervising 16:15-18:00 ikkje ein gong er medrekna) er ikkje dette eit lite unntak som hovudsakeleg gjeld spesialundervising. Det har òg kome fram at både tilsette og studentar får lange dagar, i fleire høve 12 timar eller meir, på grunn av dette. Det er heilt openbart at dette går ut over konsentrasjonen og motivasjonen både for undervisarar og studentar, og i sin tur òg kvaliteten på studentane si læring.

Eg har sjølv uttalt meg om at vi i Studenttinget er sterkt kritiske til kveldsundervising, og særleg i det omfanget DTU har innført med undervising heilt til klokka 22. Dette vil gå ut over aktiviteten i studentfrivilligheita, som for mange studentar er det aller viktigaste for å trivast i studietida, og det vil òg gå ut over deltidsjobbane som dei fleste studentar treng for å kompensere for at studiestøtta ikkje er høg nok til å dekkje levekostnadane for den gjengse student. I tillegg har mange studentar små barn, og både dette og andre forhold kan gjere at det ikkje er praktisk mogleg å møte i undervising om kvelden.

Når dette er sagt må eg likevel trekkje fram nokre sider ved kveldsundervisinga ved DTU som NTNU bør lære av om ein skal halde fram med slik unntaksvis (og det vere unntaksvis) undervising utanfor normal arbeidstid. Ved DTU har studentane fått vere med på å setje retningslinjer for kveldsundervising, og her finn vi blant anna krav om at ein ikkje skal ha tidleg undervising påfølgjande dag og at nye studentar ikkje skal ha kveldsundervising. Ved NTNU har blant anna Talteori, eit fag med 200 studentar der dei fleste tek faget i sitt aller første semester, begge sine førelesingar klokka 18:15-20:00. Er det dette nye studentar skal møte ved NTNU? Eg håpar verkeleg at dette er ein glipp. Eg håpar òg at ein framover tek inn over seg at ein faktisk må tenkje på menneska som skal møte i læringsaktivitet i timeplanlegginga, og ikkje berre på ein kabal som skal gå opp.

Forekomsten bør gå ned

Vi meiner at NTNU må gjere ein grundig jobb med å kartleggje all undervising etter klokka 16:00 der ein viktig del må vere at ein ser på kor lange dagar tilsette og studentar faktisk har, og at vi studentane vidare vert involvert i å setje krav til kva som må vere på plass om ein skal opne for kveldsundervising i unntakshøve. Det er ikkje godt nok å seie at det er uproblematisk å forskyve dagen når det ikkje er det som faktisk skjer, og når ein heller ikkje har kunnskapsgrunnlag til å seie at det ikkje er eit problem å gjere det. Vidare forventar vi at førekomsten av jamleg kveldsundervising går ned, og særleg for førsteårsstudentar. Vi studentar er særs positive til at det skal leggjast til rette for ein levande campus og aktivitet på kveldstid, men dette må skje på studentane sine premiss. Det må vere frivillig, og gjerne i form av nettopp studentfrivilligheit, og ikkje gjennom tiltak som kveldsundervising som heller er til hinder for studentane sine eigne aktivitetar på kveldstid.