Ytring
Angsten for å gjere feil er så stor at ein går glipp av det rette
Det tok seks månadar å få på plass all informasjon om PhD-kandidaten dei ville tilsette. Då var det for seint. - Vi klarer ikkje rekruttere dei beste kandidatane med slike prosessar, seier professor Oddbjørn Bruland.
Foto: Marthe Kristine Nes Bjerva
Dette er en ytring. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens mening.
Universitetsavisa har tidlegare skrive om tilsettingsprosessar som dreg ut i det uendelege.
Dette leia til møte med HR seksjonen ved fakultetet der det vart gjort forsøk på å forklare kvifor og kva vi som professorarar kunne gjere for at det skulle gå raskare.
Enig eller uenig?
Send oss din ytring på
Men ingen av desse marginale tankane kunne eller kan gjere noko med det grunnleggande problemet som eg trur heile universitetssektoren opplever – manglande tillit til akademisk tilsette. Når eg i relevante samanhengar nemner dei utfordringane eg og mine kollegaer møter, ser eg bifallande nikk og samstemmande smil i salen, dei kjenner så altfor godt igjen utfordringane.
Det konkrete tilfellet denne gangen er tilsetting av PhD. Som professor har du fått heile ansvaret for alt frå utforming av annonse til oppfølging i Jobbnorge, sortering og utvelging av kandidatar, intervju- med alle dei teknikalitetar som følgjer med i Jobbnorge, fram til innstilling av kandidatar.
Om ein var så heldig å tilsette PhD-ar jamt, aller helst årleg, ville dette vore ein grei prosess som du kunne handtere utan å bruke mykje ekstra tid på dette, men når det kanskje er eit par år sidan sist, noko som er meir normalt, og prosessane er blitt reviderte, som er heilt normalt, så sit det ikkje i fingrane og ein risikerer ofte at prosessen tek tid. For lang tid, sidan der er minst ein administrativ person som ein gong i ny og ne sjekkar at du har tikka av dei rette boksane og som ikkje slepp deg vidare før desse, stort sett uvesentlege formalitetane, er godkjent.
Men etter eit godt år med fleire tilsettingar har eg som ein av få blitt "Jobbnorge-ekspert", og dette gjekk smertefritt. Gjennomgang og sortering av svært mange gode søkarar og intervju vart raskt gjennomført og innstillinga var klar mindre enn ein månad etter søknadsfristen gjekk ut, men då stoppa alt opp. Den beste kandidaten hadde ikkje lagt ved dokumentasjon på studiepoeng i bachelor-graden frå universitetet i Etiopia. Sjølv om både mastergrad frå same universitet var gjennomførd og med topp karakterar, og kandidaten hadde endå ei mastergrad etter dette frå eit av dei mest prestisjetunge universiteta i Europa innan fagområdet, så hang dette på dokumentasjon av studiepoeng frå bachelor- graden.
Mastergraden frå IHE Delft kunne ikkje tellast med, for denne var på 108 studiepoeng og ikkje 120 som NTNU krev. At eit av dei mest prestisjetunge universiteta allereie hadde godkjent gradene frå Etiopia kunne NTNU heller ikkje ta omsyn til. At IHE Delft ikkje reknar med studiepoeng frå fag som reellt sett ikkje betyr noko for dei fagleg kvalifikasjonane slik NTNU gjer, betyr heller ingen ting. For her er det ikkje rom for individuelle vurderingar og pragmatiske tilnærmingar.
Etiopia er eit land med stor politisk uro og ikkje det enklaste å kome i kontakt med eller hente informasjon frå. Når dei har eit litt anna system enn vårt, gjorde ikkje det situasjonen enklare. Dermed tok det fem månadar med epostar mellom ulike administrative ledd på NTNU, og intern og ekstern venting på respons, før vi tok saka i eigne hender og fekk etiopiere vi tidlegare har utdanna i programmet til å ta personlege kontakt med universitetet i Etiopia.
Dermed fekk vi denne etter vår oppfatning uvesentlege informasjonen som skulle til for at nokon skulle vere sikre på at dei ikkje hadde gjort ein feil.
Problemet var at livssituasjonen til kandidaten hadde endra seg i løpet av desse etterkvart 6 månadane, og jobbtilbodet vart avslege. Når tilsvarande gjaldt for nr. 2 på lista også, har vi gått glipp av to eksepsjonelt gode kandidatar. Det kan virke som det er viktigare å finne grunnar til kvifor ein ikkje skal ta opp ein student eller doktorgradskandidat enn det motsette - som burde vore målet.
Når vi ikkje klarer rekruttere dei beste kandidatane på grunn av slike prosessar har vi heller ingen sjangs til å vinne konkurransen om prosjekt i eit stadig tøffare konkurransemiljø. Med dei utsiktene vi har til krav om BOA- inntekter for å overleve kan vi like godt legge ned....
Eller vi kan lære av våre feil, bli meir pragmatiske, stole meir på dei som reelt sett ber ansvar både for prosjekt og inntekter, kutte formalisme og bli mindre redde for å gjere formelle feil og samtidig kutte mange unødvendige ledd i prosessane og dei kostnadane som føl med desse.
Og tilsettingar er ikkje einaste området at mangel på tillit ved universiteta leiar til uendlege og kostnadskrevande prosessar som skaper 0 verdi, men kostar langt meir enn det dei sparer. Det er trass alt betre å få ein ting rett, enn å oppnå feilfrie ingenting.