Leiinga snur: Vil ikkje leggja ned universitetets barnehage
UiO-leiinga vil likevel ikkje leggja fram forslag om å leggja ned barnehagetilbodet ved Universitetet i Oslo. Det stadfestar universitetsdirektør Arne Benjaminsen i ei melding til foreldra til barna ved Universitetets barnehage og Blindern barnestuer.
Universitetets barnehage blir likevel ikkje føreslått lagt ned. Det går fram av ei melding universitetsdirektøren har sendt til foreldra i dag. I dag var det gledesdemonstrasjon utanfor Blindern barnestuer.Foto: Ola Gamst Sæther
Martin ToftMartinToftJournalist i Uniforum
Publisert
Det var for to veker sidan foreldra til barna i Universitetets barnehage fekk ein epost frå UiO-leiiinga om at barnehagen ville bli føreslått nedlagt frå og med sommaren 2027. Også støtta til Blindern barnestuer stod i fare for å forsvinna. Til saman ville UiO ha spart 11 millionar kroner i året på desse tiltaka.
I formiddag fekk foreldra ei kontramelding frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen. I meldinga som Uniforum har fått ein kopi av, står det at dei vil klargjera at UiO likevel ikkje kjem til å koma med forslag om å leggja ned barnehagetilbodet på UiO.
Det vil heller ikkje bli føreslått endringar i finansieringa av Blindern barnestuer, går det fram av meldinga frå universitetsdirektøren. Han skriv også at UiO vil sjå nærmare på organiseringa for Universitetets barnehage slik at den kan drivast vidare i lovlege former. Dette vil me gjera i dialog med barnehagen, lovar han.
Den tillyste demonstrasjonen mot barnehagenedlegging i dag, blir dermed ei jubelfeiring for at UiO ikkje vil leggja ned barnehagetilbodet for barna til tilsette ved Universitetet i Oslo.
Det er ein glad statsvitskapsprofessor og far, Tore Wig Uniforum treff i barnehagen rett etter at aksjonen er over.
– Det er veldig gledeleg og positivt, og det viser at universitetsleiinga høyrer på argumenta frå dei tilsette. Det er veldig viktig. Så dette er supert, synest han.
– Trur du forslaget om nedlegging og kutt av støtte vil koma opp på nytt?
– Det kjem opp med jamne mellomrom, men då må dei gå gjennom det same på nytt med stor motstand då også. Dette er ikkje store utgifter på UiOs budsjett. Så dette lønner seg, understrekar Tore Wig.
Det blei pur glede i staden for protest då foreldre i Blindern barnestue, barna deira og tilsette demonstrerte for barnehagetilbodet for dei tilsette ved UiO. Kontrameldinga om at det ikkje blir nedlegging kom under ein time før demonstrasjonen starta.Foto: Ola Gamst Sæther
– Kjempeglad og heilt fantastisk
Rett utanfor Blindern barnestuer møter Uniforum også to glade mødrer. Ei av er Vilde Nenseth i IT-avdelinga.
– Eg er sjølvsagt kjempeglad for dette og at universitetsleiinga har høyrt på oss. Så det er fint. Me blei glade og overraska då nyhendet kom. Men me har jobba hardt for å få argumenta våre ut, då, seier ho.
Den andre mora er Francis som arbeider ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet.
– Det er heilt fantastisk. Eg har eit barn som nettopp har begynt her, og eit barn som tidlegare var her i tre år. Dette er den beste barnehagen. Og det er nyttig å ha den her på Blindern, nær jobben. Og personalet er fantastisk, ropar ho til ein av dei tilsette som kjem trillande med eit barn i ei barnevogn.