Ytringsfridomskommisjonen vil styrkja retten til innsyn i forvaltninga og rettsapparatet

Toleranse og mangfald må inn i Grunnlovas paragraf 1oo. Det bør opprettast eit eige ytringsfridomsråd for internett, og det må gjerast tiltak som kan sikra retten til offentleg innsyn betre enn i dag. Det er nokre av forslaga Ytringsfridomskommisjonen la fram i forgårs.

YTRINGSFRIDOM: Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (t.h.) får overlevert rapporten "En åpen og opplyst samtale" frå kommisjonsleiar Kjersti Løken Stavrum. Ho har leia arbeidet med å greia ut situasjonen for ytringsfridomen i Noreg.
Publisert

Etter å ha klart å halda innhaldet i rapporten frå Ytringsfridomskommisjonen pottetett, kunne kommisjonsleiar Kjersti Løken Stavrum under Arendalsuka i går ettermiddag endeleg avsløra kva forslag kommisjonen kjem med for å gjera situasjonen for ytringsfridomen endå betre i Noreg.

Det skriv Uniforum.

Fakta

Ytringsfridoms-kommisjonens medlemar:

Kjersti Løken Stavrum leiar

Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid

Eirin Eikefjord

Anki Gerhardsen

Nils Johan Heatta

Bente Kalsnes

Sebastian Klein

Marianne Knudsen

Adele Matheson Mestad

Bård Borch Michalsen

Steinar J. Olsen

Shabana Rehman

Kjetil Rolness

Vebjørn Selbekk

Jan Inge Sørbø

Sarah Zahid

Ragna Aarli

Ivar A. Iversen, sekretariatsleiar

Kristine Foss

Magnus Hoel

Forslag og tilrådingar:

- Ytringsfridomsråd for internett

- Toleranse og mangfald inn i teksten i grunngjevinga i Grunnlova §100

- Vil ha ny klageordning for avslag på innsyn

- Vil fjerna forbodet mot politisk TV-reklame og livssynsreklame

- Oljefondet må bruka eigarskapen sin til å påverka dei globale nettselskapa.

Plakatar for ytringsvett og tiltak for ytringskultur i arbeidslivet.

- Rapporten skal no sendast til høyring før forslag og tilrådingar vert vurderte av regjeringa.

(Kjelder: "En åpen og opplyst offentlig samtale" og Kjersti Løken Stavrum)

I rapporten «En åpen og opplyst offentlig samtale» står det at det første kommisjonen føreslår å endra er ordlyden i ei 20 år gammal føresegn i grunngjevinga til paragraf 100 i Grunnlova: Då la medlemane i den førre ytringsfridomskommisjonen i rapporten «Ytringsfrhed bør finne sted» frå 1999 fram eit ekstra forklarande tillegg. Ytringsfridomen er grunnleggjande fordi han bidreg til sanningssøking, demokrati og fri meiningsdanning for individet. Det tillegget blei lagt inn i Grunnlovas § 100 i 2004.

Der vil ein samla kommisjon også ha med toleranse og mangfald. Kommisjonen viser til at ytringsfridomen trenar evna vår til toleranse, til å tola meiningar som byr oss imot og møta dei med ord i staden for undertrykking eller vald. Dette er ei avgjerande evne i eit mangfaldig samfunn. Omsynet til toleranse og mangfald tilseier at det må vera nokre juridiske yttergrenser for ytringsfridomen for å verne verdigheita til alle menneske, går det fram av samandraget til utgreiinga frå Ytringsfridomskommisjonen.

Der vert det også understreka at kommisjonen ikkje har «hatt som mandat å endre sjølve Grunnlova, der grunngivinga er nedfelt. Kommisjonen tilrår likevel at ein vurderer å føye til toleranse og mangfald som ein del av grunngivinga i den no 20 år gamle føresegna».

– Må leggjast til rette for brei deltaking

Kommisjonsleiar Kjersti Løken Stavrum la også ut om måla dei hadde i arbeidet med å utgreia situasjonen for ytringsfridomen.

– Det er ein universelt utforma offentlegheit. Ein offentlegheit med høg grad av tilgang og låg terskel for å delta vil tena alle – på tvers av alder og grupper. Premissen for det er ei brei tilknyting til det offentlege. Derfor må det leggjast til rette for brei deltaking. Ei brei deltaking skaper førebudde borgarar som er i ytringsberedskap, sa ho.

Hovudkonklusjonen til kommisjonen er at ytringsfridomen har svært gode vilkår i Noreg i dag.

På vegner av kommisjonen uttalte Kjersti Løken Stavrum at målet med dagens identitetspolitiske kampar bør vera å utvida det retoriske medborgarskapet for fleire grupper, ikkje innskrenka ytringsvernet for andre.

– Kor utbreitt innskrenkingar som kanselleringskultur og scenenekt er i Noreg, er det vanskeleg å seia noko om, slo ho fast.

For at fleire frå sivilsamfunnet skal engasjera seg, kjem kommisjonen med konkrete tilrådingar: Ytringspilotar og skulesekk for ytringsfridom, digital hjelpeportal og tiltak for personar med funksjonsnedsetjingar.

Dei globale plattformselskapas makt må møtast med motmakt

Sidan den førre Ytringskommisjonen leia av Francis Sejersted, la fram rapporten sin for over 20 år sidan, har internett blitt ein sentral infrastruktur for ytringsfridom. Kommisjonen meiner det i hovudsak har vore positivt for informasjons- og ytringsfridomen. I verda finst det tre ulike modellar; ein i USA, ein i Kina og ein i Europa.

Det er no behov for nye reguleringar av infrastrukturen, meiner kommisjonen. Det vert peika på område som verkar inn på ytringsfridomen: Marknadsmakt, algoritmar og forretningsmodell. I tillegg peikar kommisjonen på datainnsamling, nedkjølande effekt og overvaking.

Derfor meiner kommisjonen at dei globale plattformselskapa si makt må møtast med motmakt. Det er noko som ikkje kan løysast med statlege reguleringar og tilsyn åleine. Derfor føreslår kommisjonen at det blir oppretta eit ytringsfridomsråd. Det skal vera ei sjølvstendig stifting som skal gå verksemda til dei store selskapa etter i saumane. Det skal også skaffa seg ei stadig oppdatering av kunnskapsgrunnlaget sitt, står det i forslaget frå kommisjonen.

Vil at Oljefondet skal påverka dei globale selskapa

Når det gjeld kva ansvar Facebook, Google, TikTok og dei andre globale plattformene skal ha, viser kommisjonen til mellom anna EUs forordning for digitale tenester (DSA). DSA og effektivt tilsyn må prioriterast i Noreg ved sida av at handlingsrommet for nasjonale reguleringar blir utforska i tillegg. Kommisjonen meiner at Noreg også må kunna bruka økonomiske maktmiddel overfor dei globale selskapa. Heilt konkret trekkjer den fram Oljefondet og høvet til å påverka gjennom dei eigardelane det har i desse globale selskapa.

Desinformasjon og feiinformasjon er ikkje noko stort problem i Noreg, meiner kommisjonen og viser til forskingsfunn.

Men kommisjonen står fast på at nokre ytringar bør vera straffbare, til dømes hatefulle ytringar. Den føreslår likevel å endra ordlyden i Straffelovas paragraf 185 for å gjera den meir forståeleg og gjera tydeleg kva som faktisk er straffbart. Derfor føreslår kommisjonen å mobilisera sivilsamfunnet, oppretta ein ytringsportal og driva meir forsking på temaet.

Vil tillata å kalla politiet «kålorm»

I straffelovas paragraf 156 og 265 vert du straffa om du ytrar skjellsord mot offentlege tenestepersonar eller særleg utsette yrkesgrupper. Kommisjonen viser til at det har ført til at den som har brukt uttrykk som «tulling», «jævla idiot» og «kålorm» er blitt straffa når dei har vore retta mot politiet. No føreslår kommisjonen at ordlyden i desse paragrafane vert endra, slik at terskelen for det som er straffbart vert heva.

Meir mangfald i media

Ytringsfridomskommisjonen kjem naturleg nok også inn på media si rolle. Det blir framheva at media bør spegla ulike minoritetsgrupper i samfunnet med mangfald både i dekning og i tilsetjingar. Kjeldevernet er avgjerande for at samfunnet får tilgang til viktig informasjon, understrekar kommisjonen.

For kommisjonen er det også viktig med ein sterk og uavhengig allmennkringkastar. Den tilrår å fylgja opp mediemangfaldsutvalets tilråding om å styrkja NRKs formelle sjølvstende. Det gjeld også for NRK Sápmi. Kommisjonen vil oppheva dagens forbod mot politisk TV-reklame og livssynsreklame,

Meiner offentleglova er vanskeleg å praktisera og handheva

Mange journalistar, forskarar, andre yrkesgrupper og privatpersonar har opplevd at det kan vera vanskeleg å få kopi av offentlege dokument frå statlege, kommunale eller fylkeskommunale institusjonar. Det gir offentleglova dei rett til å få, så sant dei ikkje er unnateke på grunn av til dømes personopplysningar eller av omsyn til forretningsløyndomar.

Ifylgje kommisjonen kjem nokre av utfordringane av utforminga av lovføresegnene: Teiepliktreglane er mange og innfløkte, og unntaksreglane er ikkje alltid i tråd med det allmenne informasjonskravet. Offentleglova er også vanskeleg å praktisera og handheva. Ho har til dømes ingen tidsfrist for å behandla innsynskrav. Regelen om meirinnsyn i lova er ein «kan-regel» som, ifylgje rapporten «En åpen og opplyst offentlig samtale» gjer at vurderingane ofte ikkje blir reelle.

Kommisjonen peikar på at det heller ikkje har nokre rettslege konsekvensar å bryta lova. Den lovfesta retten til innsyn i straffesaksdokument har også fleire svake sider. Utfordringane skriv seg også frå praksis: at føresegner som skal sikre openheit og bevaring av dokument, jamleg blir brotne, at innsynskrav blir trenerte i kontroversielle saker, og at teieplikta tidvis blir strekt for langt, er berre nokre indikasjonar, trekkjer kommisjonen fram.

Bør greiast ut ei ny klageordning etter avslag på innsyn

Men kommisjonen er ikkje rådvill, og kjem også her med nokre konkrete forslag.

Kommisjonen føreslår fleire endringar i lovverket for å styrkja retten til innsyn og offentlegprinsippet i praksis, både i forvaltninga og rettsapparatet. Det er også behov for betre opplæring i forvaltninga, å fjerna kostnadene for instansar som vil knyta seg til Einnsyn og å sikre betre teknisk utstyr i domstolane. Av konkrete tiltak meiner kommisjonen det bør greiast ut ein ny klageordning over avslag på innsyn. Den bør organiserast på ein måte som gjer innsynsretten meir effektiv og klagemoglegheita meir uavhengig enn det som er tilfellet i dag, heiter det.

Eit anna tiltak som kan vera mogleg, er å offentleggjera årlege lister over verksemder som bryt offentleglova og andre lover som skal sikra innsyn og openheit, som til dømes arkivlova. Kommisjonen ynskjer derimot ikkje å føreslå økonomiske sanksjonar mot dei som bryt desse lovene.

Kommisjonen er også ein snarvisitt innom ytringsfridomen i kunsten. Den slår fast at ytringsfridomen er godt verna for kunstnarar i Noreg. Den ser likevel eit teikn til ein svak kultur for usemje og låg takhøgd for kritisk diskusjon innanfor enkelte kunstmiljø.

Utvikling i feil retning i arbeidslivet

Når temaet er ytringsfridom i arbeidslivet, peikar kommisjonen på at undersøkingar viser at mange arbeidstakarar legg band på seg og at utviklinga går i feil retning. Dei trekkjer fram ytringskultur, omdømmetenking og misforstått lojalitet som forhold som avgrensar ytringsfridomen i arbeidslivet. Kommisjonen føreslår derfor ei lovendring, tiltak for ytringskulturen og plakatar for ytringsvett.

– Håpar på mange interessante diskusjonar

Etter at kommisjonsleiar Kjersti Løken Stavrum hadde presentert innhaldet i rapporten, blei den overlevert til kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

– Ytringsfridomskommisjonens utgreiing bidrar med viktig kunnskap om og perspektiv på status for ytringsfridomen i Noreg. På mange område gir den grunn til optimisme. På andre område presenterer den oss for klare utfordringar, kanskje særleg når det gjeld situasjonen for menneske med funksjonsnedsetjingar og andre minoritetsgrupper. Eg håpar utgreiinga blir utgangspunkt for mange interessante diskusjonar framover, uttalte statsråd Anette Trettebergstuen i ei pressemelding rett etter overleveringa.

Rapporten vert no sendt ut til høyring før regjeringa skal ta stilling til tilrådingane og forslaga frå Ytringsfridomskommisjonen.