– Etterretningstenester vil vera til stades i studentmiljø
Etteretningstenester vil vurdera kven som vil sitja i posisjonar med stor påverknad i tida framover. Det seier sjefen i Politets sikkerhetsteneste, Beate Gangås, til Uniforum.
RÅD TIL UNIVERSITETA: – Det er viktig å ha oppdatert kunnskap om kven som får tilgang til kva, seier PST-sjef Beate Gangås.Foto: Ola Gamst Sæther
Martin ToftMartinToftMartin ToftUniforum
Publisert
Fredag formiddag heldt Politiets sikkerheitsteneste, Etterretningstenesta og Nasjonal sikkerheitsmyndighet pressekonferanse om den nasjonale trugsmålsvurderinga for 2026.
Både forsvarsminister Tore Sandvik og justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen var til stades, men det var sjefane for dei tre hemmelege tenestene, Nils Andreas Stensønes frå Etterretningstenesta, Beate Gangås frå PST og Arne Christian Haugstøyl frå NSM som spelte hovudrollene i Marmorhallen i Kongens gate.
– Det er framleis Russland som er det største trugsmålet mot Noreg, konstaterte viseadmiral og sjef for Etterretningstenesta Nils Andreas Stensønes i innlegget sitt.
– Tryggingssituasjonen i Noreg er blitt endå verre det siste året. Russland er hovudaktøren med krigen i Ukraina. Russland vil splitta Europa, sa han.
Stensønes var også uroleg for at mange av dei internasjonale organisasjonane som blei oppretta etter den andre verdskrigen no er i ferd me å ramla ned.
– Den største endringa i politikken har likevel skjedd i USA som er vår allierte. For Russland og Kina er det ei ynskt utvikling. Dei vil nytta alle midlar under terskelen for krig for å svekka Vesten, varsla Stensønes.
PST-sjef Beate Gangås tok også utgangspunkt hos Noregs store nabo i nord, Russland.
– Trugsmålet frå statlege aktørar er stor frå russiske aktørar. Det er retta mot alliert øvingsaktivitet i Noreg og Noregs støtte til Ukraina. Det kan bli planlagt sabotasjeaksjonar eller andre konfliktar på norsk jord, fortalde ho.
Beate Gangås viste også til at det er viktig for Noreg å ha god cybersikkerheit. Ho avslørte også ein av metodane russisk etterretning brukar i Noreg.
– Den forsøker å rekruttera ukrainarar til å jobba for Russland gjennom trugsmål, opplyste ho.
Ekstreme islamistar og høgreekstremistar største trugsmål
Når det gjeld andre land som driv etterretning i Noreg, er Kina og Iran dei mest aktuelle.
– Kina driv med informasjonshenting og trugsmål mot personar som har retta kritikk mot Kinas kommunistparti, medan Iran kjem med trugsmål mot menneskerettsaktivistar, journalistar og opposisjonelle og israelske mål i Noreg. Dei kan også sikta seg inn mot å driva hærverk og sabotasje, sa ho.
Som proxy-aktørar brukar dei svenske kriminelle nettverk i Noreg, slo ho fast.
– Dei største indre trugsmåla i Noreg er likevel ekstreme islamistar og høgreekstremistar. Mange av dei blir rekrutterte via digitale plattformer, fortalde PST-sjef Beate Gangås.
I rapporten som PST la fram om Nasjonal trugsmålsvurdering 2026 vurderer dei det som mogleg at både ekstreme islamistar og høgreekstremistar vil gjennomføra terroråtak i Noreg.
Også antistatleg ekstremisme blir nemnt som eit indre trugsmål. Det handlar om dei som trur på konspirasjonsteoriar om den djupe staten, og dei som ser seg som suverene borgarar og meiner at staten er illegitim, og derfor ikkje har grunnlag til å utøva makt. PST vurderer det likevel ikkje som mogleg at antistatlege ekstremistar vil gjennomføra terroråtak i Noreg i 2026.
For direktøren for Nasjonal sikkerheitsmyndighet Arne Christian Haugstøyl var det cybersikkerheita han var mest opptatt av.
– Eit innkjøp utgjer sjeldan eit trugsmål i seg sjølv. NSM er opptatt av den totale sikkerheitstrugsmålet. Det handlar ikkje berre om kinesiske bussar, men også om å ha avgrensa tal på skytenester, var rådet han kom med.
Universiteta er interessante for kinesisk og russisk etterretning
Etter pressekonferansen får Uniforum eit intervju med PST-sjef Beate Gangås om i kva grad norske universitet og høgskular er interessante for utanlandske etterretningstenester i 2026. For i oktober 2022 blei det avslørt at ein russisk etterretningsagent hadde infiltrert eit forskingssenter ved Universitetet i Tromsø.
RAPPORT OM TRUGSMÅL: Her har PST-sjef Beate Gangås akkurat overrekt rapporten om nasjonale trugsmålsvurderingar til forsvarsminister Tore Sandvik og justis-og beredskapsminister Astri Aas-Hansen. Lengst til venstre sjef for Etterretningstenesta Nils Andreas Stensønes, medan direktør for Nasjonal sikkerheitsmyndigheit Arne Christian Haugstøyl står lengst til høgre.Foto: Ola Gamst Sæther
RAPPORT OM TRUGSMÅL: Her har PST-sjef Beate Gangås akkurat overrekt rapporten om nasjonale trugsmålsvurderingar til forsvarsminister Tore Sandvik og justis-og beredskapsminister Astri Aas-Hansen. Lengst til venstre sjef for Etterretningstenesta Nils Andreas Stensønes, medan direktør for Nasjonal sikkerheitsmyndigheit Arne Christian Haugstøyl står lengst til høgre. (Foto: Ola Gamst Sæther)
– Det er framleis interessant for både kinesisk og russisk etterretning. Det sit folk der med kunnskap, ikkje nødvendigvis hemmeleg informasjon, men noko som kan seia noko om sårbarheiter i Noreg, sårbarheiter i totalforsvaret og spesielt i nordområda. Det er av særskilt interesse, seier Beate Gangås til Uniforum.
– No har Universitetet i Søraust-Noreg bestemt at dei ikkje vil vurdera søknader til stipendiatstillingar frå søkjarar som kjem frå Russland, Kina, Nord-Korea og Iran. Er det ein riktig veg å gå?
– Eg registrerer i alle fall at akademia i stort er blitt merksame på denne faren for at dei kan få folk inn som nettopp driv med ulovleg verksemd. Det er bra at det blir tatt tiltak, synest ho.
Samtidig viser ho til at dei no opplever at det er større etterspurnad etter PSTs vurderingar.
– Det er bra. Me skal prøva å tilretteleggja så godt me kan med informasjon, og så vil ein på våre flunkande nye nettsider pst.no, heile tida kunna halda seg oppdatert og gjera dei tiltaka som ein sjølv meiner er adekvate, seier ho.
– Korleis kan universitetsleiarar hindra at uynskte personar får innpass?
– Det er viktig å ha oppdatert kunnskap om kven som får tilgang til kva. Dei må også oppdatera seg på kunnskap om kva dei kan vera interesserte i når det gjeld teknologi og kunnskap om sårbarheiter når det gjeld totalforsvaret vårt og den typen ting.
– I løpet av 2026 vil mange naturvitskaplege og medisinske forskarar ved UiO og Oslo universitetssykehus flytta inn i Noregs største forskingsbygning, Livsvitskapsbygningen på UiO. Der skal det drivast toppforsking innanfor livsvitskap. Vil det vera eit mål for utanlandske etterretningstenester å koma inn på ein slik stad?
– Ja, det vil eg tru det vil vera. Og så må me hugsa at mange etterretningstenester jobbar langsiktig. Dei vil vera opptatte av å vera til stades i studentmiljø. Dei vil vurdera kven som vil sitja i posisjonar med stor påverknad i tida framover og kven det vil vera lurt å knyta kontakt med. Så det skal ein også vera merksam på, understrekar ho.
Brukar svenske gjengar
I rapporten frå PST står det også at iranske etterretningstenesta brukar proxy-aktørar som svenske gjengar også i Noreg. Det meiner Beate Gangås det er viktig at dei varslar om.
– Me har konkrete døme i Sverige. Me ser indikasjonar og er merksame på at det også kan gjelda i Noreg. Førebels er me der. Me må som alt anna me gjer gå ut og be alle om å vera merksame på dette. Det må me som sikkerheitsteneste også vera merksame på kan treffa oss.
– Fleire forskarar ved Universitetet i Oslo har iransk bakgrunn og er i opposisjon til det iranske regimet. Kva kan me gjera for å støtta opp om dei for at dei ikkje skal føla seg uglesette fordi dei har den bakgrunnen som dei har?
– Det er nettopp det me seier i vurderinga vår om at iranske dissidentar og borgarar i Noreg kan utsetjast for press. Det må dei vera førebudde på, og me må vera der også for å gi dei støtte og hjelp i den grad dei blir utsette for press, seier ho.
For direktør Arne Christian Haugstøyl i Nasjonal sikkerheitsmyndighet er oppgåva å passa på at dei sivile institusjonane i Noreg ikkje blir råka av ting som kan truga infrastrukturen. Til Uniforum utdjupar han kvifor han no er opptatt av å åtvara universiteta og andre statlege aktørar mot å bruka skytenester berre frå dei multinasjonale selskapa Microsoft, Google og Amazon.
– Dette er aktørnøytralt. For det handlar verken om USA, Kina eller andre. Det handlar akkurat som med aksjar om å spreia risikoen litt, for det er aldri lurt å leggja alle egga i ei korg, understrekar han.
SKYTENESTER: - Ein kan få cyberåtak frå andre aktørar mot desse tenestene. Om du kviler heile bedrifta di på desse løysingane utan å ha ein plan for reserveløysing, så gjer du deg sjølv svært sårbar. seier Arne Christian Haugstøyl, direktør for Norsk sikkerheitsmyndigheit.Foto: Ola Gamst Sæther
Haugstøyl peikar på at det ikkje berre handlar om at det som nokre land kan utsetja deg for som til dømes tvangsdiplomati, økonomisk og politisk press, men også at systemet heilt utilsikta kan gå ned.
– Ein kan få cyberåtak frå andre aktørar mot desse tenestene. Om du kviler heile bedrifta di på desse løysingane utan å ha ein plan for reserveløysing, så gjer du deg sjølv svært sårbar. Det er det me påpeikar når me snakkar om konsentrasjonsrisiko, fortel han til Uniforum.
– Må få bygt opp nye alternativ
– Kva råd vil du gi til universiteta og andre høgare utdanningsinstitusjonar?
– For det første må dei få eit oversyn over den avhengigheita dei har. Om ein kviler alt på ei løysing, så ville eg ha vurdert å fordela risikoen noko. I dag er det ikkje flust av gode alternativ. Derfor påpeikar me at me må jobba meir langsiktig for sakte, men sikkert å få bygt opp nye alternativ, slik at me får spreidd risikoen, meiner han.
– Akkurat no ville eg ha sett på avhengigheitane, og så vllle eg ha skaffa meg eit oversyn og eit scenario over kva me kan gjera dersom dette går ned. Kva slags reserveløysingar har me då? Har me andre løysingar som gjer at me kan kommunisera med våre tilsette, våre forskarar og våre studentar? Me må tora å tenkja gjennom kva me kan gjera, dersom me mister dette.
– Vil du rå universiteta til å lata vera å samarbeida med nokre land om forsking?
– Nei, det er ingen land me ikkje skal kunna samarbeida med. Men ein må vera svært medviten når det gjeld den bruksretta forskinga, spesielt den som handlar om sensitive teknologiar, seier han.
– Spesielt når det handlar om fleirbruksteknologi som kan brukast både sivilt og militært, så er det viktig at du er ekstra medviten om kva land du inngår eit forskingssamarbeid med, legg NSM-sjef Arne Christian Haugstøyl til.