Ytring

Eksamen: Ein kunstig sjanger for ein kunstig intelligens

ChatGPT kan gjere det godt på eksamen. Ergo: Det er vurderingsordningane våre som treng revisjon. Ikkje reglementet for kva som skal reknast som juks.

Kan hende er chatbooten best eigna til å skrive søknader om pengar til forsking? «Når kriteriet ikkje er å dela ein ide på ein klår, inspirerande og overtydande måte, men å tilfredsstilla formelle kriterium og bruka dei rette slagorda som er "in" i ekspertpanelet, kan kanskje "kunstig intelligens" gjera profesjonelle søknadsskrivarar overflødige», skriv Lundheim.
Publisert

For få veker sidan hadde ingen høyrt om ChatGPT. No snakkar alle om fenomenet. Rapportar florerer om maskingenererte tekstar som har gjort det godt på eksamen. Både i og utanfor utdanningssektoren diskuterer ein om "kunstig intelligens" skal sjåast på som eit trugsmål eller eit nyttig verkty.

Ei tradisjonell eksamensinnlevering er ein kunstig sjanger. Ein slik tekst er meint å skulle overtyda ein lesar om at du kan noko lesaren sjølv allereide kan. Dei fleste av dei kandidatane me utdannar skal seinare i livet produsera tekstar. Men aldri i denne kunstige sjangeren. Ein verdfull tekst er meint å formidla tankar, idear, resonnement og oppdagingar til ein person som ikkje sjølv sit med fasiten.

Som universitetslærar er dette ei av dei største utfordringane eg har. Studentane som kjem til oss har i tretten år lært seg å produsera tekstar til ein lesar som allereide veit det som teksten er meint å formidla. Vidare er denne lesaren stort sett velviljug, og gjev ein god karakter når vedkomande skjønar at skrivaren faktisk sit inne med den kunnskapen han eller ho på klossut eller ufullstendig vis uttrykkjer.

Mi røynsle er at det tek fleire år med tilbakemelding og øving for å få ein student ut av denne skrivemodusen. Me innprentar våre håpefulle at poenget no ikkje er å formidla noko som står i ei lærebok, men faktisk å gje ord til ein ide som studenten sjølv har utvikla, og å dela denne ideen med ein lesar som på førehand er ukjend med det ein ynskjer formidla. Då må ein faktisk uttrykka seg på anna vis enn overfor ein meir eller mindre velviljug fasitinnehavar.

ChatGPT har vist seg å kunne levera eksamenssvar som gjev ståkarakter og meir enn det. Det vil seia: Ein kompetent lesar har sjekka at den leverte teksten inneheld korrekt og relevant informasjon, informasjon som lesaren altso allereide kjenner vel til.

Eg har ikkje sett meg nøye inn i verkemåten til ChatGPT, men det som tykkjes rimeleg klårt er at maskina ikkje har medvit. ChatGPT har ikkje tankar som oss, gjer ikkje oppdagingar eller utfører resonnement. ChatGPT vert ikkje inspirert, og kan heller ikkje inspirera, har ikkje intensjonar, og gjev katten i om intensjonen med ein tekst vert oppfylt eller ikkje. (I den grad ein umedviten ting kan gje katten i noko som helst.)

Me har som universitet ei målsetjing om å utdanna sjølvstendig og kritisk tenkjande fagpersonar. Gjennom utdanningsprosessen får den studerande ei rad med tilbakemeldingar gjennom dei formative og summative vurderingane me legg opp til. Kva er det so som vert testa gjennom desse vurderingane? Vel, dersom ein kunstig intelligens leverer eksamenssvar med godkjent eller til og med godt resultat, viser det at eksamenen ikkje testar dei kvalitetane me ynskjer å fremja. Rett og slett fordi ChatGPT ikkje kan tenkja kritisk eller sjølvstendig. ChatGPT kan ikkje tenkja i det heile. Konklusjonen vert dermed at det er vurderingsordningane våre som treng revisjon. Ikkje reglementet for kva som skal reknast som juks.

Det fins forresten ein sjanger som liknar den tradisjonelle eksamensinnleveringa, nemleg søknaden. Ein søknad om forskingsmidlar skal lesast av fleire personar. Somme av dei er ekspertar og skal vurdera fagleg relevans, originalitet og gjennomføringsevne. Andre er administratorar som skal sjekka i kor stor grad søknaden tilfredsstiller ein del formelle og ikkjevitskaplege krav. Begge kategoriar lesarar sit då i ein viss forstand med ein form for fasit. Det å ha ein god ide eller to er ikkje (lenger) nok for å få gjennom ein slik søknad. I dag finst det firma som spesialiserer seg på å hjelpa søknadsskrivarar, ja faktisk fullføra heile søknaden basert på fagleg input frå forskarane som ynskjer seg pengane. Desse søknadsskrivespesialistane er altso sjølv ikkje fagspesialistar, men dei kan søknadssjangeren. Prisen er ein viss prosentdel av den innvilga summen når søknaden får tilslag – no cure, no pay.

Her er kanskje ein nisje for ChatGPT og liknande. Når kriteriet ikkje er å dela ein ide på ein klår, inspirerande og overtydande måte, men å tilfredsstilla formelle kriterium og bruka dei rette slagorda som er "in" i ekspertpanelet, kan kanskje "kunstig intelligens" gjera profesjonelle søknadsskrivarar overflødige.