internasjonale masterprogram
Program kan stå tomme ved studiestart
Talet på internasjonale studentar som har takka ja til tilbod om plass ved internasjonal master ved NTNU har halvert seg sidan sist opptak.

Etter innføringa av skulepengar for studentar frå land utanfor EU/EØS i 2023 fell søkjartalet for internasjonale studentar ved NTNU dramatisk. I år fell det ytterligare.
334 kandidatar fekk tilbod om plass, 156 har no takka ja, og det gjenstår å sjå kor mange som møter opp ved studiestart. Talet på internasjonale studentar som har takka ja til tilbod om plass ved internasjonal master ved NTNU har halvert seg sidan sist opptak. Ja-svar på tilbod har gått frå 301 i 2023 til 156 i 2024.
Over halvparten av programma hadde tre eller færre ja-svar, åtte hadde null.
Det er ofte færre som møter opp ved studiestart enn det er som svarer ja. Dette kan då bety at enno fleire av dei internasjonale masterprogramma ikkje får ein einaste internasjonal student.
Dei internasjonale masterprogramma har eit eige fokus på rekruttering utanfor Noreg. Somme av masterprogramma har tidlegare basert nesten heile opptaket på studentar frå land utanfor EU/EØS. Desse må no vende rekrutteringa mot EU og Norden.
Vasskraftmaster i faresonen
Eit av dei internasjonale studieprogramma er masterprogrammet Hydropower development. I fjor var der kun ein student som møtte opp til studiestart.
I år hadde opptaket til Hydropower development 31 internasjonale søkarar. Fem av dei var kvalifiserte, tre fekk tilbod – og alle tre har takka ja.

- Det gjenstår å sjå kor mange som møter opp til studiestart, seier programansvarleg Oddbjørn Bruland.
Han er usikker på om Hydropower development-programmet blir kutta under neste revidering av NTNU si studieportefølje.
Programmet er det eldste internasjonale studieprogrammet ved NTNU. Og vasskraft-laben var den fyste labben på NTNU.
- Det å miste den internasjonale masteren betyr ikkje at alle emna forsvinn, men det betyr at vi ikkje får bygga opp neste generasjon i dette fagmiljøet, seier Bruland.
Prorektor for utdanning ikkje overraska

Det store fallet i talet på internasjonale studentar kjem ikkje brått på prorektor for utdanning, Marit Reitan.
- Det var ikkje ei uventa utvikling, i lys av at det vart innført studieavgift sist haust. Høsten 2023 var fyllingsgraden ved NTNU på internasjonal master samla på 60 prosent. Ein konsekvens av dette er at NTNU i 24/25 reduserer talet på internasjonale studieprogram frå 54 til 31, seier Reitan.
I vidare rekrutteringsstrategi vil ikkje Reitan gi slepp på internasjonale studentar.
- NTNU set i høst i gang eit større arbeid med å utvikle eit nytt rammeverk for studentrekruttering, som også omfattar internasjonal rekruttering, seier ho.
Ho fortel at innføringa av studieavgifta har hatt store konsekvensar for fagmiljø som tradisjonelt har hatt eit stort innslag av internasjonale studentar.
- Ved NTNU var me tydelege i høyringsprosessen på at me ikkje ønska studieavgifta innført, og vore førebudd på negative konsekvensar av ordninga, seier Reitan.

- Utdanning er ei bistand
Bruland meiner NTNU har eit samfunnsansvar i å bevare og spre kompetanse innan vasskraft. Programmet Hydropower development har tidlegare hatt stor rekruttering frå Nepal og Etiopia.
- Utdanning er ei bistand, og vassteknologi er viktig for utviklinga i landa vi tidlegare har samarbeida med. Nokre av dei styste vassressursane og energipotensiala i verda ligg nettopp i Asia og Afrika. Vasskraft vil vere ein viktig del av energimiksen i eit framtidig fornybart samfunn, seier Bruland.
Han seier at dei ikkje ønsker å berre dele kunnskapen sin med rike land.
- Det er mangel på slik kompetanse i Norge, Europa og verden, og vi ser derfor positivt på at det kjem fleire studentar frå Europa og Norden. Men det er utrulig synd å ikkje kunne ha fleire studentar frå mellom anna Nepal og Etiopia, seier Bruland.

Rigide opptakskrav som hinder
Berre 5 av 31 internasjonale søkarar var kvalifiserte til masterprogrammet Hydropower development, ifølge opptakskontoret på NTNU.
- Slik det er no får vi ikkje innsikt i kvifor mange får avslag, og får heller ikkje vere med å påverke sjølv. Det ser vi på som problematisk når vi er i ei situasjon med så få studentar, seier Bruland.

Også fagansvarelg for Geotechnics and Geohazards, Yutao Pan, utrykker frustrasjon over å ikkje sjølv kunne vere med å bestemme kven som er gode kandidatar for eige fag.
- På NTNU har vi strengare engelskkrav enn mange andre universitet. Dette gjer det nesten umulig å få kvalifiserte søkarar frå utanfor EU, seier Pan.
- For ingeniørmaster er det krav om 30 studiepoeng i matte, men dette tek ikkje høgde for at ulike land har ulike system. Me har sett søkarar som har tilstrekkeleg undervisning i matte, men likevel blir ukvalifisert fordi dei har for mange andre fag, fortel Pan.
Hindra av eitt manglande poeng på engelsktest
Bruland har vore i kontakt med ein søkar som var rett under årets engelskkrav.
- I år har ein student frå Nepal tatt kontakt med meg og fortald at ho ikkje vart tilbudd plass grunna eitt manglande poeng på engelsktesten. Vedkommande hadde bestått engelsktesten sist år, men i år var krava blitt enda strengare, seier Bruland.
Bruland har vore i kontakt med opptakskontoret om denne søkaren. Det er framleis usikkert om studenten får muligheit til å byrje på studiet til hausten.
- Vi har tidlegare hatt kontakt med ein annan elev som fekk avslag grunna manglande studiepoeng i matte. Då vi såg på faga han hadde var matte inkorporert i svær mange av fag, og til saman oppfylla han eigentleg kravet.

Bruland meiner døma viser at rigiditet i opptakskrava står i vegen for gode kandidatar.
- Vi har dei formelle krava for at NTNU skal holde ein viss standard, men i dei døma eg viser til er det snakk om svært gode søkarar, seier Bruland.
Prorektor Reitan peiker på lik behandling av alle søkarar.
- Det er viktig at alle søkarar blir vurdert etter dei opptakskrava som til gjeld til kvar ei tid. Særleg for å sikre likebehandling av søkarar, seier Reitan.
Ho har ikkje fått informasjon om døma frå denne spesifikke saka.
Stipenda kjem neste år
- Hovudsakeleg vil vår rekruttering av gradssøkarar frå land utanfor EU/EØS for studieåret 25/26 skje gjennom regjeringa sitt nye stipendprogram, Norstip, seier Reitan.
NTNU har fått tildelt 25 stipend gjennom ordninga, og vil ta alle desse stipenda i bruk i studieåret 25/26.
- Rekrutteringa vil skje frå institusjonar i det globale sør, som NTNU allereie har aktive samarbeidsavtalar med og som representerer bredda i NTNU sin profil. Me fordeler stipenda på sju spesifikke studieprogram som har hatt langsiktig samarbeid med partnarar i det globale sør, seier Reitan.

Hydropower Development får neste år fire av dei 25 stipenda. Bruland håpar ikkje formelle krav vil vere eit problem.
- Når vi får dei fire stipenda til neste år ser vi på det som viktig å få vere med å opptaksprosessen, for å sikre at vi får fylt opp plassane etter to år med studieavgift, seier Bruland.