Dei nye studentrepresentantane i NTNU-styret er på plass på kontoret

Allereie på den første dagen er oppfordringa frå Bordal til studentane klar: engasjer deg!

Anders Lie Hagen og Matilde Brox Bordal

I går hadde Anders Lie Hagen og Matilde Brox Bordal sin første dag i jobben som studentrepresentantar i NTNU-styret.

- Vi har ein stor jobb framfor oss, no gler vi oss til kome skikkeleg i gong, seier Hagen medan Bordal nikkar.

Dei kvir seg begge litt til å ta del i styret til NTNU og seier det er noko heilt nytt for dei begge sidan dei ikkje berre skal arbeide med saker som er relevante for studentar, men for heile universitetet.

Dei fortel at den første dagen hadde dei berre eit møte og starta deretter den lange innføringa dei skal gjennom før det første NTNU-styremøtet deira i september.

Dragvoll produserer studentpolitikarar

Både Hagen og Bordal er 25 år gamle og har eller har hatt Dragvoll som sin hovudcampus. Hagen kjem frå Asker medan Bordal kjem frå Moss.

Bordal har nyleg fullført masterprogrammet i europastudium. Ho har hatt verv i linjeforeninga Eureka, andre verv i studentdemokratiet og Dragvollkjellaren.

Anders Lie Hagen og Matilde Brox Bordal

Hagen har teke permisjon frå studieprogrammet lektor i samfunnsfag for trinn 8-13. I tillegg til samfunnsfag har han matematikk. Han har også hatt verv på Studentersamfundet, i NTNUI og vore lektortillitsvald på Fakultet for samfunns- og utdanningsvitskap. Han har også sutte i forvaltningsutvalet for lektorutdanninga i skuleåret 2022/23.

Bordal har studert det same som tidlegare studentrepresentant i NTNU-styret Emilie Storvik og Hagen har no teke permisjon frå lektorstudiet som tidlegare studentrepresentant i NTNU-styret Roar Brakstad gjorde då han tok opp vervet.

- Vi har lik bakgrunn, men vil nok ha ein del andre mål for arbeidet vårt, seier Bordal.

Ein sak blir den viktigaste

Dei nye representantane trer inn i ein periode der ein kan måtte kutte i studietilbodet ved NTNU.

Bordal fortel at dei gjer seg klare for at dimensjonering og finansiering av utdanning kan bli ein av dei viktigaste saka i deira periode.

- Det er svært viktig for oss at studiekvaliteten held seg ved like ved alle fag og alle program.

- Unik moglegheit

Representantane seier at all erfaringa dei kjem til å få seg er noko dei gler seg til. Dei er klare for ei bratt læringskurve.

Dei seier at dei gler seg til arbeidet i sin heilskap, og trur det å bli kjend med ulike svært dyktige personar som jobbar for NTNU kan bli det mest artige.

Er det noko de ikkje gler dykk til?

- Eg trur det kan vere vanskeleg i saker der studentane ikkje har ei klar samla stemme. Studentane si meining er svært viktig for oss, men den er ikkje alltid lik frå student til student. Tunge saker som campussamlinga kan nok bli krevande for oss å stå i som studentrepresentantar, men vi skal gjere det beste ut av vanskelege situasjonar for å løfte studentperspektivet i sakene på styrebordet.

Samarbeider med studentar

Sjølv om det ikkje er ein del av styrevervet trur Bordal og Hagen at samarbeidet med representantar i studentfriviljugheita blir heilt essensielt.

I denne gongen har tillitsvalde på alle fakultet på Gløshaugen kontor i tillegg til leiarane av Studenttinget og styrerepresentantane til studentane.

I gongen på Berg-bygget på Gløshaugen sit Hagen og Bordal vegg-til-vegg med arbeidsutvalet i Studenttinget. Det er tydeleg at alle har god kjennskap til kvarandre.

- Vi er heilt avhengige av resten av studentdemokratiet. Det at vi har eit fungerande apprat som er bygd opp av dyktige tillitsvalde på kvart institutt og fakultet er kritisk for oss.

Store sko å fylle

Bordal og Hagen seier dei ser svært høgt på arbeidet til dei tidlegare studentrepresentantane i styret, Roar Høiby Brakstad og Emilie Storvik.

- Dei har gjort mykje viktig og ekstremt hardt arbeid det siste året, det må vi berre hylle, seier Hagen.

Dei nye studentrepresentane i NTNU-styret skal ikkje berre ta over eit verv, men óg ansvaret for å dekorere kontoret sitt. Her har dei tidlegare representantane hengt opp ein skjermdump frå Facebook.

Bordal fortel at dei vil nok prøve å gjere nokre ting som dei tidlegare studentrepresentantane og bygge vidare på det gode arbeidet.

Det er spesielt to tradisjonar dei meiner er viktig å ta med vidare. Den eine er eit uformelle møter der både studentpolitikarar, rektoratet og dekanane ved NTNU er invitert. Den andre er formøter som blir halde i forkant av styremøtene til NTNU slik at dei kan få innspel frå studentar.