Ytring

Om rektorval og demokratikompetanse

Svakare demokratiforståing hos avgangselevar må møtast med sterkare demokratiske prosessar ved NTNU.

NTNUs ansvar for demokratiopplæring bør bli ein viktigare del av diskusjonen neste gong styret skal ta stilling til valt eller tilsett rektor, skriv Unni Eikeseth.
Publisert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

I ein ny rapport kjem det fram at norske avgangselevar har store hol i forståing og kunnskap om demokrati, og at ein av fire elevar har låg interesse for og låg deltaking i demokratiet. Det er kanskje ikkje så rart om norske ungdommar tar demokratiet for gitt, og dermed viser det lite interesse. Men desse funna bør takast på alvor og få konsekvensar ved NTNU. Eitt av dei fire hovudføremåla til høgare utdanning i Europa er å førebu kandidatar til å bli aktive borgarar i demokratiske samfunn. Når studentane våre har mindre kunnskap om demokrati betyr det at utdanningsinstitusjonar som NTNU må gjere meir for å bidra til demokratisk opplæring.  

To hovudanbefalingar for å implementere demokratikultur i utdanningane er blant anna å legge vekt på demokratisk kompetanse, og å praktisere og utvikle demokratiske avgjerdsprosessar på utdanningsinstitusjonane. I begge tilfelle må NTNU bli betre. 

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Dei siste åra har vi sett fleire eksempel på prosessar ved NTNU der studentar og tilsette i liten grad blir høyrt i viktige saker som angår dei. I saka om nedlegging av kafeen på Dragvoll tok Sit-styret ei avgjerd som hadde store konsekvensar for studentar og tilsette, utan at dei var høyrt i saka eller forstod korleis dei kunne nå fram til avgjerdstakarane. I medvirkningsdiskusjonen vart eit spørsmål om valt eller tilsett rektor omdefinert av NTNU-styret til ein diskusjon om medvirkning. Det manglande engasjementet for diskusjonen handla om to ting; Det eine var kva styret og leiinga ved NTNU hadde tillate oss å meine noko om. Det som blei lagt på bordet var medvirkning, som er det minst viktige og minst forpliktande elementet i universitetsdemokratiet, og noko leiarar ikkje treng å forholde seg til om dei ikkje ønsker. Medbestemmelse var interessant nok ikkje del av diskusjonen, sjølv om dette er langt meir forpliktande, og handlar om viktige saker som nedbemanning, omorganisering, endra ressursbudsjett og arbeidsplanar.  Om vi ønska at desse avgjerdene skulle bli tatt nærare oss enn i dag, var det altså ikkje mogleg å komme med tilbakemelding på slike ting. Det andre svaret på manglande engasjement var at det var NTNU-styret som skulle ta avgjerda om valt eller tilsett rektor på vegne av oss, og det var kjent på førehand kva resultatet kom til å bli. 

Her er vi ved kjernen av problemet. Avgjerder ved NTNU blir i stor grad tatt langt unna studentar og tilsette, og av folk vi ikkje har valt. I staden blir avgjerder tatt av rektor, prorektorar, dekanar og instituttleiarar, som alle er tilsett. Fire av elleve medlemmer i NTNU-styret er heller ikkje valt, men utpeikt av kunnskapsdepartementet. Dei eksterne medlemmene si forståing av styrearbeid og avgjerdstaking synest ofte å vere påverka av korleis dette fungerer i private bedrifter framfor kva som er særeige for eit universitet. Avgjerder som styret og leiarar tar blir deretter implementert nedover i organisasjonen, gjerne kombinert med «skinn-medvirkningsprosessar» der studentar eller tilsette i realiteten har lite innverknad på prosessen. NTNU mister ikkje berre moglegheit til å drive viktig demokratiopplæring ved å styre på denne måten, men risikerer også å bidra til svekka interesse for demokrati.  

Dersom studentar får moglegheit til å delta aktivt i viktige val kan det få stor innverknad på deira forståing for og interesse for demokrati. Innføring av val på rektor vil kunne vere eit viktig tiltak i seg sjølv for å bidra til auka demokratisk deltaking og demokratisk kompetanse. I tillegg vil det bidra til å gi leiarar større legitimitet i organisasjonen og gjere dei meir uavhengige av press utanfrå. Valte universitetsleiar vil derfor også vere eit betre vern mot antidemokratiske angrep på universitet utanfrå. 

NTNUs ansvar for demokratiopplæring bør bli ein viktigare del av diskusjonen neste gong styret skal ta stilling til valt eller tilsett rektor. I mellomtida må NTNUs leiing og styre gjere ein innsats for at universitetet skal vere ein betre rollemodell for demokrati enn i dag.