Vant Varshita sin heiderspris:
- Det kom uventa på og er veldig gøy

Varshita Venkatesh sin heiderspris går til den med høgst karaktersnitt på Institutt for maskinteknikk og produksjon ved NTNU. Vinnaren for 2022 ana ikkje at det kunne vere han.

Jørgen Haaland er glad for å vinne heiderspris.
Publisert Sist oppdatert

- Det kom uventa på, men det er veldig hyggeleg anerkjenning å få. Absolutt veldig gøy.

Det seier Jørgen Haaland som har fått Varshita Venkatesh sin heiderspris for 2022. Prisen går til studenten som går ut med høgst karaktersnitt på Institutt for maskinteknikk og produksjon ved NTNU.

- Eg ana ikkje at det kunne vere meg, eg har ikkje tenkt på karakterar slik, seier Haaland.

24-åringen som vart ferdig med det femårige masterstudiet i Maskin- og energiteknologi våren 2022 har spesialisert seg i robotteknikk og automatisering.

No bur Haaland i Oslo og har fulltidsjobb i bedriften, Wheel.me. Han fortel at det er den perfekte jobben etter at han i studiet fikk kombinert klassiske maskinfag, robotteknikk og automatisering.

Pris til minne om Varshita Venkatesh

Varshita og mannen hennar.

Heidersprisen vart starta til minne om Varshita sitt engasjement ved instituttet og NTNU.

Varshita og mannen kom til Noreg då mannen skulle byrje på ein PhD.

Ho starta eit språkkurs, ei kantine og hjalp andre. Ho var også konsulent ved instituttet. Den siste stillinga ho hadde ved NTNU før ho gjekk bort i 2020 var førstekonsulent ved Avdeling for studieadministrasjon.

Statuettane til prisen seier at Varshita ville at studentar som er under utdanning skulle få av lønninga hennar.