Ytring:

Kjensla av ran

Korleis er det mogleg å lure og rane ein heil region og landsdel på denne måten? spør Arna Meisfjord, tidlegare rektor ved Høgskolen i Nesna.
Bygningsmassen ved campus Nesna skal leggast ut for sal. Logikken er uforståeleg og kjensla av ran er sterk, sier Arna Meisfjord, tidligere rektor ved Høgskolen i Nesna.  
        
            (Foto: Hilde V. Falch/Nord universitet)

Bygningsmassen ved campus Nesna skal leggast ut for sal. Logikken er uforståeleg og kjensla av ran er sterk, sier Arna Meisfjord, tidligere rektor ved Høgskolen i Nesna.   Foto: Hilde V. Falch/Nord universitet

I boka Distriktsopprør (Almås og Fuglestad, red.) har Bjørn Egil Flø ein artikkel med tittelen Kjensla av ran.

Her analyserer Flø det opprøret som har reist seg i kjølvatnet av dei mange reformene og nedleggingstiltak som har ført til sentralisering av politiet, samanslåing av kommunar og fylkeskommunar, nedlegging av utdanningstilbod, av posttenester og av infrastruktur og velferdstenester der folk bur.

Flø har gjennom si forsking møtt mange av dei som er vorte ramma av desse endringane. Han dokumenterer at distrikta har vore utsett for ei nedbygging av velferdstilbod, av arbeidsplassar og materiell infrastruktur som har ført til ei konkret nedbygging av mange bygdesamfunn. I førarsetet for denne utviklinga sit krefter utafor bygda og utafor det næringslivet som er grunnlaget for busetting i distrikta. Den urbane eliten som i riksmedia skal forklare kvifor alle vil til byen, har i liten grad fått med seg kva som faktisk har skjedd og er difor uforståande til det opprøret som kjem til uttrykk.

Flø argumenterer overtydande for at når folk sit att med ei kjensle av ran, så er dette forankra i høgst reelle materielle strukturar og resultat av tilbod som er vorte fjerna frå bygdene og distrikta. Kjensla av ran er forståeleg. Det som blir uforståeleg, er at argumenta ikkje når fram lenger. Ranet blir forsvart av makthavarane og argumenta om at dette ranet er illegitimt, blir avvist som bakstreversk, gammaldags og redsel for omstilling og nytenking.

Eg kjenner meg lurt, sa Ingelin Noresjø, nestleiar i KrF, då styret i Nord universitet i juni 2019, vedtok å legge ned campus Nesna, ein campus som representerer ein over hundreårig høgare utdanningsinstitusjon, lokalisert til Nesna.

Fortellinga om korleis Nord universitet, med sterk støtte frå regjeringa Solberg, kunne legge ned denne utdanningsinstitusjonen, synleggjer korleis Flø sin analyse av eit distriktsran er presis. Store prostestar frå studentar og tilsette ved campus Nesna, frå alle kommunane på Helgeland, frå eit samla Nordland fylkesting og frå ei rad andre einskildpersonar og organisasjonar, prella av som vatn på gåsa. Ranet var vel førebudd og gjekk føre seg i tre fasar. 

Første fase handla om å nedsnakke dei små institusjonane og legge grunnlag for ei forståing for at berre stort er godt. Ei hundreårig historie med høgare utdanning på Helgeland, vart redusert til inkje. Her var det ikkje mykje snakk om forskingsbasert kunnskap, politisk ideologi var nok.

Andre fase sørga for politisk styring gjennom strukturreforma i høgare utdanning som slo fast at her handla det om konsentrasjon for kvalitet og alle små institusjonar måtte finne seg samanslåingspartnarar. Med løfte om vidareføring, vekst og utvikling, vart Høgskolen i Nesna fusjonert til Nord universitet i 2016. Tredje fase starta direkte etter fusjonsvedtaket hausten 2015, først med nedbygging av studietilbod som Høgskolen i Nesna hadde bygd opp på Helgeland og til slutt vedtaket på styremøtet 26. juni 2019 om full avvikling av campus Nesna og Sandnessjøen som studiestad.

Korleis er det mogleg å lure og rane ein heil region og landsdel på denne måten? I ein region som skrik etter utdanna lærarar, barnehagelærarar, sjukepleiarar og anna relevant høgare utdanning som kommunane treng, skal bygningsmassen ved campus Nesna leggast ut for sal, har regjeringa gitt Statsbygg ordre om. Logikken er uforståeleg og kjensla av ran er sterk.

UA vil gjerne ha dine kommentarer. Kommentarer fra anonymiserte brukere og kommentarer med personangrep vil bli slettet. Kommentarer som inneholder lenker må godkjennes manuelt. Det kan derfor ta noe tid før slike kommentarer dukker opp i kommentarfeltet.
comments powered by Disqus
Siste fra forsiden

Oppfordrer til hjemmeeksamen

NTNU har oppfordret alle fagmiljøene til å endre eksamensform til hjemmeeksamen der det er mulig.

Thomassen klager NTNU inn for Sivilombudsmannen

Professor Øyvind Thomassen klager NTNU inn for Sivilombudsmannen for behandlingen han ble utsatt for i forbindelse med IHS-striden.

Mener forholdet mellom NTNU og Sintef gnisser

NTNU og Sintef konkurrerer om de samme oppdragene, prosjektene og forskningsmidlene, advarer direktør Magnus Langseth i SFI Casa ved NTNU.

NTNU vs Eikrem:

NTNU engasjerte to advokatbyråer

NTNU har benyttet seg av to ulike advokatbyråer i forbindelse med prosessen mot Øyvind Eikrem.