Slik vil fakultetet løysa skjermproblemet blant studentane

Dette haustsemesteret får dei ferske studentane på HF ved UiO boka «Doggerland» av Agnes Ravatn. – Nokre av testlesarane våre seier det er den beste boka dei har lese, seier prodekan Gunn Enli.

– Agnes Ravatn (biletet) skriv skarpt og humoristisk om sjølvbilete, sosialt press og spriket mellom den me er og den me gjerne vil vera, synest prodekan Gunn Enli på Det humanistiske fakultetet ved UiO.
Publisert Sist oppdatert

Dei siste åra har Det humanistiske fakultetet (HF) ved UiO ynskt dei nye studentane velkomne med å dela ut ein gratis roman til dei. Tidlegare har det vore «De kaller meg ulven» av Zeshan Shakar, «Etterklang» av Helga Flatland, «Hvis jeg faller» av Jan Grue og «Margaret, du er i sorg» av Maria Kjos Fonn studentane har fått i handa.

«Heile HF les» startar med eit bokbad med forfattaren. Denne gongen skjer det den 3. september med Agnes Ravatn som skal diskutera romanen med litteraturvitskapsstudent Hanna Dahl Ullmann, og svara på spørsmål frå publikum om romanen «Doggerland».

Det skriv Uniforum.

– Engasjerande samtidslitteratur

Prodekan Gunn Enli synest Agnes Ravatn skil seg litt ut frå andre norske samtidsforfattarar.

– Me valde Agnes Ravatn fordi romanen» Doggerland» er engasjerande samtidslittleratur som tematiserer mange av HFs kjernespørsmål: kva skjer med lesinga og konsentrasjonen i ei samtid prega av digitalisering og tek-selskapa sin merksemdsøkonomi? Kva skjer med menneskelege relasjonar i ei tid der KI kan bli ein venn i kvardagen? Og kva skjer med bokbransjen i ei tid der konkurransen frå digitale plattformer stadig vert intensivert? spør ho. 

Meiner Aschehoug-sal gjer romanen aktuell

Gunn Enli viser til at forlagsbransjen tradisjonelt har vore ein av HFs viktigaste arbeidsmarknader, for mange av studentane på fakultetet ynskjer å jobba i forlag. 

– Mange av forlaga har redaktørar og leiarar som er utdanna hos oss. Me utdannar litteraturvitarar og kulturfolk som skal jobba i den sektoren og sørga for at norsk litteratur og bokbransjen framleis står sterkt i åra som kjem.

Etter Gunn Enlis meining har Agnes Ravatn klart å få fram andre sider ved forlagsbransjen.

– Å sjå på forlaget med eit skarpt og satiriske blikk som Agnes Ravatn gjer, samtidig som Aschehoug no skal seljast, gjer at det blir veldig aktuelt, Denne boka handlar dessutan om KI som me på HF og heile UiO er opptekne av. Romanen me plukkar ut, skal ta opp notidas moralske og etiske dilemma, men den skal også vera engasjerande for studentane våre og få dei til å lesa meir. Dette er ein fin inngang for studentane til å lesa romanar og ikkje berre pensum, og at dei blir vande til å lesa lange tekstar, seier Gunn Enli til Uniforum.

– Det er ekstra gøy at den er på nynorsk

Prodekanen trur ikkje studentane på Det humanistiske fakultetet vil skygga unna denne romanen, sjølv om den er på nynorsk.

– Det er ekstra gøy at den er på nynorsk. Det er viktig for oss at HF representerer mangfaldet i norsk skriftkultur. Om ikkje det skulle ha vore HF–fakultetet som valde ein roman på nynorsk, kven skulle då ha gjort det? Me ser det som samfunnsoppdraget vårt å løfta fram nynorsken som det det er: ikkje berre eit sidemål og eit sett grammatikkreglar, men eit levande litterært språk. Altfor mange møter nynorsken først og fremst gjennom pugging og «spynorsk»-stempelet. 

Ho meiner at denne romanen kan gi studentane eit heilt anna møte – med eit språk som er tilgjengeleg, aktuelt og litterært kraftfullt. 

Og kvifor det blei akkurat Agnes Ravatn som blei vald denne gongen, har ho også ei forklaring på.

– Me vil visa fram mangfaldet i norsk litteratur. Denne romanen er også ein inngang til ein svært relevant forfattarskap. Og Agnes Ravatn skriv skarpt og humoristisk om sjølvbilete, sosialt press og spriket mellom den me er og den me gjerne vil vera.

Prodekan Gunn Enli ser fram til bokbadet den 3. september akkurat som forfattaren Agnes Ravatn. – Eg veit at ho gler seg til å koma hit.

– Vårt svar på skjermdebatten

Ho peikar på at i «Operasjon sjølvdisiplin» undersøkjer Ravatn heilt konkret korleis digitale distraksjonar utfordrar konsentrasjonen vår.

– Det gjer forfattarskapen hennar særleg relevant blant studentane. Sjølv om det ikkje er ein roman, men den handlar om det som mange studentar slit med. Og den går inn i skjermdebatten om me skal forby mobiltelefonar i undervisning. Heile HF les er vårt svar på skjermdebatten: ikkje eit mobilforbod eller ein moralsk peikefinger, men ein invitasjon til noko anna. Me gir studentane ein roman og seier: Legg bort mobilen ei stund - og les saman med oss, oppfordrar prodekanen.

Gunn Enli har heller ikkje fått klagar frå studentane på at den romanen dei no får utlevert, er på nynorsk.

– Me har hatt testlesarar i målgruppa som syntest det var ei av dei beste bøkene dei hadde lese. Og det var ingen som meinte at den var vanskeleg og utilgjengeleg. Dei meinte den også var spennande. Det er ein kort og lettlesen roman, slo dei fast, fortel Enli.

Bokbad med forfattaren

Det humanistiske fakultetet får eit eige opplag av romanen «Doggerland» frå Samlaget. Der står det også trykt «Heile HF les». Forlaget betaler for transporten og trykkinga, medan Det humanistiske fakultetet betalar forfattaren royalties for dei til saman 1200 eksemplara som begynnarstudentane får.

No oppfordrar Gunn Enli alle litteraturinteresserte til å dra på bokbadet med Agnes Ravatn den 3. september kl. 16.15 i Niels kaffebar på Blindern. 

Bokbadet blir fylgt opp med lesesirklar og emne om forfattarskapen til Agnes Ravatn. Fakultetet inviterer også studentane til eit arbeidslivsretta besøk hos Samlaget.

– I lesesirklane skal me diskutera romanen, så der må deltakarane ha lese boka på førehand. Besøket hos Samlaget skal gi studentane innblikk i redaksjonelt arbeid og kva slags karrierevegar som finst i forlagsbransjen, fortel ho.

Humanistisk utdanning for politiet

Gunn Enli har hatt kontakt med Agnes Ravatn.

– Eg veit at ho gler seg til å koma hit og eg håpar at så mange som mogleg vil møta henne. I fleire av bøkene sine skriv ho om humaniora og humanistisk utdanning. I romanen «Dei sju dørene» let ho hovudpersonen hevda at politietterforskarar burde ha humanistisk utdanning. Det er ikkje så dumt. Humanistar er trena i å tolka, sjå samanhengar og oppdaga når ei forteljing ikkje heng saman, seier ho og illustrerer det med ei historie frå det verkelege livet på Blindern.

– Då det i 2015 blei meldt at ein vektar var blitt skoten i magen på UiO, sa mannen min, som er litteraturvitar, at historia ikkje kunne stemma. Det viste seg at vektaren hadde skote seg sjølv. Ein litteraturvitar kjenner att eit truverdsproblem når han eller ho høyrer det. Så på det punktet gir eg hovudpersonen til Ravatn i «Dei sju dørene» heilt rett, seier Gunn Enli.