- Det bør vera mogleg å trekkja tilbake ein fredspris

Vinnaren av UiOs menneskerettspris, Brian Dooley, har eit råd til nobelkomiteen. – Dersom eg hadde hatt makt til det, ville eg ha rådd til å gjera det mogleg å trekkja tilbake ein pris om vinnaren ikkje hadde levd opp til verdiane prisen står for.

GJER FLEIRE TING: Brian Dooley er kjent for å ha dokumentert overgrep, løfta fram menneskerettsforkjemparar, gitt humanitær hjelp i krigsområde og sørga for å verna grunnleggjande fridomar. Foto: Ola Gamst Sæther
Publisert

Måndag 8. desember fekk Brian Dooley (62) utdelt UiOs menneskerettspris for 2025 i Domus Bibliotheca. Han er kjent som forsvarar for menneskerettsaktivistar  menneskerettsaktivistar frå mellom anna Ukraina, Gaza, Kenya og Nord-Irland.

Han har dokumentert overgrep, løfta fram menneskerettsforkjemparar, gitt humanitær hjelp i krigsområde og sørga for å verna grunnleggjande fridomar. I 16 år jobba han for Amnesty International. 

I dag er han seniorrådgjevar for Human Rights First som har hovudkvarter i Washington D.C. Han har også vore fungerande seniorrådgjevar for FNs spesialrapportør for menneskerettsaktivistar Mary Lawlor frå 2020-2023.

Uniforum møter Brian Dooley nokre timar før prisutdelinga i Domus Bibliotheca. 

Me går frå Grand Hotel til Universitetsplassen der han brått stansar opp når han ser svære plakatar av seg sjølv som vinnar av UiOs menneskerettspris for 2025.

LITT POLITISK MERKSEMD: – Du kan sitja i mange månader og skriva ein rapport, og i beste fall får du ein kort presseomtale eller litt politisk merksemd. Begge delar kan vera givande. Men det er det humanitære arbeidet som har den augeblikkelege påverknaden, erfarar Brian Dooley

- For meg kjendest det som om dette var noko som skjedde med ein heilt annan person, fortel han, før me går vidare opp trappa til Domus Bibliotheca og inn i Rettshistorisk samling for å samtala meir med prisvinnaren Brian Dooley frå Irland.

Han vedgår at han blei ganske paff då han ein dag i august fekk ein e-post med beskjed om at viserektor Mathilde Skoie ved UiO ynskte å få tak i han.

- Eg frykta at noko hadde gått gale med prosjektet om Nord-Irland som eg hadde samarbeidd med Norsk senter for menneskerettar om.

- Då ho ringte meg, fortalde ho meg at ho nettopp var begynt som viserektor, og den første oppgåva hennar var å fortelja meg at UiOs menneskerettspris var tildelt meg for 2025, seier han til Uniforum.

– Uappetittlege utsegner

Den veka han er i Oslo er både universitetsbygningar og andre bygningar i Noregs hovudstad pryda av plakatar for Oslo Peace Days. Den store hendinga er utdelinga av Nobels fredspris til demokratiforkjemparen Maria Machado frå Venezuela.

- Den 10. desember blir Nobels fredspris delt ut til Venezuelas opposisjonsleiar Maria Corina Machado. Mange har kritisert avgjerda. Kva meiner du om den prisen?

- Ærleg talt, så har eg ikkje tenkt så mykje over den saka. Nobels fredspris er interessant for meg fordi den framleis har høg prestisje, sjølv om nokre av pristildelingane har vore kontroversielle. Også årets pris er det. 

Han skildrar nokre av utsegnene til Maria Corina Machado som ganske uappetittlege og synest heller ikkje noko om støtta ho har gitt til Trump. 

Brian Dooley kjem også med eit råd til nobelkomiteen.

- Etter det eg forstår kan ikkje nobelkomiteen trekkja tilbake tidlegare pristildelingar, som til dømes den til Aung San Suu Kyi og andre omdiskuterte prisvinnarar. Dersom eg hadde hatt makt til det, ville eg ha rådd til å gjera det mogleg å trekkja tilbake ein pris om vinnaren ikkje har levd opp til verdiane prisen står for, seier han.

– Evakuerte folk frå ein landsby under eld i Ukraina

Brian Dooley peikar på det vitskaplege arbeidet Leo Eitinger, som grunnla det som i dag heiter UiOs menneskerettspris, gjorde.

ANERKJENNING: – Det må ha vore det at eg har vore med på å bringa humanitær hjelp til folk, frakta mat og medisinar og legar til folk, og det eg har vore med på i Ukraina dei siste åra, å evakuera folk ut frå ein landsby som har vore under eld, seier Brian Dooley om grunngjevinga for prisen han er tildelt.

- Eitinger var ein imponerande person som dreiv med psykiatrisk forsking, forska på posttraumatisk stress-syndrom, samtidig som han også behandla pasientar.

Brian Dooley ser på prisen som ei anerkjenning for det arbeidet han sjølv har gjort i ein del kriseramma område i verda.

 - Eg har vore med på å bringa humanitær hjelp til folk, frakta mat og medisinar og legar til folk, seier han og fortel om då han var med på å evakuera folk ut frå ein landsby i Ukraina som var under eld. 

Slik blir lagt merke til, peikar han på.

Andre prosjekt har ikkje vore like synlege.

- Du kan sitja i mange månader og skriva ein rapport, og i beste fall får du ein kort presseomtale eller litt politisk merksemd. Begge delar kan vera givande. Men det er det humanitære arbeidet som har den augeblikkelege påverknaden, slår han fast.

Alle dei internasjonale standardane og reglane som me har bygd opp gjennom mange tiår, har feila totalt

– Me har feila

- Du har drive med prosjekt både i Ukraina og i Gaza. Går det an å samanlikna situasjonen i dei områda av verda?

- Det som er klart er at me har feila og halde fram med å feila begge stader, men også i Sudan, peikar han på. 

Sjølv var han i Gaza under den tre veker lange israelske invasjonen i 2008-09.

- Den gongen blei rundt 1100 personar drepne i den korte tida det stod på. Det var eit høgt tal på den tida. Når du samanliknar det me det som har skjedd dei siste to åra, er det likevel ein heilt annan skala. No har internasjonale lover og standardar blitt totalt ignorerte. Og dei som har brote reglane for krig, har gått frie, konstaterer han.

Brian Dooley ser også korleis konflikten mellom Israel og Hamas i Gaza og Russlands invasjon i Ukraina har vekt ulike reaksjonar hos ulike folk.

- Mange er raske til å fordømma Russlands invasjon i Ukraina, medan dei ikkje vil kritisera Israel, og også motsett. Det fører til endå meir frustrasjon hos ein menneskerettsaktivist som insisterer på at det skal vera universelle standardar og ingen unntak. Alle dei internasjonale standardane og reglane som me har bygd opp gjennom mange tiår, har feila totalt og dei held fram med å gjera det, konstaterer han.

– Det var også ei frykteleg tid

Brian Dooley er fødd i 1963 og har halde på med menneskerettsarbeid i mange tiår. Når det gjeld situasjonen for menneskerettane i dag samanlikna med situasjonen den gongen han begynte med dette arbeidet, så er han ikkje blant dei som meiner at alt var så mykje betre før.

BOKINTERESSERT: Brian Dooley har doktorgrad i borgarrettshistorie. Han fann intereressante engelskspråklege bøker i Rettshistorisk samling i Domus Bibliotheca.

- Eg vil ikkje underslå at me akkurat no er i ein frykteleg situasjon. Men eg meiner at om folket sitt minne berre går tilbake til 1990, så vil dei generelt sett ha eit anna syn på denne tida enn me som hugsar 1960-og 1970-talet. Det var også ei frykteleg tid, minnest han.

– Det blir sagt at Sovjetunionen kollapsa, men faktum er at unionen blei riven ned av folket

- Eg var tenåring på 1970-talet og blei vaksen på 1980-talet. Då eksisterte Sovjetunionen, mesteparten av landa i Latin-Amerika var diktatur, og i Europa styrte generalane både i Spania og i Hellas. Det var ein fullskala konflikt i Nord-Irland, og dessutan var Sør-Afrika framleis ein apartheidstat. Og viss du spør LHBT-folka som til dels er kua i dag, om dei ville gå tilbake til 1970-og 80-talet, ville dei svart nei på det. Ting er fryktelege no, men dei var endå verre på 1970- og 1980-talet, minner han om.

Han peikar på at folk klarte å endra det den gongen. 

- Det blir sagt at Sovjetunionen kollapsa, men faktum er at unionen blei riven ned av folket. Også diktatorane i Latin-Amerika blei fjerna av folket. Det skjedde også med apartheid-styret i Sør-Afrika. Eg trur det er nødvendig å gjera liknande ting igjen, men det dårlege nyhendet er at det vil ta lang tid, krevja mange krefter og masse offer. Det gode er at eg trur det er mogleg, seier han.

– Mindre støtte for menneskerettane blant yngre menn

Den siste tida har han vore uroleg for ein heilt annan ting. For han har lagt merke til at det er stor skilnad på yngre menn og yngre kvinner når det gjeld engasjementet for menneskerettane.

UROLEG: – Eg likar ikkje tanken på at unge menn tenkjer at menneskerettar er noko dei ikkje skal bry seg om eller ta ansvar for, seier Brian Dooley.

- Det er ein nedgang i støtta for menneskerettane blant yngre menn. Og slik var det ikkje for ein generasjon sidan. Eg begynte å jobba for Amnesty i 1991 og på London-kontoret var det om lag 50 prosent menn og 50 prosent kvinner. Når eg no held talar for menneskerettsstudentar ved eit amerikansk eller europeisk universitet, er mellom 70 og 90 prosent av studentane kvinner, fortel han.

Inntrykket hans er at unge menn ikkje ser på seg sjølve som ein del av menneskerettsrørsla.

- Eg likar ikkje tanken på at unge menn tenkjer at menneskerettar er noko dei ikkje skal bry seg om eller ta ansvar for.

Brian Dooley koplar denne utviklinga også til dei politiske vindane i Polen, Storbritannia, Sør-Korea og USA.

- Det er dei ekstreme høgrepartia som har klart å kapra til seg mange av stemmene frå dei yngre mennene. Så det er noko som held på å skje på det området. Det som uroar meg, er at det er eit problem som me enno ikkje har forsøkt å ta tak i. Eg meiner at dette er noko me må få gjort noko med.

- I Noreg og i andre land i Europa er me urolege for den akademiske fridomen i USA under president Donald Trump. Kva meiner du om det som går føre seg på universiteta der?

- Det handlar i stor grad om kva fridom akademikarane har til å undervisa i og forska på det dei må, og det dei vil. På mange måtar er dette det same som skjedde i McCarthy-tida i USA på 1950-talet. Det verste som skjer er at dei driv med sjølvsensur. Det som er mest skuffande er at nokre akademikar og delar av media er så redde for å bli utsette for målretta angrep at dei overgir seg før angrepet tar til. Det er like øydeleggjande som om folk hadde blitt skotne rett ned, er dommen hans.

MØTTE SEG SJØLV: Brian Dooley møtte eit bilete av seg sjølv, då han vandra ute på Universitetsplassen på veg tl Domus Bibliotheca måndag 8. desember.