Ytring

Frp surfar på klimaskepsis

Kan klimaskepsis og mindre tillit til vitskap vere ei medverkande forklaring til Frp’s framgang?

Unni Eikeseth peiker på at 99 prosent av alle klimastudiar konkluderer med at klimaendringar er menneskeskapt. - Men om lag ein av fire nordmenn har altså ikkje tatt dette inn over seg.
Publisert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Valet er over, og tala viser at nesten kvar fjerde nordmann stemmer på eit parti som i denne valkampen har profilert seg på å kutte klimatiltak. Det kan virke uforståeleg i ei tid der klimaendringar fører til stadig hyppigare ekstremvêrhendingar, som også set infrastruktur i Noreg ut av spel. Men realiteten er at mange nordmenn ikkje deler denne situasjonsforståinga. Mens vi likar å sjå på oss sjølv som rasjonelle og kunnskapsrike viser nemleg nye studiar at om lag ein av fire nordmenn er klimaskeptikar. Vi skårar også dårlegare enn mange andre land når det gjeld tiltru til vitskap og forskarar.

I ei undersøking av folk si oppfatning om klima i seks ulike land frå 2022 kom det fram at heile 24% av nordmenn er ueinige i at klimaendringar skuldast menneskeleg aktivitet (Pertitia, 2022). Studien viste også at Noreg er på botnen av landa i studien når det gjeld oppfatning av kva trussel klimaendringar utgjer. Mens 59% av italienarar meiner at klimaendringar utgjer ein trussel her og no, er det berre 27% nordmenn som meiner det same. Over halvparten av nordmenn (52%) bekymrar seg ikkje for kva konsekvensar klimaendringar kan ha for dei personleg. Og ein tredel av nordmenn trur ikkje det er noko poeng å endre eigne vanar for å takle klimaendringar.

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Ei medverkande årsak til den utbreidde klimaskepsisen i Noreg kan vere interessegruppene rundt oljeindustrien og forteljingane dei har bidratt til å fortelje om klimaproblema, noko blant anna forskar Ketil Raknes har undersøkt.

Nordmenn har mindre tiltru til forskarar enn naboland.

Noreg skårar også dårlegare enn våre nordiske naboar når det gjeld tiltru til vitskap og forskarar. I ein omfattande studie i 68 land, publisert i 2025, kom Noreg på 39. plass i tiltru til forskarar, like bak DR Kongo. Noreg skåra for øvrig dårlegare enn USA, som kom på 12. plass. Studien viser også at Noreg er eitt av dei landa der det er samanheng mellom politisk ståstad på høgresida og mindre tillit til forskarar.

Det vitskaplege kunnskapsgrunnlaget viser at klimaendringar er reelle og skuldast menneskelege utslepp. Ein studie frå 2021 viste til dømes at heile 99% av alle klimastudiar konkluderer med at klimaendringar er menneskeskapt. Men om lag ein av fire nordmenn har altså ikkje tatt dette inn over seg.

Med denne feilaktige situasjonsforståinga er det kanskje ikkje så rart at mange nordmenn, også unge, stemmer på parti som vil seinke Noregs klimamål og kutte støtte til klimatiltak.