Ukrainas førstedame signerte avtale med UiO

I dag møtte Ukrainas presidentfrue Olena Zelenska UiO-rektor Ragnhild Hennum på Blindern.

SIKKERHETSVAKTER: Det var vakter og politi overalt då Olena Zelenska var på besøk på UiO. Her står ho saman med UiO-rektor Ragnhild Hennum.
Publisert

Ti svarte personbilar og minibussar flankerte av politi på motorsyklar og spaserande politi, det var ramma utanfor Lucy Smiths hus då Ukrainas presidentfrue Olena Zelenska var på besøk hos UiO-.rektor Ragnhild Hennum i dag. 

Skreiv under avtale 

Uniforum får opplyst frå Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt at ho kom til UiO for å signere ein avtale mellom Global Coalition of Ukrainian Studies (GCUS) og Universitetet i Oslo.

- Me er glade og æra over at førstedama ville koma til Universitetet i Oslo. Me har samarbeidd akademisk og praktisk med Ukraina sidan fullskalainvasjonen i 2022, og vil fortsetja det gode samarbeidet gjennom denne avtalen. Førstedama trefte blant andre fleire av studentane våre i ukrainsk språk som Det humanistiske fakultetet tilbyr. Det trur eg både ho og dei sette stor pris på, skriv rektor Ragnhild Hennum i ein epost til Uniforum etter besøket. 

GCUS er eit internasjonalt initiativ lansert av Ukrainas førstedame Olena Zelenska. Hovudmålet med koalisjonen er å samla innsatsen til universitet og forsknngsinstitusjonar frå heile verda for å betre forstå Ukraina og utvikla ukrainske studium.

Besøkte også Oslo-skule

Olena Zelenska kom til Noreg i går, og då besøkte ho mellom anna Bentsebrua skole på Sagene i Oslo. Zeleneska er gift med Ukrainas president Volodomyr Zelensky og er utdanna arkitekt. Ho har også vore tekstforfattar i produksjonsselskapet mannen jobba for, før han blei valt til Ukrainas president. 

Uniforum fekk ikkje vera med på møtet Olena Zelenska hadde med rektor Ragnhild Hennum, men måtte stå utanfor saman med fleire andre frammøtte.

Til stede på møtet var også dekan Frode Helland på Det humanistiske fakultetet. Både han og rektor Ragnhild Hennum fylgde Olena Zelenska ut av Lucy Smiths hus og bort til den ventande limousinen.

Følg UA på Facebook og Instagram.