Ytring

«Det er ikkje anna å gjere enn å legge seg flat og be om orsaking»

Skuldinga om at NTNU driv 'systematiske regelbrot' på målbruk - «er ein insinuasjon om medviten sabotering av norsk lov som saknar grunnlag,» skriv prorektor Marit Reitan i dette svaret til Erlend Bakke. Men det er eit faktum at lovkrava ikkje er følgd, skriv ho.

Marit Reitan: Set pris på ein god språkdebatt.
Publisert Sist oppdatert



I ei ytring i Universitetsavisa måndag 22. mai utfordrar Erlend Bakke NTNU-leiinga kring brot på språklova og det han kallar NTNUs «systematiske, langvarige og omfattande brot på reglane for offentleg kommunikasjon». Han spekulerer i om dette skuldast at leiinga eigentleg ikkje liker nynorsk i det heile og derfor ikkje ser noko poeng med å oppfylle språklege rettar.

No kom denne visitten til leiinga i eit tilsvar til Jon Olaf Olaussens innlegg i UA 12. mai. Eg skal ikkje delta i nett det ordskiftet, men berre seie at eg generelt sett pris på ein god språkdebatt på NTNU – det kan det knapt bli for mykje av. Her har òg Lars Lundheim og Kristin Melum Eide bidratt konstruktivt med sine innlegg. Takk for det.

Det eg kan og vil seie noko om, er NTNUs språkpolitikk, som nyleg blei revidert. Dei nye retningslinene tok til å gjelde frå årsskiftet. Dei legg språklova frå 2021 til grunn. Sjølvsagt skal NTNU følgje lova og respektere studentar og tilsettes språklege rettar, og sjølvsagt skal vi bruke dei offisielle skriftspråka i samsvar med lova. Dette står klart i retningslinene våre. Det er fritt fram for enkeltpersonar å meine kva dei vil om bokmål og nynorsk – eller om samnorsk, for den del. Som ansvarleg statsorgan kan ikkje NTNU velje om vi vil følge lova eller ei. Som leiarar representerer vi institusjonen og skal stå fram som gode eksempel. Vi treng ikkje vere ‘lydige’ i Bakkes tyding, men vi skal absolutt vere lovlydige.

Eg tar avstand frå Bakkes påstand om at NTNU skal ha drive ’systematiske’ regelbrot med omsyn til målbruk – det er ein insinuasjon om medviten sabotering av norsk lov som saknar grunnlag. Men, vi kan ikkje nekte for at vi i alt for lang tid og i for mange høve ikkje har oppfylt lovkrava om målbruk. Dels er ein forsvinnande liten del av vår offentlege informasjon, skjema og dokument på nynorsk, dels oppfyller vi ikkje krava til veksling i målbruk i tekstar og kommunikasjon. Eg trur ikkje det handlar om språkleg arroganse, men meir om mangel på kompetanse. Resultatet er det same for dei som ikkje får oppfylt rettane og forventningane sine.

Det er ikkje anna å gjere enn å legge seg flat og be om orsaking, for så i neste omgang å gjere noko med det. Rektor sett no ned eit fast språkpolitisk utval som skal følgje med på språksituasjonen, gi rektor råd og foreslå tiltak. Mykje vil handle om å auke språkkompetansen på ulike vis, noko vil sikkert dreie seg om å tilby hjelpesystem og støttetenester. Det vil utan tvil krevje ressursar, men framfor alt trengst det at vi alle tar i eit tak for å betre situasjonen, både leiarar og andre tilsette ved NTNU. IE-fakultetet, til dømes, har gått framom med nettsider på to språk: engelsk og nynorsk. All ære til dei. Vi andre får berre skjerpe oss. Ein god start kan vere å ta inn over oss språklova og våre eigne retningsliner.