Ytring

Om bokmål, nynorsk og andre språk – i riktig gamle dagar

- Nett slik ein trenar alle andre musklar, må språkmuskelen også trenast, skriv språkprofessor Kristin Melum Eide i denne kommentaren til debatten om norsk og nynorsk som gjestekommentaren til professorkollega Jon Olaf Olaussen gav opphav til.

Språket som superkraft: - No i nyare tid har ein skjøna at det å vere tospråkleg, og gjerne fleirspråkleg, ikkje sprengjer hjernen sund, men i staden gjer hjernen din til ein betre prosessor, skriv Kristin Melum Eide.
Publisert Sist oppdatert



I riktig gamle dagar var det mange som trudde at hovudet var som ei vassbytte – ein skulle vakte seg vel for å pakke for mykje inn i det, for elles kunne det sprengjast. Ein vart sjukeleg og skranten av for mykje lærdom. Særleg gjaldt dette språk. Og særleg grammatikk; om ein måtte fram med boka og pugge noko, kunne det gå riktig ille. Det er berre å sjå til vesle Marius i Aleksander Kiellands Gift. Han døydde, han. Av ein overdose med latin.

«Mensa rotunda, sa lille Marius – og døde.»

I riktig gamle dagar, då hadde ein fornorskingspolitikk i Noreg. Då kravde ein av samar og kvenar at dei skulle sende borna sine på internatskule, så ein kunne forstå dei på folkvis. Og sidan norsk var det einaste rette språket og alle andre språk var mindre verde, fekk ein samar og kvenar til å snakke norsk til ungane sine, sjølv i heimen, sjølv når berre familien var til stades. For ungane ville berre bli forvirra om dei måtte pakke fleire språk inn i hovudet, og kvifor skulle ein då prakke på dei foreldra sitt språk som var omgjeve av kjensler av skam og mindreverd. Så vart familien sitt eige språk snart utrydda; slik det skjer med alle språk som ikkje vert bruka.

I riktig gamle dagar snakka ein om «halvspråklege» born og unge, som ikkje meistra verken sitt eige språk eller majoritetsspråket. Når ein skulle måle kor halvspråklege desse borna var, vart det bruka ein vokabulartest, ein test som målte storleiken på ordtilfanget hjå kvart enkelt barn. Her kom tospråklege born ganske så skeivt ut, for ord må lærast ved at ein høyrer eller les dei, og i og med at tospråklege ungar ikkje har fått tildelt fleire timar i døgnet enn andre ungar, må dette døgnet naudsynt delast på dei to språka dei brukar. Storleiken på ordtilfanget vert etter kvart vanlegvis like stort for tospråklege born som for einspråklege, men det må rimelegvis ta noko lengre tid. Men i riktig gamle dagar brukte ein slike testar som klare bevis på at tospråklege ungar hadde ei dårlegare kognitiv utvikling – dei vart ganske enkelt dummare.

I riktig gamle dagar, i USA, var plantasjeeigarar redde for at slavane skulle rotte seg saman og drepe dei i sengene sine om dei kunne kommunisere med kvarandre på eit språk slaveeigarane ikkje forstod. Difor fekk ikkje slavane lov til å snakke sitt eige språk, det var eit brotsverk som kunne straffast på alvorlegaste vis. Dei skulle snakke engelsk, og berre engelsk. Dessutan, alle kjenner seg mest heime og sjølvsikker i sitt eige språk – sjølv nyfødde spedborn. Det var heller ikkje naudsynt å bygge opp psyken til slavane på den måten.

I riktig gamle dagar valde Danmark å utrydde så godt som alle dialekter via sin språkpolitikk. For å skåne borna. Og resultata ser ein i dag: «Foreldre snakkar standarddansk til barna av frykt for at dei skal få problem fordi dei ikkje kan riksdansken godt nok, forklarer dialektforskar Marie Maegaard ved Københavns Universitet til avisa Kristeligt Dagblad.»

I riktig gamle dagar valde ein i Noreg å gå i ei heilt anna retning. Her fekk dialektene ein heilt annan status, om det så var på Stortinget kunne ein snakke si eiga dialekt og vente å bli forstått. Og resultata ser ein i dag: Norske ungdomar skjønar andre nordiske språk, nabospråka sine, langt betre enn ungdomar i nabolanda. Til og med norsk innvandrarungdom skjønar nabospråka sine betre enn danske (og svenske) ungdomar gjer.

No i nyare tid har ein skjøna at det er dette strevet som gir resultat

No i nyare tid har ein skjøna at det å vere tospråkleg, og gjerne fleirspråkleg, ikkje sprengjer hjernen sund, men i staden gjer hjernen din til ein betre prosessor. Mykje ny forsking tyder på at fleirspråklege eldre utviklar t.d. symptom på demens fleire år seinare enn sine einspråklege jamaldringar. Og likeins, tospråklege born har ofte ikkje berre betre verbale kunnskapar, men også betre resultat i STEM-faga. Det er sjølve hjernen sine kontrollfunksjonar som blir betre av å styre på med fleire språk, fann ein ut.

No i nyare tid har ein skjøna at det er dette strevet som gir resultat. Det er akkurat det som er så frykteleg strevsamt med å lære eit andre- eller framandspråk som gjer hjernen din til ein betre prosessor, seier forskarane. Nett slik ein trenar alle andre musklar, må språkmuskelen også trenast. Ein får ikkje resultata ein ønskjer om ein trapper ned og ned og ned på treninga. Om ein vel intervall, styrke eller kappgang er i grunnen opp til ein sjølv. Men det er nok få treningsekspertar som vil råde deg til å skåne kroppen mest mogleg, og røre han så lite som råd, om du vil bli frisk som ei fele.

No i nyare tid har norske språkforskarar tatt til med å undersøkje i kva grad ein kan oppnå dei same kognitive fordelane ved å utsetje seg for bokmål og nynorsk (og kanskje generelt den norske språksituasjonen). Ein ser at ungdomar i nynorskkommunar generelt gjer det veldig bra i skulen. Og det finst også resultat som peikar i retning av at ein oppnår nokre av dei same effektane ved å meistre to målformer som å meistre to ulike nasjonalspråk.

No i nyare tid har det kome opp ein debatt om dialektar i riksmedia og no heilt sist, om kor naudsynt det no kan vere at NTNU opprettheld den lovpålagde kvota med nynorsk. Det må vel finnast andre og meir fornuftige ting ein kan bruke alle desse skattekronene på, seier somme.

Men kva finst det å bruke pengar på som kunne vere viktigare enn å sørgje for fleire språk til fleire? Om flest mogleg fekk lært flest moglege språk, ville det med alt sannsyn utstyre heile det norske folket med ein hjerne som vart ein betre prosessor.

No i nyare tid lyt ein spørje seg: Kva skulle kunne vere meir samfunnsnyttig og meir samfunnsøkonomisk lønsamt enn det?