gJESTESKRIBENTEN

Framtida bankar på døra, men kven opnar?

- Eg har endra meining frå å vere positiv til nynorsk, via å ikkje bry meg, til å tenkje at no er løpet køyrt for disiplane til Ivar Aasen, skriv Jon Olaf Olaussen i høvet nynorskdagen 12.mai

Jon Olaf Olaussen NTNU Handeshøyskolen
Jon Olaf Olaussen kjem med sine refleksjonar om nynorsk på sjølvaste nynorskdagen.
Publisert Sist oppdatert
Fakta

Jon Olaf Olaussen

Jon Olaf Olaussen er en av UAs seks gjesteskribenter.

Navn: Jon Olaf Olaussen .

Utdanning: Hovedfag og doktorgrad i Samfunnsøkonomi.

Nåværende jobb: Professor i Samfunnsøkonomi ved NTNU Handelshøyskolen, Prodekan forskning ved Fakultet for økonomi, NTNU.

Roller i UH-sektoren: Leder for Senter for Bolig- og Miljøøkonomi, NTNU Handelshøyskolen Medlem av NTNUs Æresdoktorkomite.

Faglige interesser: Miljø- og ressursøkonomi, Eiendomsøkonomi.

Opptatt av: Akademia, NTNU og universitetspolitikk, især viktigheten av fri forskning.

I dag er det nynorskdagen, og Noregs mållag inviterer alle til å skrive nynorsk på denne dagen. Eg tek oppmodinga til følgje, men ikkje berre det- for å verkeleg gjere stas på dagen vert nynorsk dagens tema. (For ordens skuld: Eg er fullt medviten om at nynorsken i teksten skrantar, men om det vert fokuset ditt, har eg i alle høve ikkje fått fram bodskapen).

Tittelen på dagens gjestekommentar er inspirert av eit ti år gamalt intervju med presidenten i Toillingforbundet, Lornts Mørkved. Då han vert spurd om kvar vegen gjekk vidare for forbundet svara han: «Det har vi også lurt mye på. Hvor går vi? Framtiden står for døren, men hvem åpner? Vi vet vi er på rett vei, men vi er litt usikre på hvilken det er….»..

Nøyaktig slik kjenner eg det er med nynorsk i dag. Nynorsk kling etter mi meining betre enn bokmål. Eg har likevel endra meining frå å vere positiv til nynorsk, via å ikkje bry meg, til å tenkje at no er løpet køyrt for Ivar Aasens disiplar. Eller rettare sagt, la oss gjerne halde fram med nynorsk, men krav om prosentar nynorsk og bokmål, det høyrer fortida til. Om vi vel nynorsk eller bokmål er òg likegyldig for meg, men å halde fram med to skriftspråk som er tilnærma klin like, og attpåtil halde oss med eit språkråd som kvart år sender ut rapportar og refsande meldingar i media om at statlege institusjonar og organ ikkje bryr seg om nynorskkravet, det blir for dumt.

Eit knippe titlar frå media dei siste åra viser til dømes kor mykje NTNU bryr seg (dei andre universiteta er ikkje særleg betre).

«Vil ha bot for brot på språklova. Under fem prosent nynorsk på fleire universitet» (2023)

«NTNU Bryter språkloven nok en gang, men to faglige sentre er unntaket» (2022)

«Anser situasjonen ved NTNU som alvorlig» (2021)

«NTNU Leiinga: Universitetet har ikkje tid til nynorsk» (2020)

«NTNU er nynorsk versting- igjen» (2019)

«Flau over manglande språkpolitikk på NTNU» (2017)

«NTNU er versting på nynorsk» (2016)

«Nynorsk versting» (2012).

Det er vel ingen som er usamde i at nynorsk har vore viktig historisk, men kva bidreg skiljet mellom bokmål og nynorsk til i dag? Hadde det verkeleg vore denne kampen Ivar Aasen hadde teke no? Eg tvilar. Det har då skjedd eit og anna med verda sidan midten av 1800 talet. For mi del tenkjer eg på nynorsk éin gong i året, det er når eg skal lage eksamensoppgåver. Kvart einaste år er det minst ein student som med lova i hand har kryssa av for at hen skal ha eksamensoppgåva på nynorsk. Kjem svara på nynorsk av den grunn? Nei, eg kan i farta ikkje hugse eit einaste svar i løpet av alle mine år som førelesar på NTNU som har vore på nynorsk.

Eg diskuterte nyleg nynorsk med ein kollega, og den spontane kommentaren hans til at vi held oss med to skriftspråk var at «det er berre tull». For å få til ein interessant diskusjon kasta eg eit kjøttbein til han, nemleg dei vanlege argumenta for nynorsk: kultur, historie, identitet og mangfald. Han fillerista kjøtbeinet og glefsa tilbake at dette var «nedrig, småleg og sjølvoppteken argumentasjon». Han heldt fram med nokre spørsmål: «Er språkleg mangfald verkeleg bra i seg sjølv? Forstår vi til dømes andre kulturar betre nett fordi dei har eit språk vi ikkje skjønar eit kvekk av, eller er manglande språkkunde heller eit hinder for å verkeleg forstå andre kulturar?»

Svara får henge i lufta.

Identitet og kultur er vel og bra, men det er vel neppe primæroppgåva til eit skriftspråk? Det må vel trass alt vere kommunikasjon? Og vert kommunikasjonen betre av at vi har flest mogleg variantar? I sin årlege klagesong seier Språkrådet at det er svært alvorleg at norske statlege institusjonar ikkje overheld kravet om nynorsk. Argumentet er at språkleg mangfald er viktig. Javel, det kan altså synsast som om desse statlege institusjonane ikkje er heilt einige. Sjølv om dei lovar bot og betring, legg til dømes ikkje NTNU skjul på at ein tykkjer ein har viktigare ting fôre om vi les mellom linjene, eller titlane, frå medieoppslaga nemnt ovanfor. Kvifor? Kan det vere at nynorsk har vorte ein kuriositet for særs interesserte, og kor tida er inne for å kople pasienten frå det kunstige andedrettet og sjå om det er liv laga? Det er kanskje andre pasientar som treng senga, til dømes norsk fagspråk i møte med engelsk.

Det er no berre 11.6% av norske elevar som vel nynorsk som hovudmål. Ikkje ein gong i nynorskfylket Møre og Romsdal vel fleirtalet av elevane nynorsk. Pasienten er altså døyande, og det er vel berre eit spørsmål om kor lenge hen skal seigpinas. Ein treng ikkje vere spåmann for å skjøne at språklova i fjor kom til inga nytte. Like lite som vi får tilbake gammalnorsk, vil nynorsk få ei ny storheits-tid.

Løysinga Språkrådet foreslår er bøter. Eg har eit mykje betre forslag til Språkrådet: Både bokmål og nynorsk er no så utvatna med alle tenkjelege og utenkjelege sidevariantar ein tillèt, at ein berre kan ta steget fullt ut og tillate dei få bokmålsvariantane som står igjen i nynorsk, og vice versa, så får vi eitt språk. Før ein no startar ein opprivande debatt om kva det nye språket skal heite har eg allereie eit innovativt og kreativt forslag. Kva om vi rett og slett kallar det norsk?