Ho er årets forskingsformidlar

Inga Strümke ved NTNU er tildelt Forskingsrådets formidlingspris 2023 for formidling om kunstig intelligens.

Inga Strümke har på kort tid vorte den mest synlege forskaren og formidlaren innanfor kunstig intelligens i Noreg.
Publisert Sist oppdatert

Strümke får prisen for stort engasjement og utmerkt formidlingsevne, kombinert med høg fagleg kunnskap. Det skriv Forskningsrådet i ein pressemelding.

- Gratulerer så mykje til Inga Strümke med formidlingsprisen! Vi treng uredde forskarar innan alle fag som deler kunnskapen sin. Strümke har verkeleg imponert med å opplyse og synleggjere samfunnsdebatten på eit så viktig felt som kunstig intelligens, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch i pressemeldinga.

Fakta

Juryen for formidlingsprisen:

  • Anine Kierulf (førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo)
  • Alexandra Beverfjord (konserndirektør, Aller Media AS)
  • Asle Haukaas (kommunikasjonsdirektør, Veterinærinstituttet)
  • Christian Lund (spesialrådgivar, Forskingsrådet)

Forskar på kunstig intelligens

Strümke har ein doktorgrad i partikkelfysikk og er førsteamanuensis ved institutt for datateknologi og informatikk, ved NTNU. Der forskar ho på kunstig intelligens.

På kort tid har ho vorte den mest synlege forskaren og formidlaren innanfor kunstig intelligens i Noreg. Ho har også ein omfattande formidlingsaktivitet bak seg, inkludert den bestseljande boka Maskiner som tenker.

- Ho er ein rollemodell

Administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit meiner prisen er høgst fortent.

- Ho er ein fantastisk formidlar som skaper entusiasme for naturvitskap, teknologi, kunstig intelligens og viktige samfunnsspørsmål. Ho er rett og slett ein framifrå rollemodell, seier Tveit.

Juryen vektlegg at Strümke får prisen fordi ho i formidlinga si er oppteken av både på den faglege utviklinga av feltet kunstig intelligens og av korleis kunstig intelligens har innverknad på samfunnet. 

Samstundes trekk dei fram at ho deltek med stort engasjement i samfunnsdebatten om eit komplisert forskingsfelt som har konsekvensar for heile samfunnet.

Rektor: Inga ein viktig stemme

Både rektor Anne Borg og dekan Ingrid Schjølberg er stolte og glade på vegne av prisvinnaren.

- Det er første gong nokon frå NTNU får denne prisen, så det var i grunnen på tide. Når Inga nå får denne prisen, så er det ingen i tvil om at det var rett val. Det er ei ære å få vera tilretteleggar, heiagjeng og støtteapparat, seier dekan Schjølberg.

- Inga er eit fantastisk førebilete og ein viktig stemme i samfunnsdebatten. Gjennom sitt engasjement gre ho bidratg til å sette eit stort og viktig tema på dagsorden. Ho er ein dreven formidlar som evner å treffe eit bredt publikum, som lyttar og blir lytta til, seier rektor Borg.

Følg UA på Facebook og Instagram.