KI kan bli brukt til å setja og grunngi karakterar om 20 år
– Eg trur at om 20 år kjem kunstig intelligens til å bli brukt i nokre fag både til å setja karakter og gi grunngjevingar for karakterar, seier Anders Malthe-Sørenssen.
I SKOTET: – Eg opplever stor interesse for å bruka KI som eit verktøy i undervisninga, seier fysikkprofessor Anders Malthe-Sørenssen som er leiar for utvalet om kunstig intelligens i høgare utdanning. Foto: Ola Gamst Sæther
Martin ToftMartinToftMartin ToftUniforum
Publisert
Korleis endrar KI utdanning? Det var temaet for ein samtale om kunstig intelligens i Domus Bibliotheca ved Universitetet i Oslo tysdag morgon som Uniforum deltok på.
Innleiar var leiaren for utvalet om kunstig intelligens i høgare utdanning, fysikkprofessor Anders Malthe-Sørenssen ved UiO.
I tillegg deltok pedagogikkprofessor Crina Damsa og førsteamanuensis i informatikk Omid Mirmotahari, også frå UiO. Jussprofessor Malcolm Langford var møteleiar.
- KI vil forklara pensum like godt som undervisarane våre
- Me lærer matematikk for at me skal læra ein bestemt måte å driva tenking på. Målet er å bruka den generelle evna vår til å tenkja, ikkje å finna fasitsvar på matematikkoppgåver, understreka Anders Malthe-Sørenssen.
Men han viste også korleis kunstig intelligens no er i ferd med å endra alt det som me tidlegare har blitt vande med frå auditoria.
- KI vil kunna læra dei produkta me tilbyr studentane våre slik at dei får produsert til toppkarakter. For KI vil kunna forklara pensum og gi tilbakemeldingar like godt som undervisarane våre, slo han fast.
Så viste han til eit oppslag frå NRK Austlandet, der studentar frå Universitetet i Søraust-Noreg var urolege for manglande retningslinjer og kompetanse ved bruk av kunstig intelligens i studiearbeidet.
- Studentane går frå å hugsa og memorera til å skapa noko sjølve. Det krev nye ferdigheiter, sa Malthe-Sørenssen og viste til bruk av video og podkast som nye verktøy for studentane. Han kalla dette for interaktivt tilpassa læringsaktivitetar.
- Det kan føra til ei ekstrarekning på opptil 800 millionar kroner
Malthe-Sørenssen kom også inn på kva dette vil ha å seia for eksamensformene.
- Universiteta og høgskulane skal sertifisera studentane sin kompetanse. Noko kan derfor gjerast med eksamensformene, sa han.
Malthe-Sørenssen varsla også at det kunne bli dyrt for universiteta og høgskulane å byggja opp infrastruktur for kunstig intelligens med tanke på at kvart abonnement for Chat GPT vil koma på 300 kroner i månaden.
- Det kan føra til ei ekstrarekning på opptil 800 millionar kroner for institusjonane, frykta han.
I ein samtale med Uniforum etter debatten forklarar han nærmare korleis han ser for seg framtida med kunstig intelligens i undervisninga.
- KI utfordrar sertifiseringa
- Personleg trur eg at om 20 år kjem KI til å bli brukt i nokre fag både til å setja karakterar og til å gi grunngjevingar for karakterar. Men det vil vera store faglege variasjonar. Å føreseia kvar KI viser seg å vera best, er vanskeleg. Derfor ynskjer me i utvalet at me utforskar bruken av KI til dette, men under trygge rammer, understrekar han.
- Er det fare for at utstrekt bruk av kunstig intelligens blant studentar, kan føra til at ein grad frå universitetet blir verdilaus?
- Eg trur at universiteta kjem til å halda fram med å vera viktige institusjonar både for å utdanna studentar og for å sertifisera kompetansen til studentane. KI utfordrar sertifiseringa, fordi det kan vera vanskeleg å avgjera om eit arbeid kjem frå eit KI-system eller ei student. Eg trur også me kan ta grep for å sikra integriteten til sertifiseringa, seier han til Uniforum.
Han kjem også inn på om ein også kan tenkja seg at kunnskapen frå høgare utdanning blir mindre verdifull fordi KI kan erstatta den.
- Det har eg lita tru på. Grunnleggjande kompetansar som djup fagkompetanse, det å kunna fylgja, utvikla og vurdera lengre resonnement, og det å kunna løysa kompliserte problem vil vera viktig også når me har KI-verktøy tilgjengelege, svarar han.
- Me må endra måten vår å undervisa og driva læring på
Pedagogikkprofessor Crina Damsa meinte at innføringa av kunstig intelligens i undervisninga var eit mellombels paradigmeskifte.
UTFORDRINGAR MED KI: Fysikkprofessor Anders Malthe-Sørenssen, pedagogikkprofessor Crina Damsa og førsteamanuensis i informatikk Omid Mirmotahari var einige om at det var viktig å utforska meir på bruken av KI i undervisninga. Foto: Ola Gamst Sæther
- Me må endra måten vår å undervisa og driva læring på. Derfor må me endra dagens kunnskap og kompetanse, slo ho fast.
Ho trekte fram at KI aukar både produksjonen og effektiviteten hos studentane.
- Men læringseffekten forsvinn under eksamen fortalde ho og brukte data i den siste rapporten frå OECD om høgare utdanning som kjelde for den opplysninga.
- Evna til bruken av kunnskap vil forsvinna, frykta ho.
Ho kom også med ei oppfordring.
- Det er viktig å driva med forsking på læring ved hjelp av kunstig intelligens, var ho overtydd om.
- Tora å feila
Førsteamanuensis i informatikk Omid Mirmotahari hadde positive erfaringar ved å lata studentane bruka kunstig intelligens i studiet.
- Studentane må bruka lenger tid enn før. Og dei brukar lengre tid på å finna svar på oppgåvene enn før. Derfor lærer dei meir, var erfaringa hans.
- Læringa må vera bygt på autonomi i staden for på kontroll. Me må tora å feila, syntest han.
Mirmotahari hadde også andre gode erfaringar med studentane.
- Studentane føler seg pressa til å møta godt førebudde. For me har også ei eiga læringsplattform. Den største utfordringa er designen. Den er viktig for at studentane skal ta den i bruk og ta ansvaret for eiga læring. Derfor er det viktig at studentane er med på å utvikla dette, la han vekt på.
Førsteamanuensen i informatikk meinte også at undervisarane kan bidra.
- Me treng ikkje berre KI-kompetanse, men også tilsette som set i gang med å eksperimentera og gjera nye pedagogiske innovasjonar. For dette har stor tverrfagleg overføringsverdi, sa han.
- Stor interesse for å bruka KI som eit verktøy i undervisninga
Etter debatten ber Uniforum Anders Malthe-Sørenssen om å svara på korleis han ser på viljen blant kollegaene sine til å oppdatera seg for å kunna ta i bruk kunstig intelligens som eit verktøy i undervisninga.
- Eg opplever stor interesse for å bruka KI som eit verktøy i undervisninga. Men det er viktig at me skaper trygge rammer som ein kan innovera innanfor, vektlegg han.
Han håpar at endå fleire vil ta forskjellige KI-metodar i bruk i forskinga si.
- Det gir innsikter i korleis faga vil utvikla seg, som igjen fortel oss som fagpersonar kva studentane treng å læra for å kunna bruka KI effektivt i ein fagleg samanheng, seier han.
- Ta gode pedagogiske val
- I debatten viste du til at kunstig intelligens vil føra til behov for ein stor infrastruktur også. Du viste til at eit månadsabonnement for Chat GPT fort kan koma på 300 kroner i månaden. For eit universitet med mange tusen studentar kan det bli ei svært stor utgift. Korleis meiner du at det bør finansierast?
- Det tenkjer eg er eit politisk spørsmål som me som utval ikkje har noka meining om. Me kan derimot trekkja opp moglege alternativ og konsekvensar av desse, presiserer han.
Han er klar på kva som er den viktigaste utfordringa for kunstig intelligens i høgare utdanning akkurat no.
- Den største utfordringa er at KI både kan bidra til auka læring viss ein brukar det på pedagogisk gode måtar, og kan sabotera læring viss den blir brukt feil. Derfor må ein som undervisar og student ta gode pedagogiske val når ein brukar KI. God læringsdesign blir derfor viktig, og det har me ikkje lært alle studentane våre, seier Anders Malthe-Sørenssen til Uniforum.