Denne kybernetikaren har store ambisjonar for nytt fagfelt: - Kan starte ei ny opplysningstid

Morten Breivik ved Institutt for teknisk kybernetikk vil realisere visjonane til mannen som starta instituttet. Førstemanuensisen trur det kan få stor påverknad på verda.

Morten Breivik er førsteamanuensis ved Institutt for teknisk kybernetikk, no arbeidar han med å starte opp eit nytt fagfelt.
Publisert

Morten Breivik frå NTNU sitt Institutt for teknisk kybernetikk trur det nye fagfeltet samfunnskybernetikk, som han og fleire kollegaar jobber med å etablere, kan bidra til å løyse mange små og store problem i verda.

Ifølge Breivik er kybernetikarar nysgjerrige og pragmatiske av natur, og ønsker å jobbe for å forstå, kople seg på andre fagfelt ved hjelp av kybernetikken si rike verktøykasse.

Samfunnskybernetikk handlar derfor om å kombinere eksisterande samfunnsrelevante fagfelt med det mogleggjerande fagfeltet kybernetikk, for å lage nye fagfelt med meir treffsikre modellar og algoritmar.

Slik Breivik ser det blir det stadig vanskelegare å vite kva konsekvensar ei gitt handling vil ha, sidan samfunnet og dei enkelte delane av det blir stadig meir komplisert og samankopla.

Han ser derfor føre seg utviklinga av ein «state of the world estimator», det vil seie, ein slags digital tvilling av verda.

Denne estimatoren må kunne handtere enorme datamengder for å kunne lage gode modellar av samfunnet og delane av det. Estimatoren kan føre til det han kallar for informasjonsdemokratisering.

Estimatoren er verktøyet som kan gjere enorme endringar

Ein estimator er enkelt sagt eit kybernetisk omgrep for kombinasjonen av data og modellar.

Data kan samlast inn gjennom ulike typar målingar, medan modellane byggast frå dataar. Innkomande data kan så kalibrerast mot modellane, i tillegg til å oppdatere og forbetre modellane.

Fra estimatoren kan ein hente ut informasjon om samfunnet i sanntid, eller ein kan bruke estimatoren til å analysere ulike historiske hendingar, til dømes samanhengen mellom handlingar og konsekvensar i forbinding med desse hendingane.

Den kan også nyttast til å forutsjå konsekvensane av ulike typar handlingsval for framtida.

Om eit slikt verktøy fungerer som tenkt, kan det føreslå ulike handlingsalternativ for å løyse små og store problem i samfunnet, og til å gi innsikt i korleis verda og samfunna i verda fungerer.

Estimatoren kan til dømes svare på spørsmål som: Korleis står det til med regnskogen Amazonas? Korleis kan vi på ein mest mulig hensiktsmessig måte få slutt på avskoginga av Amazonas?

Eller: Kva kraftkjelder bør vi satse på i Noreg? Korleis bør vi organisere helsevesenet for å få mest mogleg ut av ressursane våre?

Og: Korleis kan ein få slutt på svolt i verda?

Baserer seg på mannen som bygde opp instituttet

Breivik viser fram sidene i Alltid Rabiat som er mest relevante for samfunnskybernetikk

Breivik er ikkje den første som har vore inne på desse tankane. Han fortel at i den tidlege fasen til kybernetikk, frå slutten av 1940-talet, hadde ein store visjonar om kva bruksområde feltet kunne ha.

I boka Alltid Rabiat er Jens Glad Balchen si karriere i fokus. Han var professoren som bygde opp fagfeltet som vart kalla reguleringsteknikk ved NTH frå tidlig på 50-talet, som i dag har blitt til NTNU sitt Institutt for teknisk kybernetikk.

Boka skildrar korleis Balchen ville nytte kybernetikk til alt mulig, som datamaskiner, robotar, skip, fiskestimar, hummaroppdrett og til og med norsk politikk.

På 60-tallet såg Balchen for seg det han kalla for «datamaskin-assistert politisk diskusjon», at ei datamaskin på direkten kunne berekne og presentere konsekvensane av ulike forslag som politikarane la fram under tv-sendte debattar.

- Det fungerte ikkje heilt, seier Breivik og humrar.

Han meiner at med den digitale teknologien og infrastrukturen ein har i dag kan visjonen til Balchen bli mogleg.

Praktiske hindringar trass teknologiske framskritt

Breivik forsøker å få tak i tilsette som kan utvikle feltet.

Breivik meiner det er viktig at «verdsestimatoren» blir tilgjengeleg for alle, slik at ikkje nokon, som i dag, sit med mykje meir informasjon enn andre. Informasjon er makt, seier Breivik.

- Det kan vere ein slags «superapp» på smarttelefonen, som gir alle tilgang på den samme informasjonen om kva som går føre seg i verda til kvar ein tid. Dette vil automatisk verke balanserande på atferden til enkeltpersoner, bedrifter, organisasjoner og myndigheiter verda over, hevdar Breivik.

Vidare seier Breivik at å få henta inn tilstrekkeleg med data til estimatoren vil vere ei hovudutfordring.

Der han meiner det verkeleg er mykje data som kan nyttast er der dataen allereie er gitt av brukarane i sjølve applikasjonane til store teknologiselskap som Facebook og Google.

Breivik trur også databasar hjå til dømes statlege forvaltningsinstitusjonar, eller hos etterretningsbyrå som til dømes amerikanske NSA.

- Mykje av dataane og teknologien som trengs for å lage ein første versjon av estimatoren fins allereie. Det har vore ein teknologidemokratisering utan like i løpet av dei siste tiåra, og spesielt sidan den personlege datamaskina og smarttelefonar vart tilgjengeleg for alle, fortel Breivik.

Breivik forklarar vidare at denne teknologidemokratiseringa no legg til rette for ein komande informasjonsdemokratisering, som vil kunne forandre verda og korleis vi menneske ter oss mot kvarandre for det betre.

Breivik ser no for seg ein komande informasjonsdemokratisering. Slik at det ikkje lengre berre er nokre få kan sitte med viktig informasjon og potensielt villeie andre til å gjere ting som ikkje treng å vere i deira eiga interesse.

Vil kreve mykje samarbeid

Breivik er klar over at ambisjonsnivået er høgt.

- Om dette skal bli ein realitet må vi få med oss dyktige studentar og folk frå mange forskjellige fagfelt, som samfunnsvitenskap, økonomi, psykologi og meir. Vi må også få til samarbeid med store teknologiselskap og vil nok trenge politisk støtte og eit lovverk som legg til rette for datadeling på ein skala som vi snakkar om her, seier førsteamanuensisen.

Breivik legg trykk på at dette må skje gradvis. Han trur verktøyet kan gi folk informasjonen dei treng for å vite kva som er rett å gjere, og at fleir og fleir gradvis kan henge seg på og samarbeide her.

- Vi har no utvikla så avanserte teknologiar at vi raskare enn nokonsinne kan øydelegge den globale sivilisasjonen vår. Samstundes har vi moglegheita til å bruke desse teknologiane til å skape ein mer demokratisk sivilisasjon som er meir stabil og harmonisk enn nokonsinne, om vi vil. Tida er etter mi meining inne for å ta menneskeheita sitt bevisstheitsnivå til eit heilt nytt nivå, avsluttar Breivik.