Sensurklager og klagesensur

Dette er eit sukk – ein klagesong – frå ein tilsett. Eg er klagesensor. Det kjennest ikkje som det mest meiningsfyllte eg gjer her på haugen.

Publisert Sist oppdatert




Av eit fag med 150-200 frammøtte har det vore 5-10% som klagar dei siste åra. Eg brukar ein god del tid på dei. Ein sensor frå industrien brukar ein god del tid – til ei relativt dårleg timeløn. Og administrasjonen brukar tid på dei.



Ved klagesensuren veit vi ingenting om den første sensuren. Samanlikning etterpå, viser likevel at vi stort sett kjem fram til det same resultatet. Rett nok er det av og til karakterar som vert endra. Nokre vippar hårfint over grensa og får ein betre karakter. Ei grense er ei grense, og her er 59,5 ein C medan 59,4 er ein D. Sensur inneber alltid eit visst skjønn – særleg for oppgåver der svaret ikkje er rett, men ikkje heilt blankt heller. At vi kom 0,2-1,5 poeng over grensa vil ikkje seie at det var feil når den første sensuren landa kanskje 1-2 poeng under grensa. Eller omvendt. Kanskje vi hadde praktisert skjønet ørlite annleis om vi hadde hatt alle dei 200 svara på bordet.



Det hender vi får klagesaker der det viser seg at vår vurdering er heilt ulik den ordinære sensuren. Etter ein del år har eg sett berre to slike saker i dette faget. I eitt tilfelle vart det to karaktersteg opp. Då er det meir enn små, skjønnsmessige skilnader i vurderinga. Denne studenten hadde ein rettmessig klage. Det må altså finnast ei klageordning for slike tilfelle. I eit anna tilfelle gjekk vi to steg ned. Kva denne studenten hadde tenkt om eigne prestasjonar kan vi berre spekulere i.



Det høyrer med til biletet at ein god del av klagene gjeld klare stryk. Eitt år galdt det 70% av klagene. Desse klagarane har ingenting å tape – men heller ikkje så mykje å fare med.



Problemet ved NTNU er at studenten ikkje skal grunngje klagen. Det oppmuntrar til å prøve seg, og det kostar mykje tid og pengar. Anten ein likar det eller ei, så vil dette seie mindre tid og pengar til andre ting som har med undervisning og forsking å gjere. Det kan heller ikkje vere rett overfor dei mange som ikkje klaga. Attpåtil kan det tære på godviljen frå den eksterne sensoren. Det står ikkje kompetente folk i kø for å ta slike oppgåver.



For å grunngje ein klage må studenten setje seg inn i kva han faktisk har svara, og kva som eigentleg var forventa at han skulle kunne. I seg sjølv er det ei nyttig øving. I tillegg ville denne øvinga bremse ein del av ”prøve seg”-klagene.



Eit ønskje om ei marginal, skjønnsmessig heving er vanskeleg (for studenten) å grunngje – og lett (for klagenemnda) å avvise. Endring av ei monaleg feilvurdering er det enklare å grunngje, både for student og klagenemnd. Attpåtil vil ofte faglærar/sensor sjølve endre sensuren når dei vert merksame på feil/urimeleg karaktersetjing. Eg veit iallfall at ”vår” faglærar gjer nettopp det når det er aktuelt.



Spørsmålet har naturlegvis vore oppe før, m.a. i fleire lesarbrev i februar 2007. Svaret frå administrasjonen var at slik er regelverket. Ja visst er det det. Det er Styret ved NTNU som vedtek dette regelverket (Studieforskrifta). Administrasjonen viste også til Forvaltningslova – og ... der står det faktisk at ein klage ”bør også nevne de grunner klagen støtter seg til”. I forvaltninga er det vanleg at første-instansen skal gjere ei ny vurdering for å sjå om dei kan ta klagen til følgje. Sensur-klagesaker ved NTNU følgjer altså andre reglar enn det som elles er vanleg for forvaltninga.



Innafor det same lovverket seier Studieforskrifta for Universitetet i Oslo at ”Fakultetet skal gjøre karakterfastsettingen, eventuell sensorveiledning, bedømmersensors eventuelle skriftlige begrunnelse og annen relevant informasjon fra første sensurering, samt klagen, inkludert eventuell skriftlig begrunnelse for klagen, kjent for bedømmersensorene som foretar ny sensurering av klagerens prestasjon.” Det vert noko heilt anna!



Vi må ha ei klageordning for dei urimelege tilfella. Men vi treng ikkje ei ordning for å gjenta ein rettmessig sensur. Kan vi be Rektor gjere framlegg om endringar i Studieforskrifta? Og Styret om å vedta? Forskrifta frå UiO er eit godt utgangspunkt.