Ap vil fjerne ABE-reforma

Ap-leiar Jonas Gahr Støre støtter forslag om å skrote ABE-reforma.

Stortingsrepresentant Nina Sandberg har leia utvalet som før helga la fram 40 forslag for omstilling i Arbeidarpartiets nye strategi for høgare utdanning, forsking og kompetanse.
Publisert Sist oppdatert

Arbeidarpartiet må skrota ABE-reforma om dei overtar regjeringsmakta etter Stortingsvalet neste år. Det føreslår eit utval som nyleg la fram ein ny strategi for høgare utdanning og forsking. Forslaget får støtte frå partileiar Jonas Gahr Støre, skriv Uniforum.

Det var fredag 2. oktober utvalet la fram 40 forslag for ei rettferdig og kunnskapsbasert omstilling i ein ny strategi for høgare utdanning, forsking og kompetanse. Scena var Ragnar Frischs auditorium i Eilert Sundts hus på Blindern, og utvalet hadde også fått med seg partileiar Jonas Gahr Støre både som trekkplaster, innleiar og som debattdeltakar. 

Utvalsleiar og stortingsrepresentant Nina Sandberg var svært nøgd med at eitt av forslaga dei har kome med, allereie er med i Arbeidarpartiets alternative budsjettforslag.

– Me kan allereie no røpa at Arbeidarpartiet går inn for å halvera ABE-kutta i vårt alternative statsbudsjett for 2021, fortalde ho.

Akkurat den saka er sentral og har fått førsteplassen mellom dei 40 forslaga utvalet legg fram for ein ny utdannings- og forskingsstrategi for Arbeidarpartiet. 

Tillit berande styringsprinsipp

I forslaget står det at kunnskapsinstitusjonane bør styrast basert på tillit som berande prinsipp, og ikkje utstekt mål- og resultatstyring. Utvalet føreslår å erstatta ABE-kutta (avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma/Red.merknad) med målretta effektivisering i dialog med sektoren, og innføra ei tillitsreform i høgare utdanning. Det tar også til orde for at det blir sett i gang ei gjennomgang av staten si styring av høgare utdanning og forsking for å forenkla styringssystemet, sikra samfunnsoppdraget og ei betre utnytting av dei samla forskingsinvesteringane.

 Dessutan vil utvalet ha opptrappingsplanar for studieplassar, rekrutteringsstillingar, nybygg og infrastruktur i langtidsplanen, fordelt på heile landet. Utviklingsavtalane skal brukast aktivt for å få meir mangfald og meir overordna styring i sektoren.

Utryddingstruga småfag

Og det som truleg gler universitets- og høgskulesektoren mest, er at utvalet føreslår at institusjonane sjølve vel intern organisering og leiingsmodell. Utvalet vil også gjennomgå finansieringssystemet. Når det gjeld utryddingstruga småfag, føreslår utvalet at dei skal overleva gjennom å gi aktuelle universitet eit serskilt nasjonalt ansvar for desse faga. Utvalet vil også at det blir stilt sterkare krav til institusjonane om å vera på plass regionalt for å styrkja det desentraliserte tilbodet.

Dessutan vil utvalet ha ei brei kompetansereform som skal sikra etter- og vidareutdanning over heile landet. Det ynskjer også eit meritteringssystem for gode undervisarar på alle institusjonane. Etter koronatiltaka er studentar og førelesarar blitt vande med digital undervisning. Utvalet føreslår at alle førelesingar som hovudregel bør strøymast og gjerast tilgjengeleg digitalt for studentane.

Studentar med barn

Arbeidarpartiutvalet kjem også med forslag som dei meiner skal gjera studentlivet betre. Utvalet viser til at det blir fødd for få barn i Noreg i dag, og meiner at eit tiltak som kan gjera noko med det er å innføra 12 månader lang studiestøtte for heiltidsstudentar med barn, og det vert innført opptening av rettar til betalt foreldrepermisjon for studentar i studietida. Utvalet går også inn for at det blir bygt 3000 nye studentbustader i året. Når det gjeld internasjonalisering meiner utvalet at det skal leggjast inn eit utvekslingsopphald som del av ein grad. Om studentane ikkje vil, må dei aktivt velja det bort.

Kjønnskvotering

Mange fag er dominerte av eitt kjønn. Utvalet føreslår derfor eit omdiskutert og mange vil seia eit drastisk forslag for å få gjort noko med det. Det vil at institusjonane skal kunna nytta kvoteringsordningar og kjønnspoeng på studium som over ein periode på minst fem år har hatt under 40 prosent representasjon av eitt kjønn.

Det må setjast eit mål om at det skal minst vera 40 prosent av det underrepresenterte kjønnet i både studieretningar og fagmiljø. Utvalet vil også at det setjast i verk tiltak for å få ned talet på mellombels tilsette i sektoren, slik at det kjem på nivå med resten av arbeidslivet i Noreg.

Grøn omstilling

Både innan utdanning og forsking vil utvalet vri meir ressursar mot oppfylling av berekrafts- og klimamåla. I forskinga skal tema som grønt skifte, berekraft og klimatilpassing vera førande for dei nye forskingsstrategiane. Dessutan føreslår utvalet at det må setjast ned eit offentleg utval som ser på berekraftelementet i skule og utdanning, med mål om ein “utdanningsplan for omstilling” som omfattar heile undervisningssystemet frå barnehage via grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning.

Jonas Gahr Støre ledersamling oppdal
Jonas Gahr Støre ledersamling oppdal