UiO-studentar i Israel er evakuerte til ein tryggare stad

Dei ni UiO-studentane som deltar på studieprogrammet for jødiske vegvisarar på Det teologiske fakultetet er flytta frå den israelske grensa mot Libanon til ein tryggare stad lengre sør i Nord-Israel.

STERKT PREGA: Både programleiar Gunnar Haaland ved UiO og familien hans er sterkt prega av krigen mellom Israel og Hamas. – Ja, det er klart. Og det same gjeld for dei ni studentane me har i Israel, seier han.
Publisert

– Dei har det etter forholda bra, seier Gunnar Haaland, som er programleiar for studiet for jødiske vegvisarar på UiO. 

Det var i slutten av august Det teologiske fakultetet starta opp det nye studieprogrammet “Jewish Studies and Intercultural Competence for Jewish Paths”. Dei første åtte åra blei kurset halde på OsloMet, før det blei overtatt av UiO.

Saken er henta frå Uniforum.

Blei evakuerte frå ein skule heilt nord i Israel

Fram til midten av september hadde studentane undervisning på Universitetet i Oslo, før dei drog vidare til ein samarbeidande utdanningsinstitusjon i ein kibbutz i Nord-Israel. Der var dei då Hamas gjekk til åtak på fleire kibbutzar, byar og landsbyar både langs Gazastripa og 40 kilometer inn i Israel den 7. oktober og drap 1200 sivile. Det førte til eit motåtak frå Israel mot Gaza, samtidig som det også kom til trefningar mellom israelske styrkar og Hizbollah i Libanon i grenseområda i Nord-Israel. 

Fakta

Israel-Hamas-krigen i tal:

12 300 døde i Gaza, 5000 av dei er barn

1200 døde i Israel etter åtaket frå Hamas, 29 av dei er barn

242 gissel hos Hamas i Gaza

1,6 millionar personar er internt fordrivne i Gaza

200 000 israelarar er evakuerte til trygge område

(Kjelder: BBCFactCheck.org, Aftenposten)

– Det var grunnen til at dei ni studentane våre blei evakuerte frå utdanningsinstitusjonen me samarbeider med heilt nord i Israel til ein liknande skule på ein tryggare stad lengre sør. Men først blei dei sende heim til familiar eller slektningar i ei veke, fortel programleiar Gunnar Haaland ved Det teologiske fakultetet på UiO.

Sterkt prega av krigen mellom Israel og Hamas

Han forklarar at skuleslaget liknar på ein folkehøgskule, og desse skulane blei oppretta som ein konsekvens av drapet på dåverande statsminister Ytziak Rabin i november 1995.

– Poenget var at desse skulane skulle styrkja demokratiforståinga og utvikla ansvarleg leiarskap ved overgangen mellom den vidaregåande skulen og militæret, fortel han. 

Studieprogrammet for jødiske vegvisarar på Det teologiske fakultetet ved UiO samarbeider nært med Det Mosaiske Trussamfunn. Studiet som gir 30 studiepoeng ved UiO inngår i heilårsprogrammet deira.

– Det er dei som rekrutterer studentar, og det er dei som tilset jødiske vegvisarar i Noreg, seier han.

Gunnar Haaland er også nært knytt til Det Mosaiske Trussamfunn.

– Ein kan seia at eg er ein aktiv ikkje-medlem, fortel han med eit smil.

Kona hans er frå Israel, og både ho og barna er medlemar. 

– Svigerforeldra mine bur faktisk mellom Tel Aviv og Gaza.

Derfor er både han og familien sterkt prega av krigen mellom Israel og Hamas.

 – Ja, det er klart. Og det same gjeld for dei ni studentane me har i Israel. Fleire av dei mista nære venner i åtaket mot musikkfestivalen på eit jorde utanfor Gaza, seier han til Uniforum. 

Imponert over oppfylginga

Gunnar Haaland er imponert over oppfylginga Universitetet i Oslo har gitt desse og andre studentar som er råka av situasjonen.

– Eg opplevde at UiO mobiliserte sterkt, og minna dei om kva tilbod mellom anna SiO har på området. Akkurat no får dei zoom-undervisning frå ein av kollegaene mine. Det har vore ein pause i undervisninga ei stund, men me prøver å gjennomføra det opplegget som er planlagt, understrekar han.

– Dei deltar i dugnad

Men dei ni studentane har likevel ikkje vore passive dei siste vekene.

– Dei har selskap av mange andre evakuerte israelarar, og dei deltar i dugnad for mellom anna å ordna rom, mat og aktivitetar for barn som er der på eit mellombels opphald. Dette har gjort dagane meiningsfulle for dei, seier Haaland.

Sjølv er han tilsett i ei 20 prosent stilling på UiO for å leia det eitt år lange studieprogrammet for jødiske vegvisarar. I tillegg er han tilsett i 100 prosent stilling ved NLA-Høgskulen. 

Studieprogrammet starta først opp ved Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studiar ved OsloMet vinteren 2016. Frå og med denne hausten er kurset lagt til UiO.

– Ein fryd å ha som vertskap

– Det teologiske fakultetet har vore ein fryd å ha som vertskap.Velvilje, stor entusiasme og profesjonalitet er det me har blitt møtt med. Det har gjort eit stort inntrykk på meg. Leiinga vil dette. Tidlegare dekan Aud Tønnessen sa at dette var prikken over i-en i hennar dekanperiode, medan dagens dekan Anders Runesson har i mange år vore svært opptatt av jødisk-kristne relasjonar, og han er ein internasjonal kapasitet på området, fortel han svært engasjert.

Så langt har tre tidlegare studentar på studieprogrammet begynt på studieprogrammet Religion og samfunn på TF.

Til Israel for å arrangera munnleg eksamen

Sjølv planlegg Gunnar Haaland å dra til Israel i mai.

 – Då skal eg arrangera munnleg eksamen for dei. Om det hadde vore naudsynt og tilrådd frå Utanriksdepartementet, hadde eg dratt til Israel i morgon, seier han.

No held han kontakt med studentane på nett.

– Alle dei ni blei svært glade i Oslo dei vekene dei var her i haust, og dei gler seg til å koma tilbake i mars, fortel han.