Fiksen er ein av professorane som har fått statusen «framifrå undervisar» ved Mat.nat.-fakultetet, skriv På Høyden. Meritteringsordninga gjev lønnsauke på om lag 50 000 kroner og medlemskap i eit pedagogisk akademi ved fakultetet.
Fiksen har jobba systematisk i fleire år for å betra undervisinga si.
– Eg var involvert i Senter for framifrå undervisning i biologi (bioCEED). Då kom eg inn i mykje av forskingslitteraturen om undervising, og eg las meg opp på det - som eg hadde gjort viss det var eit forskingsprosjekt eg skulle i gong med. Det var ei aha-oppleving for meg, og eg har eksperimentert mykje etterpå.
Følg Universitetsavisa på Facebook og Twitter.
Får studentane til å gje tilbakemelding
– For kva er det som fungerer då?
– Eg trur det er ulike ting som fungerer i ulike settingar. Det viktigaste rådet er at folk prøver nye ting, og at dei prøver å lesa seg opp på ting. Det finst mykje litteratur ein kan lesa seg opp på, seier biologiprofessoren.
Han trekk fram Mitt UiB som ein svært god læringsplattform å bruka i undervisinga.
– Den har ein god kommenteringsfunksjon som eg har brukt mykje. Som faglærar kan eg kommentera på arbeidet til studentane, men studentane kan også kommentera på andre studentar sitt arbeid. Det har eg sett fungerer veldig godt. Fordi at studentane er flinke til å gje kvarande gode tilbakemeldingar, og det trur eg har stor læringseffekt.
For Fiksen er involvering av studentane nøkkelen til læring.
– Det er fleire av oss som er byrja å bruka Poll Everywhere, eit kommunikasjonsverktøy kor ein kan kommunisera digitalt med klassen. Her kan studentane skriva inn ting undervegs i timane, og så kjem det opp på skjermen. Dei kan klikka på ein figur, eller andre ting på skjermen.
LES OGSÅ: Vil fjerne skoleeksamen
Kartlegg nivået med kviss
I tillegg lagar Fiksen kvissar for å finna ut kva studentane synest er utfordrande.
– Eg spør først individuelt i byrjinga av timen, for å sjå kor dei strevar. Deretter bygger eg undervisninga opp rundt det. Eg kan sjå kva det er dei klarer greitt, og kva dei synest er vanskeleg.
Det gjev eit meir «ekte» bilde av klassen.
– Det er ein heilt annan måte å kommunisera på enn om ein spør i ei open forsamling, då er det to som svarar, og dei gjer inntrykk av at alle kan dette. Men når alle svarar så får ein inn informasjon om kva som er det generelle problemet på ein heilt annan måte.
– Etter ein runde med individuelle svar, så set eg saman grupper og ber dei bli einige om eit svar. Det blir mange fruktbare idear og løysingar når dei sit saman.
YTRING: Men hva er undervisning, egentlig?
LES OGSÅ: De elsker å undervise, men har ulikt syn på hva slags belønning de bør få
– Mange fortvilte forelesarar
– Dette er kjente idear og metodar, og ikkje noko nytt, men resultat av aktivitet på BioCeed. Me er bevisste på all slags teknikkar som finst for å auka læringsutbytte,
For Fiksen har stor tru på denne type interaktiv undervising.
– Eg har lest ein del forskingslittertaur som er uhyre overbevisande. Den type undervisning gjev betre utbytte og læringseffekt enn tradisjonell undervising. Det er store studiar om dette som er publisert i Science og Nature.
I tillegg til auka læringsutbytte for studentane - gjev det også mykje tilbake til biologiprofessoren:
– Det blir mykje kjekkare å undervisa på denne måten. Ein får bukt med Facebook-surfinga. Eg trur mange forelesarar er fortvila over dette, fordi studentane har hovuda sine alle mogleg andre stadar. Me må berre endra på undervisingsopplegget vårt for å få merksemda deira tilbake.
Problemfokusert undervising
Ein av dei andre som har fått meritteringa som framifrå undervisar er professor Stein Dankert Kolstø ved Institutt for fysikk og teknologi. Han underviser i fagdidaktikk og sver til problemdriven undervising.
– Undervisinga er problemfokusert. Eg får studentane til å legga merke til problem i skule, og undervisning i klasserom. Dei blir bevisste på at me har utfordringar med å få elevar mindre passive. Slik ser studentane at dette er tema dei må gå inn i, og dei må gjera det med eiga praktisk erfaring. Då kan studentane sjå at dei treng idear og innsikt. Me diskuterer mykje, og så prøver eg å bygga vidare på det i teorien.
Også Dankert Kolstø nyttar digitale verktøy i stor grad.
– Eg har gjort mykje ulikt. Eg får dei til å dela tankar i plenum, men ofte at det deler på Padlab, eller ein annan ikt-plattform. Slik kan eg få innsikt i alle si tenking.
Verdifull ordning
– Med ein gong dei har fått ting opp på ei tavle eller Powerpoint blir ideane tilgjengeleg for alle som diskusjon. Det som berre ligg i lufta forsvinn lett. Men viss alle fem ideane står skrivne på ein skjem, kan ein diskutera det og ta det med seg heim etterpå. Så kan ein spela ball med ideane. For å få diskusjon må ein ha tydelege utgangspunkt å forholda seg til, seier Dankert Kolstø.
Han meiner ordninga med framifrå undervisar er eit stort steg i riktig retning.
– Eg tenker at det er verdifullt at universitetet har ei ordning som premierer undervising, sik at det lettare kan nå opp i konkurranse med forsking - med tanke på tid og innsats. Begge delar er viktig, men undervisning har vore utsette for mykje mindre premiering enn forsking.
Eit forslag om at alle fakulteta ved UiB skal innføra meritteringsordninga skal opp på universitetsstyremøtet torsdag. Utgangspunktet er at alle fakulteta skal vera i gong med ordninga før sommaren 2019.
Dei tre ande som har fått tildelinga er:
Henriette Linge, førsteamanuensis, Institutt for geovitenskap.
Fredrik Manne, professor, Institutt for informatikk
Bjørn Tore Hjertaker, professor, Institutt for fysikk og teknologi.