FADDERVEKE 2023

Avspark for fadderveka: - Vil vise at det fins noko for alle

Studentane med gjentaking etter fjoråret sin braksuksess i Elgeseter park.

Jonas Strøm Scheie og Næjla Kappfjell er strålande glade for å sjå nye studentar samle seg i Elgeseter park.
Publisert Sist oppdatert

I dag har frivillige studentar arrangert Fadderveke kick-off i Elgeseter park, arrangøren håpar på at mange tusen møter opp og får sjå alt studentfrivilligheita i Trondheim har å by på.

Dei som står bak arrangementet fortel at dei gjorde eit anslag på at det var mellom 2500 og 3000 innom arrangementet i fjor, og håpar at talet stig enda høgre i år. 

På arrangementet var det eit hav av nye studentar og faddarar som fekk smake på ulik mat og høyre om arbeidet til ulike studentorganisasjonar samt ein god dose rekruttering.

Trondheim Studentersangforening
Museum stilte opp som døme på at ein kan finne felles interesser utanom frivilligheita også.
Stønt i eit lite nybygg.
Isfit er ein av 80 ulike organisasjonar som er representert på stand.
Revolve NTNU viser fram racerbil til nye studentar.
Slik så det ut da Studentbuddy-prisen 2023 ble delt ut under Fadderuke kickoff tirsdag ettermiddag.
"UKA" i store bokstavar.

Starta som ein reaksjon

Jonas Strøm Scheie fortel at fadderveke kick-off starta i fjor då Samfundetstyret var oppgitt over at immatrikuleringa ikkje vart fysisk for dei nye studentane.

- I år har vi heller samarbeidd med universitetet og sidan universitet fekk ønske dei nye studentane velkommen fysisk i år utsatte vi arrangementet ein dag og har heller eit fokus på studentfrivilligheita. 

Scheie seier at arrangementet er langt større i år, og at det er mogleg grunna bevilgning.

Dei 250 frivillige som har arrangert er takknemlege for hjelp frå kommunen, studentsamskipnaden og universitetet som dei har fått i form av både økonomisk støtte, tillatelsar og hjelp med marknadsføring. 

For å få til kick-off har Scheie fått med ulike frivillige han kjenner og samarbeider med folk frå Samfundet, Uka og Isfit.

Eit stort og variert program

Under arrangementet fekk publikum sjå konsert frå Strindens promenadeorchester, konsert med Nablakoret, konsert med Museum, utdeling av Buddyprisen og mykje meir. 

Food & beverages manager Even Berthelsen serverer pølser til alle deltakarane på arrangementet.

Parken var fyllt med stands der ulike organisasjonar fekk fremja arbeidet sitt og forsøke å rekruttere dei ferske studentane. 

80 ulike organisasjonar som Revolve NTNU, Samfundet, NTNUI, SN-studentane, Uka og Isfit var på plass. 

Dei frivillige som arbeider på arrangementet skal dele ut omrking 1000 kanelbollar og 5000 pølser til dei som møter opp. Dette tenkjer Scheie er perfekt for studentane sidan mange skal vidare til vorsspiel etter kick-off. 

Fjerninga av buskene vekte reaksjonar

I mai skreiv Universitetsavisa om at rododendronbuskene i parken vart fjerna, naboane kjende på å ikkje ha fått tilstrekkeleg informasjon om kva som skulle gjerast med den tomme grusplassen. 

I dag vart området teke i bruk for første gong. Scheie håpar dette er starten på at parken kan brukast av studentane i organisert form slik at ein kan få til konsertar og liknande. Under Uka vil Scheie vere ein av dei som er med å sette opp eit telt på den tomme grusplassen der buskene stod. 

- Det er klart parken er full til vanleg, når det er sol ser ein studentane fylle den opp for å drikke pils og gjere andre aktivitetar. 

Kan vere byrjinga på meir arrangement i Elgeseter park

Plakat for kick-off arrangementet i Høgskuleparken.

Scheie meiner det er heilt naturleg at parken nyttast aktivt av studentane. Han forklarar at parken er sirkla rundt av studentar i form av campus Gløshaugen. Samfundet, kontoret til Studentmediene, studentbustadar og St. Olavs og Helgasetr.