NTNU får ros frå Åse Wetås for val av norsk namn på OSC

– Eg gir ei stjerne i boka til NTNU, Sintef og Statsbygg for å ha erstatta Ocean Space Centre med Norsk havteknologisenter, seier språkdirektør Åse Wetås.

Click to add image Språkdirektør Åse Wetås i midten deltok i ein debatt om namn i staten saman med prodekan Terje Lohndal frå NTNU (t.v.), kulturredaktør Jens Kihl (nr. 2. frå høgre) og seniorrådgjevar Martin Apeland i selskapet Wergeland/Apenes. Møteleiar Marte Spurkland står lengst til venstre.
Publisert

No oppfordrar ho igjen UiO, OUS og Oslo kommune om å skifta namn på Oslo Science City, skriv Uniforum.

Måndag 7. november blei det blei kjent at NTNU hadde bestemt å skifta namnet på Ocean Space Centre til Norsk havteknologisenter. Også det engelske namnet blir nytt, nemleg The Norwegian Ocean Technology Centre. Avgjerda blei tatt etter innsamling av fleire namneforslag frå heile NTNU.

Under Språkdagen på Det Norske Teatret i Oslo i går gav direktør Åse Wetås i Språkrådet NTNU masse skryt for denne avgjerda.

– No håpar eg at mange ser på det gode arbeidet som NTNU, Sintef og Statsbygg har gjort i Trondheim. Dei har gjort eit solid språkfagleg arbeid og kome fram til eit godt namn på både bokmål og nynorsk som er eigna til å styrkja norsk språk. Det kommuniserer klart og tydeleg til innbyggjarane, ikkje berre i Trondheim, men i heile landet kva senteret held på med. Eg gir gjerne ei stjerne i boka til dei, seier ho godt nøgd til Uniforum.

Norsk namn på Oslo Science City

Språkdirektør Åse Wetås legg ikkje skjul på at dette bør vera eit døme som både UiO og andre statlege institusjonar bør fylgja opp.

– Universitetet i Oslo som ein stor aktør i medlemsforeininga til Oslo Science City bør ta sitt språkpolitiske ansvar med seg inn i denne medlemsforeininga og sørgja for at når dei no byggjer opp eit nytt innovasjonsdistrikt, må det få eit godt norsk namn som svarer til intensjonane i den språkpolitikken som Stortinget har vedtatt og som er eigna til å styrkja og ikkje svekka norsk språk.

UiO-rektor Svein Stølen er styreleiar for Oslo Science City. Då Uniforum tok kontakt med han på måndag for å høyra om avgjerda om å erstatta Ocean Space Centre med Norsk havteknologisenter, ville føra til at også Oslo Science City ville skaffa seg eit norsk namn, kasta han ballen vidare til Oslo kommune og gjorde det klart at det er kommunen som er ansvarleg for det namnet.

Språkdirektør Åse Wetås viser til at alle dei offentlege institusjonane som er med i Oslo Science City må fylgja den språkpolitikken dei er pålagde også inn i denne medlemsforeininga.

– Alle dei store offentlege verksemdene som er gått saman i denne medlemsforeininga, det gjeld ikkje berre UiO og Oslo kommune, men også Oslo universitetssykehus, Helse Søraust, Opplysningsvesenets fond blant anna. Dei må ta med seg den språkpolitikken som Stortinget har bede dei om å utøva inn i dette medlemsforeiningsarbeidet og sørgja for at dei representerer det offentlege på ein måte som er i samsvar med norsk språkpolitikk, er formaninga frå direktør Åse Wetås i Språkrådet.

I ein debatt på Språkdagen med kulturredaktør Jens Kihl i Bergens Tidende, språkprofessor og prodekan Terje Lohndal ved NTNU, språkdirektør Åse Wetås og seniorrådgjevar Martin Apenes frå konsulentbyrået Wergeland/Apenes fekk mange statlege institusjonar tyn for namnevalet sitt. Det gjekk hardast ut over det gamle NSB som skifta namn til Vy. – Dei brukte 280 millionar kroner på å øydeleggja heile det gode omdømmet sitt, meinte Jens Kihl. Han var også nøgd med at NTNU hadde fått eit norsk namn på Ocean Space Centre.

Trudde det handla om romfart

– Først trudde eg at senteret handla om romfart, vedgjekk han.

Prodekan Terje Lohndal peika på at det heile tida var meininga at det skulle få eit anna namn.

– Men me burde hatt eit høgare refleksjonsnivå på det, tykte han.

Jens Kihl også svært engasjert då folka bak eit stort nytt verdshavsenter i Bergen bestemte seg for å endra namnet på Akvariet til O.

– No er det 100-O eller null til NTNU, slo han fast.

Ordstyrar Marte Spurkland ville då gjerne at han skulle nemna namnet på den bygningen han og Bergens Tidende held til i i Bergen.

– Du tenkjer på Media City Bergen. Ja, og det er det statlege eigedomsselskapet Entra som eig bygningen, flirte han.

Og Åse Wetås tok også opp Oslo Science City i debatten om namn i staten.

– Me meiner at alle i offentleg sektor har plikt til å ta med seg språkpolitikken inn i andre samarbeidskonstellasjonar, som ei slik medlemsforeining, understreka ho.

– Dei kallar det ein ny bydel, og det er eitt av tre innovasjonsdistrikt i Oslo, la ho til. Dei to andre heiter Innovasjonsdistrikt Hovinbyen og Innovasjonsdistrikt sentrum.

Namnesak om Oslo Science City

Åse Wetås gjentok også det ho skreiv i ein kronikk i Aftenposten den 31. oktober. Der fortalde ho at Språkrådet hadde sendt inn eit brev til Oslo kommune og bede dei om å reisa ei namnesak på områdenamnet Oslo Science City. Der peikar ho på at det er kommunen som etter stadnamnlova vel namn på og vedtar skrivemåten for namn på tettstader, grender, bydelar og liknande. Så langt ligg saka til handsaming i i byrådsavdeling for kultur, idrett og frivillighet i Rådhuset etter at bydel Nordre Aker hadde sendt den tilbake, skreiv ho i kronikken. "Siden de statlige aktørene i Oslo Science City ikke tar språkpolitisk ansvar, håper jeg at de øverste ansvarlige i kommunen tør å sette en stopper for dette svært uheldige navnevalget," var oppfordringa språkdirektør Åse Wetås kom med i kronikken.

Etter at NTNU, Statsbygg og Sintef, sistnemnde er også med i medlemsforeininga Oslo Science City, har endra namnet på Ocean Space Centre i Trondheim til Norsk havteknologisenter, er presset på å få også Oslo Science City til å skaffa seg eit norsk namn, truleg blitt endå større.