Kinesisk lov legg til rette for at kinesiske forskarar må arbeida for kommunistpartiet

PST og E-tjenesta minner om at kinesiske borgarar kan påleggjast å samarbeida med landets etterretning.

– Det er kinesiske borgarar som held på med heilt legitime ting, og så er spørsmålet om dei blir pressa til å gå utover dei grensene. Bodskapen vår er altså at lovgjevinga legg til rette for det, understreka Nils Andreas Stensønes, sjef for Etterretningstenesta.
– Det er kinesiske borgarar som held på med heilt legitime ting, og så er spørsmålet om dei blir pressa til å gå utover dei grensene. Bodskapen vår er altså at lovgjevinga legg til rette for det, understreka Nils Andreas Stensønes, sjef for Etterretningstenesta.
Publisert Sist oppdatert

– Me trur ikkje at alle kinesiske forskarar eller sivilpersonar er aktørar for Kinas kommunistparti, men lovgjevinga legg til rette for det. Det svara sjefen for Etterretningstenesta, viseadmiral Nils Andreas Stensønes på spørsmål frå Uniforum fredag.

Kina, Russland, Iran og Pakistan er ute etter å modernisera og rusta opp det militære. Dei kan difor gjera tildekte forsøk på skaffa seg informasjon hos norske kunnskapsmiljø og norsk næringsliv. Det opplyste sjefen for Politiets sikringsteneste (PST) Hans Sverre Sjøvold på ein pressekonferanse i dag. Der la han saman med sjefen for Forsvarets etterretningsteneste, Nils Andreas Stensønes og direktøren for Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM),Sofie Nystrøm fram opne trugsmål- og risikovurderingar for Noreg i 2022. Sistnemnde la fram rapporten Risiko 2022.

Russland er det største trugsmålet

Ingen av dei la skjul på at det er Russland som utgjer det største militære trugsmålet mot Noreg i dag. Dei viste alle til spenninga på grensa til Ukraina, men også Noreg sin posisjon som NATO-land med nært samband til USA.

Forsvarsminister Odd Roger Enoksen (SP) fekk overrekt rapporten "Fokus 2022" frå sjefen for Etterretningstenesta Nls Andreas Stensønes. Bak står PST-sjef Hans Sverre Sjølvold
Forsvarsminister Odd Roger Enoksen (SP) fekk overrekt rapporten "Fokus 2022" frå sjefen for Etterretningstenesta Nls Andreas Stensønes. Bak står PST-sjef Hans Sverre Sjølvold

Dei tre tenestene hadde alle notert seg dataåtak mot både Stortinget og andre statlege og private institusjonar. Dei peika ut både Russland og Kina som aktørar i desse alvorlege hendingane. Både Kina og Russland er interesserte i å skaffa seg opplysningar om høgteknologi både i forsking og næringsliv.

Kan påleggjast å samarbeida med landets etterretning

Både i rapporten frå Etterretningstenesta "Fokus 2022" og rapporten frå Politiets sikringsteneste (PST) “Nasjonal trusselvurdering 2022” vert det trekt fram at ein kvar kinesisk borgar eller verksemd ”kan ifølge kinesisk lovverk pålegges å samarbeide med landets etterretningsapparat. Det betyr at aktører som i utgangspunktet har legitime hensikter, kan beordres til informasjon på vegne av partistaten”, skriv Politiets sikringsteneste (PST).

Også Etterretningstenesta peikar på at “Både organisasjoner og selskap blir pålagt å la partiets utenrikspolitiske målsettinger være førende for aktiviteten i utlandet” går det fram av rapporten “Fokus 2022”. Der står det også at “Kinesiske selskaper, akademiske institusjoner og andre aktører kan lettere benyttes av kinesiske sikkerhetstjenester til etterretningsaktivitet utenfor Kinas grenser”.

– Me seier ikkje at alle er styrte av kinesiske styresmakter

Under pressekonferansen peika Uniforum på alle dei dyktige forskarane med kinesisk bakgrunn som leier forskingsprosjekt på norske universitetet og høgskular i dag. Me viste også til at ein av dei som var på eit lengre opphald på Universitetet i Oslo, og seinare på eit amerikansk universitet, var fredsprisvinnaren frå 2010, Liu Xiaobo. Og han var truleg endå meir demokratisk då han kom tilbake til Kina enn då han drog.

– Meiner norsk etterretning at alle desse forskarane er lydige robotar for Kinas kommunistparti og kinesiske styresmakter og at de vil åtvara universiteta i Noreg mot vidare forskingssamarbeid med Kina, Russland, Iran og Pakistan?

Det var sjefen for Forsvarets etterretningsteneste Nils Andreas Stensønes som ville svara først på det spørsmålet.

– I rapporten vår står det at kinesisk lovgjeving pålegg dei å gjera det om tenestene har behov for det. Det er det viktig å vera klar over. Me seier ikkje at alle er styrte av kinesiske styresmakter, men me viser berre til kva lovgjevinga seier. Det er kinesiske borgarar som held på med heilt legitime ting, og så er spørsmålet om dei blir pressa til å gå utover dei grensene. Bodskapen vår er altså at lovgjevinga legg til rette for det, understreka Stensønes.

“ -statar der individ, stat og politikk er eitt”

Hans Sverre Sjøvold er sjef for PST.
Hans Sverre Sjøvold er sjef for PST.

Sjefen for Politiets sikringssteneste, Hans Sverre Sjøvold var ikkje heilt einig i ordvalet Uniforum hadde brukt i spørsmålsstillinga.

– Me opplever jo her statar der individ, stat og politikk er eitt, og der kravet om lojalitet mot staten er veldig høgt. Det er ikkje all akademisk utveksling som er risikabelt på noko vis, men det me seier her er at det å vera stipendiat i eit tungt forskingsprosjekt i sensitive tryggingspolitiske område, kan få eit overslag av lojalitet overfor eigen stat, trekte han fram.

“-det er jo grunn til å fylgja med”

Samtidig var han heilt klar på at den akademiske fridomen står fast.

- Me skal ikkje leggja noko band på akademisk fridom og norsk næringsutvikling. Men det er jo grunn til å fylgja med. Det som me alle har skildra som eit stor dilemma er eigentleg det opne ved demokratiet, det er også det som opnar opp for at det opne norske samfunnet blir brukt av statar som ikkje er så opne, men som deltar aktivt i det. Eg har nemnt det med akademia og næring og verdiar me set pris på. Men dei gjer oss også sårbare, understreka han.

I den nasjonale trugsmålsrapporten for 2022 utpeikar PST fleire forskingsområde som kan vera av interesse for framande statar. På den lista står fylgjande fagområde:

-Metallurgi

-Nanoteknologi

-Cybersikring

-Kryptografi

-Robotikk og autonomi

-Molekylærbiologi

-Kjemi

-Mikro-elektromekaniske system

-Akustikk

-Kjernefysikk

Dei presenterer også ei liste over teknologiområde som kan bli utsette for det som blir kalla “skjult og fordekt anskaffelsesvirksomhet”:

-Sensor og deteksjonsteknologi

-Maritim- og undervassteknologi

-Olje- og gassteknologi

Halvledarteknologi

-Rom-og satellittteknologi

-Droneteknologi

-Laboratorie- og produksjonsteknologi

-Kommunikasjonsteknologi

PST åtvarar mot at framande statar gjennom oppkjøp og investeringar i norsk næringsliv kan få informasjon som det ikkje er i Noregs interesse at dei får. Som døme viser dei til Bergen Engines-saka frå 2021, som nettopp av den grunn var utslagsgjevande for at den norske regjeringa stansa salet til eit russisk firma.

På NTNU blei ein forskar arrestert mistenkt for å ha gitt frå seg sensitive opplysningar til ei framand makt i januar 2019. Den saka er enno ikkje komen opp for retten.

Vil utnytta fortrinna ved norske miljø

I rapporten sin peikar også PST på at dei norske forskings- og utdanningsinstitusjonane held eit høgt internasjonalt nivå og har gode finansieringsordningar. Samtidig har dei tilgang til avanserte laboratorium og annan forskingsinfrastruktur.

Politiets sikringsteneste meiner at framande statar har ei sterk interesse av å utnytta desse fortrinna ved norske miljø. “Hensikten kan være å tilrettelegge for at norsk teknologi og kunnskap benyttes på måter som strider mot eksportkontrollregelverket”, heiter det.

Den framande makta held skjult for den norske verksemda kva som er den reelle sluttbruken av ei vare, eller formålet med eit forskingssamarbeid. Også finansiering av forskingsprosjekt eller å tilby forskarar med spisskompetanse lukrative økonomiske avtalar, er verkemiddel PST veit blir brukte, går det fram av "Nasjonal trusselvurdering 2022" frå Politiets sikringsteneste.

Når det gjeld politisk motivert vald, kjem det største trugsmålet frå høgreekstremistar, er konklusjonen til PST. Det vert vurdert som mogleg at dei vil forsøka å gjennomføra terrorhandlingar i Noreg i 2022.

I hovudsak handlar ideologien deira om konspirasjonsteoriar som hevdar at den kvite rasen blir utsett for eit folkemord, og at den vestlege kulturen vil forsvinna. Låge fødselstal blant kvite og innvandring frå ikkje-vestlege land blir framstilt som eit trugsmål. Eventuelle terrorhandlingar vil sannsynlegvis bli utført av ein enkeltperson, er konklusjonen til PST.

Folk som forfektar antistatlege haldningar blanda med konspirasjonsteoriar om covid-19-pandemien, er det lite sannsynleg vil stå bak terroråtak i Noreg, vurderer PST.

Mogleg med terroråtak frå islamistiske ekstremistar

Framleis ser PST det som mogleg at ekstreme islamistar, inspirerte av terrororganisasjonane ISIL og al-Qaida, vil forsøkja å gjennomføra terrorhandlingar i 2022. “En eventuell ekstrem islamistisk terrorhandling i Norge vil sannsynligvis utføres av én person”, står det. Angrepet vil bli utført mot folkerike mål eller symbolmål, trur PST.

Det vert vurdert at det er svært lite sannsynleg at venstreekstremistar vil gjennomføra terrorhandlingar i Noreg i 2022. Kampsaka deira er i hovudsak å kjempa mot høgreekstremistar. Heller ikkje klimaaktivistar vil forsøka å gjennomføra terrorhandlingar i Noreg i 2022. Det er svært lite sannsynleg, er vurderinga til PST.

FEKK OVEREKT RAPPORT: Forsvarsminister Odd Roger Enoksen (SP) fekk overrekt rapporten "Fokus 2022" frå sjefen for Etterretningstenesta Nls Andreas Stensønes. Bak står PST-sjef Hans Sverre Sjølvold. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Politikarar er etterretningsmål

Tidlegare denne veka kom det ein rapport frå professor Tore Bjørgo ved Politihøgskulen og UiO. Den rapporten viste at norske politikarar fekk mange trugsmål, og at det kan føra at andre ikkje ynskjer å ta på seg politiske verv og oppgåver.

PST viser til at norske politikarar og personar som arbeider i apparatet rundt dei er mellom etterretningsmåla i Noreg. PSG vurderer det som sannsynleg at dei vil bli utsette for etterretnings- og påverknadsoperasjonar i 2022. Som døme viser dei til at det kan bli brukt press og trugsmål for å påverka politikarar i enkeltsaker som nokre land ser på som sensitive og viktige.