Opptak 2025

Høge karakterkrav ved mange studieprogram på NTNU

NTNU fyller dei aller fleste studieplassane med godt kvalifiserte søkarar innanfor eit svært omfattande studietilbod. På fleire studieprogram er det lange ventelister.

Tor Grande er fornøyd med at NTNU fremdeles er et svært attraktivt universitet for studentene
Publisert Sist oppdatert

NTNU har sendt ut i alt 17 506 tilbod om studieplass i år. 13 919 av desse gjeld studieprogram i Trondheim. Ålesund gir 1 450 tilbod, medan Gjøvik gir 2 137. 

— Vi ser at NTNU framleis er eit svært attraktiv universitet for mange. Det er gledeleg å sjå at vi har godt kvalifiserte søkarar til heile breidda av utdanningstilboda våre, i spennet frå kunst og kultur, via samfunnsfag, økonomi og helse, til ingeniør-, og naturvitskap, seier rektor Tor Grande.

Mange studieprogram har svært høge inntakskrav og lange ventelister, dette gjeld mellom anna medisin og psykologi, med høvesvis 68,5 og 65,7 poeng i den ordinære kvote. 

Også i Ålesund og Gjøvik er det høge poengkrav og lange ventelister til medisin. I tillegg ser ein det same på tilbodet NTNU har i Levanger. 

Høge karakterkrav på teknolgistudia

Innanfor teknologistudia er det høge karakterkrav for å kome inn på datateknologi, med 62,1 poeng i den ordinære kvoten, og kybernetikk og robotikk med 61,8 poeng. 

— Det er òg særs gledeleg å registrere den auka interessa innanfor økonomifag og helsefag. Samstundes bekreftar tala frå Samordna opptak vår dominerande posisjon i Noreg innan teknologiutdanningar og økonomistudium med teknologisk profil, seier Grande. 

I Ålesund er det framleis stor interesse for dei maritime bachelorstudia som Shipping Management med 52,5 poeng i den ordinære kvoten, og nautikk med 49,8 poeng.

Det nye årsstudiumet i økonomi og leiing i Gjøvik har ein høg poenggrense på 61,5 i den ordinære kvoten. I tillegg har poenggrensa for dei aller fleste grunnstudia innan helseområdet auka.

Fyller opp sjukpleiarstudiet i alle byane 

Etter at karakterkrava vart senka for sjukepleiarutdanningane gjekk søkertala opp i vår med 45 prosent. Sjukepleiarutdanninga har i år ventelister i alle studiebyane, i tillegg har poenggrensa økt.

I Trondheim står 1179 på venteliste, med 52,8 poeng i den ordinære kvote. I Gjøvik er det 173 på ventelista (41,0 ordinær), og i Ålesund er det 168 på ventelista (40,9 ordinær).

I tillegg tilbyr NTNU i Gjøvik i år ein ny, fleksibel sjukepleiarutdanning. Her står 243 på ventelista, med 53,5 poeng i den ordinære kvote. 

— Vi er svært glade for den store interessa for sjukepleiarutdanninga ved NTNU. At vi har ventelister i alle studiebyane, og at poenggrensa har gått opp, viser at mange ønsker å bidra i helsevesenet, seier Grande 

I tillegg ser ein auke i poenggrensa for fysioterapi (59,0 ordinær), vernepleie (47,9 ordinær) og paramedisin i Gjøvik (54,3). 

Høge poenggrensar for økonomistudium 

Også i år er økonomistudiane populære. Med 1967 på ventelista er bachelor i økonomi og administrasjon i Trondheim studiet med lengst venteliste. For årsstudiet er det 442 på ventelista. 

Også her er poenggrensa høg, på høvesvis 58,2 poeng i ordinær kvote for bachelor, og 62,7 poeng for årsstudiet.

— Det er gledeleg at så mange ønskjer å studere økonomi på NTNU. Kompetanse innan økonomi er viktig i arbeidsmarknaden, og vi tilbyr utdanningar som gir studentane eit sterkt fagleg grunnlag og gode moglegheiter i arbeidslivet, seier Grande.

Framleis ledige studieplassar 

Også NTNU er påverka av den nasjonale trenden der færre vil bli lærarar og lektorar. 

— NTNU har valt å ikkje søke dispensasjon frå dei nasjonale karakterkrava. Vi meiner det er fagleg godt grunna at dette aukar sjansane for at studentane lukkast, og at det dermed sikrar at vi utdannar godt kvalifiserte lærarar. Difor var vi òg førebudde på at dette ville påverke opptakstala, poengterer Grande.

Det er ventelister på lektorstudia i historie, kroppsøving og samfunnsfag. Også plassane på lektorstudia i realfag er fylte opp. 

Det er derimot framleis ledige studieplassar på grunnskulelærarutdanningane for 5.–10. trinn i matematikk og norsk, i tillegg til lektorutdanningane i fransk og tysk. 

Følg UA på Facebook og Instagram.