Akademisk ytringsfridom

– Det vil vera forbunde med eit visst ubehag å ytra seg

Anine Kierulf om kvifor ho takka ja til å leia utvalet som skal sjå på den akadeiske ytringsfridomen.

– Eg trur ikkje det er noko særskilt for akademia, at ein kjenner på ei frykt for å ytra seg. Så er det spørsmål om kor problematisk den frykta er. Det vil alltid vera forbunde med eit visst ubehag, seier Anine Kierulf, som leier ekspertutvalet som skal sjå på ytringsfridom i akademia.
Publisert

– Eg ynskjer alltid å seia ja når eg blir spurt om å hjelpa til, om eg trur eg kan bidra. No er eg både jurist og har arbeidd mykje med ytringsfridom, og har vore ei lang stund i akademia. Det er grunnane Anine Kierulf gir opp for kvifor ho sa til å leia eit utval som skal sjå på moglege lovendringar for å styrkja ytringsfridomen i akademia.

Fakta

Utval granskar ytringsfridomen i akademia

Dette er mandatet:

I mandatet frå regjeringa går det fram at ekspertutvalet mellom anna skal vurdera om, og i så fall korleis, universitets- og høgskulelova bør endrast for å tydeliggjera den akademiske ytringsfridomen til dei tilsette, og ansvaret institusjonane har og kva moglegheiter dei har til å verna og støtta denne.

Desse sit i ekspertutvalet:

• Anine Kierulf, førsteamanuensis, Institutt for offentleg rett, UiO (leiar)

• Gunnar Bovim, rådgevar, NTNU

• Saira Basit, visedekan, Forsvarets høgskule

• Sofie Høgestøl, førsteamanuensis, UiO

• Magnus Dybdahl, fag- og forskingspolitisk ansvarleg, Norsk studentorganisasjon (NSO)

Det var den 20. juli forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim kunngjorde at han hadde oppnemnt eit utval som skulle sjå på ytringsfridomen i akademia. Og han var også godt nøgd med at førsteamanuensis Anine Kierulf ved Institutt for offentleg rett på UiO hadde takka ja til å vera leiar for utvalet.

Ein månad etter oppnemninga møter Uniforum førsteamanuensis Anine Kierulf på Institutt for offentleg rett ved UiO i Universitetshagen i Oslo sentrum. Det er berre nokre dagar igjen til den første fysiske samlinga i utvalet, og ho er litt spent.

– Eg håpar å ha noko å kunna bidra med der, og utvalet er jo innretta for å koma med innspel til moglege lovendringar. No er eg både jurist og har eit langt virke i akademia, og har forska mykje på ytringsfridom, så eg meiner eg har nokre kvalifikasjonar som kan vera nyttige inn i eit slikt arbeid. Og så tenkjer eg alltid å svara ja når folk spør og eg kan bidra med noko. Det er det ikkje alltid ein kan, at ting passar eller at ein tenkjer at ein ikkje kan løysa oppgåva så godt som andre kan, men i dette tilfellet håpar eg å bidra til det, seier Anine Kierulf til Uniforum.

– Eit mikrokosmos av ei større utfordring

– Men er det eigentleg noko problem med ytringsfridom i akademia i Noreg i dag samanlikna med andre land?

– Det må me nesten finna ut av då. Og det er det ikkje så lett å gjera på den korte tida me har til disposisjon før me skal levera 1. mars. Og me har enno ikkje begynt. Det vesle som finst av undersøkingar, var nyleg ei frå Institutt for samfunnsforsking, i regi av monitor-prosjektet til Fritt Ord. Dei peikar på at det er nokre utfordringar, og dei utfordringane tenkjer eg i nokon grad er eit mikrokosmos av ei større utfordring av måten det offentlege verkar på i dag. Det er eit ganske hardt ordskifte nokre stader, ein kan føla seg utsett på den måten, Men det vil også vera slik at den akademiske ytringsfridomen har nokre særlege føresetnader og utfordringar som ikkje er lausrivne frå dei generelle, men som kan arta seg på litt andre måtar, konstaterer ho.

– Polariseringa i USA er generelt mykje større

Anine Kierulf har også fylgt nøye med i debatten om scenenekt og kanselleringskultur både i USA og i Noreg.

– I USA er det openbert ei utfordring. Eg trur det er rett at det ofte blir framstilt som eit høgresidefenomen, men eg trur det presset kjem frå ulike sider avhengig av kva som er upopulært. Det kjennest vel meir i den retninga i akademia i USA fordi det er mykje meir dominert av liberale enn av konservative stemmer, eller meir av demokratiske enn av republikanske stemmer, om du vil. Polariseringa i USA er generelt mykje større og heldigvis ikkje fullt så stor her. Det finst mange andre skilnader mellom korleis akademia fungerer her samanlikna med det amerikanske systemet. Denne typen tendensar som ikkje berre er avgrensa til akademia, er jo eit trekk i det offentlege i dag som kan vera meir eller mindre representativt, men som kan følast, peikar ho på.

Samtidig er Anine Kierulf lei seg for forsøka på å skapa politikk ut av arbeidet i utvalet, lenge før det har kome i gang.

-Det er litt synd at noka av vinklinga på dette arbeidet før det har kome i gang, er den politiserte. Eg les mandatet som politisk ope – noko anna ville ikkje eg ha takka ja til. Og det er heller ikkje mitt inntrykk at regjeringa meinte å gi utvalet ei politisk retning. At det skulle bli eit utval har lege der ei god stund som ein tanke. Og det er også slik at om det er tendensar til kanselleringskultur eller den type sosiale rørsler og å styra forskinga etter politisk press, eller unna politiske teoriar, det kjem frå alle sider i det politiske spekteret, også i USA, slår ho fast.

Styring av forsking vs akademisk fridom

UiO har nyleg lagt fram eit utkast til ein klima- og miljøstrategi, og der tilrår ei arbeidsgruppe UiO å lata vera å driva med forsking som ikkje er berekraftig, men utan at det skal gå utover den akademiske fridomen.

– Kva synest du om det?

– Ja, korleis skal dei klara å foreina det då? spør Anine Kierulf tilbake.

– Men er der ikkje slik verda heng saman då, me prøver å oppnå gode ting som ikkje alltid let seg realisera fullt ut saman. Sånn les eg i alle fall det forslaget, svarar Anine Kierulf.

– I Noreg har det vore to-tre saker der professorar er blitt sparka, eller har halde på å bli det. Då tenkjer eg først og fremst på Nedkvitne-saka frå UiO og den pågåande Eikrem-saka frå NTNU. Korleis vil du omtala dei sakene der med omsyn til ytringsfridom i akademia?

– Eikrem-saka kjenner eg ikkje i detalj dei siste bevegelsane i, men det er klart at begge desse sakene har ei side knytt til akademisk ytringsfridom. Akademisk ytringsfridom er grunnleggjande, men det er ikkje den einaste faktoren som er viktig å ta vare på. Det finst kryssande omsyn, og det er mange ting som må sikrast på ein arbeidsplass. Eg kan ikkje gå inn og vurdera kva som er rett og feil, seier ho, før ho held fram.

– Men det går an å seia noko i Nedkvitne-saka, då, for den blei avslutta etter ei vurdering av Høgsterett. Ein kan merka seg det som Høgsterett framheva i avgjerda si. For ein ting er at avskjeden av han, blei funnen å vera rettmessig, men Høgsterett er veldig tydeleg på at den akademiske fridomen ikkje berre omfattar retten som den enkelte forskar har til å forska og undervisa om det han eller ho vil og uttrykkja seg om det, men også retten til å kritisera rammene for den akademiske verksemda, altså måten universiteta utviklar seg på. Det tenkjer eg er svært viktig å ha med seg. For det er ei rettssetning frå Høgsterett som gjeld heilt generelt uavhengig av korleis det gjekk med den saka, understrekar Anine Kierulf.

– Hovudmålet til eit universitet er å søkja sanning

Det meiner ho også vil ha konsekvensar for kor langt universiteta og høgskulane kan gå i å sanksjonera enkeltforskarar for synspunkt i kontroversielle saker, berre for å verna omdømmet sitt.

– Omdømetenking og mykje fokus på det vil alltid vera eit potensielt trugsmål mot forståinga og kor viktig det er med akademisk ytringsfridom. For den kan jo ofte opptre på måtar som slett ikkje er med på å byggja opp om omdømmet til ein institusjon. Det er trass alt ikkje hovudmålet til eit universitet å byggja eit omdømme. Hovudmålet til eit universitet eller ein høgskule er å søkja sanning og uansett kor upopulær og kontroversiell den sanninga eller den hypotesen på å bera fram den sanninga måtte vera, trekkjer ho fram.

Annine Kierulf har arbeidd med ytringsfridom i mange år. Inntrykket hennar er at folk er redde for å bruka den, ikkje berre i akademia, men også utanfor.

– Me kan seia at det er eit større problem i akademia, for der er det heilt naudsynt med heilt fri utforsking av idear i alle fall. Eg trur ikkje det er noko særskilt for akademia, at ein kjenner på ei frykt for å ytra seg. Så er det spørsmål om kor problematisk den frykta er. Det vil alltid vera forbunde med eit visst ubehag. Til og med å framstilla seg til ei hyggeleg intervju som dette, seier ho med eit smil.

– Det inneber jo ein fare for å bli lesen feil og få masse kritikk. Det må me tola likevel. Spørsmålet er kor mykje me må tola og når det går over til å bli ein type press som er uakseptabel, uformelle sanksjonar frå arbeidsgjevar, forbigåingar og veldige sosiale mobiliseringar. Då kjem du over til noko som har ein avkjølande effekt, då, som er eit problem for ytringsfridomen generelt og den akademiske ytringsfridomen spesielt, åtvarar ho.

– Eg har definitivt møtt mykje motbør

Akademiet for yngre forskarar og talspersonar for mellombels vitskaplege tilsette har fortalt at dei er redde å uttala seg heilt til dei får ei fast stilling. Om dei gjer det, fryktar dei at dei øydelegg sjansane for å få ei fast vitskapleg stilling. Anine Kierulf har også sjølv vore mellombels vitskapleg tilsett. Men ho har likevel uttalt seg.

– Eg har definitivt møtt masse motbør, når eg uttalte meg, både som mellombels tilsett og fast tilsett. Det at eg ikkje har fått like mykje kritikk etter at eg blei fast tilsett, skuldar nok at forholdet på mitt fakultet har endra seg til det betre. Det er klart at dess meir usikker du er på stillinga og posisjonen din, dess meir vil du tenkja gjennom kva du seier. Det er eit problem med utstrekt bruk av mellombelse stillingar på universiteta. Samtidig er ikkje dette noko nytt. Det er ei god stund sidan Jens Bjørneboe skreiv «Ti bud til en mann som vil opp og frem i verden» . Det lønner seg alltid å halda kjeft og halda med dei som er i fleirtal og har hegemoniet der du er, men det kan du ikkje vedkjenna deg viss du skal vera akademikar, minner ho om.

Så langt har det enno ikkje vore noko møte i utvalet. Det første blir i neste veke.

– Då er innstillinga mi å opna opp debatten så mykje som mogleg, slik at me får flest mogleg tankar om kva som bør vera med i ein sånn rapport når me legg den på bordet. Og me vil fortast mogleg koma i gang med å få inn alle undersøkingar som finst i inn- og utland, som gjer det mogleg å få sett fokus på dette spørsmålet på ein best mogleg måte. Slik kan me jobba oss fram til nokre moglege endra lovreglar eller noko anna som me måtte koma opp med av tiltak.

Og allereie no får ho inn idear og innspel om kva ho og dei andre i utvalet må ta opp når det gjeld ytringsfridom i akademia.

– Det får eg både i sosiale media og andre stader. Og me tar gjerne imot fleire slike innspel. Me skal levera rapporten 1. mars, så derfor har me ikkje så veldig god tid på oss. Derfor helsar me velkommen alle slike tankar og idear slik at me veit kva folk har på hjartet, er oppfordringa frå Anine Kierulf.

• Vidar Helgesen, direktør Nobelstiftelsen, Stockholm (Kjelde: Kunnskapsdepartemenet)

Følg UA på Facebook, Twitter og Instagram.