gjesteskribenten

Takt og utakt?

- Kor villige er vi eigentleg til å opne opp våre personlege nettverk for folk utanfrå slik at vi kan lære av perspektiva og røynslene deira? Spør gjesteskribenten denne veka, og går på djupet i «Norsk utakt», signert Hans Magnus Enzenberger.

- Det kan sjølvsagt vere freistande å spørje om eit desentralisert utdanningstilbod er å oppfatte som nok eit døme på norsk «ekstravaganza», skriv Øivind Strand.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Det er førti år sidan Hans Magnus Enzenberger ga ut boka «Norsk utakt». Den originale utgåva i tysk språkdrakt hadde den meir provoserande tittelen «Norwegische Anachronismus». Enzenberger sine observasjonar er skarpe og framleis relevante, sjølv fire tiår etter boka kom ut.

«Allerede nå lever de på intravenøse drypp fra oljevirksomheten, om de vet det eller ikke. Et drag av kunstighet og førtidspensjonering driver over vannene. Norge, dette extravaganza i periferien av Europa, mellom oljeterminal og sommerhytte, fjellgård og glassarkitektur, er ikke et paradis på jorda, men et selvrådighetens monument, og en murrende idyll» (Hans Magnus Enzenberger,1984, Norsk Utakt, Universitetsforlaget.)

Øivind Strand

Det er ikkje lenge sidan PERITIA-undersøkinga om tillit til klimaforsking i ulike europeiske land skapte store oppslag i media: Noreg er det landet med høgast prosentdel klimaskeptikarar i heile Europa. Dessutan er vi òg dei som har minst bekymring for konsekvensane og har minst behov for meir informasjon om problematikken. I debatten som fylgde kom det fram at vi som nasjon har høg tillit til forsking, men ikkje på akkurat dette feltet. Ein akademikar påpeikar samstundes at tillit til forsking vert lågare når konklusjonen av forskinga er at ein må ofre noko, eller når det har konsekvensar for eigen livsførsel.

Fakta

Øivind Strand

Strand er ein av UA sine gjesteskribentar.

Utdanning: Maskiningeniør frå Telemark Ingeniørhøgskule, vidare Cand Scient og Dr Scient i mekanikk frå Universitetet i Oslo.

Nåverande jobb: Professor i innovasjon ved Institutt for internasjonal forretningsdrift på Økonomifakultetet ved NTNU

Faglege interesser: Mine faglege interesser er innovasjon, entreprenørskap og samarbeid.

Oppteken av: Samspel mellom arbeidsliv, region og akademia, samspel mellom ulike fagfelt og samspel mellom studentar og tilsette i UH-sektoren.

Ho var for kunnskapsbaserte råd om kosthald så lenge dette ikkje fekk konsekvensar for norsk landbruk.

Det same prinsippet er glimrande demonstrert av ein tidlegare minister for forsking og høgre utdanning. Ho var for kunnskapsbaserte råd om kosthald så lenge dette ikkje fekk konsekvensar for norsk landbruk. Dette er eit paradoks som mange av oss tilsette i kunnskapssektoren ser ut til å kjenne oss att i: Faglege råd om forbruk, reisevanar, kosthald og arealbruk bør alltid handterast på eit politisk og strukturelt plan og ikkje blandast saman med personlege prioriteringar. I seinare tid er dette illustrert ved debatten om nedbygging av urørt natur i Noreg. Alle er imot slik nedbygging så lenge ho ikkje påverkar nærings- og samferdselsprosjekt som er viktige i min kommune, eller så lenge nedbygginga ikkje påverkar hytteplanane mine.

Styresmaktene fokuserer på å redusere utslepp frå olje- og gassproduksjonen på norsk sokkel, noko som utgjer om lag 2% av samla utslepp ved bruk. Sidan desse produkta vert eksporterte, burde ein kanskje ha meir interesse av dei 98% av utsleppa som kjem ved den faktiske bruken av olje og gass. Men sidan dette skjer utanfor landet sine grenser, kan ein med ein uelegant limbo unndra seg Paris-avtalen og det nasjonale reduksjonsmålet på 55% innan 2030.

Eit anna område der Noreg er i utakt med resten av verda, er oppfatninga om kor attraktivt vi trur landet vårt er å flytte til. Resultata frå den store internasjonale undersøkinga om arbeidsinnvandring (Expat Insider 2023) var sjokkerande for mange: Av dei 53 ulike landa i undersøkinga av dei mest attraktive landa å flytte til, er Noreg rangert som nr 52. Kvifor hamnar Noreg så langt nede på lista? Undersøkinga er sett saman av ulike indeksar, men kortformatet er dette:

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

  • · Over halvparten rapporterer at det er svært vanskeleg å få vener og sosialt nettverk lokalt.
  • · Ein tredel opplever lokalbefolkninga som fiendtleg innstilt til utlendingar.
  • · Mange opplever at karrierevegane er svært avgrensa for utlendingar i Noreg.
  • · Personleg økonomi er rangert dårlegare for innvandrarar i Noreg enn i noko anna land i undersøkinga.

Dersom vi som nasjon og som institusjonar ynskjer å tiltrekke oss internasjonal toppkompetanse, er dette eit tankekors. Noreg er kanskje ikkje så attraktivt, korkje økonomisk eller karrieremessig. Dessutan er det vanskeleg for folk utanfrå å kome inn i dei uformelle nettverka som er så viktige i Noreg. Ein utlending sa at korrupsjonen i heimlandet er mykje meir demokratisk enn i Noreg. I heimlandet stiller alle likt, berre dei betalar, men i Noreg tek det 15-20 år å bygge opp nettverk for å få gjennomslag for interessene sine.

Kanskje er ikkje Noreg så uskuldsreint og attraktivt som vi likar å tru? På institusjonelt og strategisk nivå er vi for internasjonalisering. Men kor villige er vi eigentleg til å opne opp våre personlege nettverk for folk utanfrå slik at vi kan lære av perspektiva og røynslene deira?

Enzenberger undra seg også over at talet på medlemmar i lag og foreiningar i Noreg var sju gangar høgre enn det samla folketalet. Han spekulerte på om dette skuldast ein trong til alltid å omgi seg med folk som meiner akkurat det same som ein sjølv, same kor få det er.

«Som medlem kan man henge fra seg hele sin skakkjørthet, sin stridslyst og sitt viktigpetteri i garderoben, i trygg visshet om å finne alt igjen i foredlet form i sluttresolusjonen.»

Ved denne mekanismen får ein kanalisert uakseptabel personleg egoisme til sosialt akseptabel gruppeegoisme. Dette resulterte i det dei sentraleuropeiske augo hans oppfatta som «ekstravaganza» i form av store, offentleg finansierte prosjekt som symjehallar, bibliotek, rådhus og lokalaviser i områder der det knappast bur folk.

Tendensen til å vere i utakt gjeld ikkje berre på nasjonalt nivå. Ein kan òg vere i utakt med seg sjølv og sitt eige verdigrunnlag.

Tendensen til å vere i utakt gjeld ikkje berre på nasjonalt nivå. Ein kan òg vere i utakt med seg sjølv og sitt eige verdigrunnlag. Om vi rettar blikket innanriks, er det fascinerande å observere at politiske rørsler med røter i distrikt og periferi lanserer den eine sentraliseringsreforma etter den andre. I eit kort tilbakeblikk på sektoren for forsking og høgre utdanning dei siste åra kan ein sjå følgande sentraliseringsreformer:

· Innføring av skulepengar for studentar utanfor EU. Dette tiltaket tek bort deler av finansieringsgrunnlaget for mastertilboda på dei mindre sentrale campusane. Resultat: Sentralisering av mastertilbod, utestenging av studentar frå lav- og mellominntektsland og svekka rekruttering til PhD-programma i distrikta.

· Nedlegging av regionale forskingsfond. Industri og akademia må framover hente meir av forskingspengane sine i Brussel. Er det store eller små institusjonar som har ressursar til strategisk konsortiebygging og årelange søknadsprosessar fram mot EU-prosjekt? Resultat: Sentralisering av forskingskapasitet frå distrikt til sentrale strok og med større fokus på EU sine forskingsprioriteringar enn på regionale problemstillingar.

· Ny budsjettmodell for universiteta og høgskulane. Denne budsjettmodellen har ein mekanisme for omfordeling av ressursar frå dei institusjonane som ikkje klarer å fylle opp alle studieplassane sine til dei som klarer dette. Kvar er dei institusjonane plasserte som har problem med å fylle opp studieplassane sine? I distrikta. Korleis er folketalet i distrikta? Det er fallande. Budsjettmodellen er tiltenkt å nullstille inntekt frå «studieproduksjon» i 2025 for så å premiere dei institusjonane som aukar «studieproduksjonen» utover 2025-nivå. På same måte skal nedgang i talet på uteksaminerte studentar føre til lågare overføringar. Resultat: Sentralisering av heile utdanningssektoren og svekking av utdanningstilbodet i distrikta. Mindre fagmiljø og profesjonar står i fare for å måtte leggast ned fordi dei er mindre «effektive» i å tiltrekke seg nye studentar enn større fagmiljø lokaliserte i meir studentattraktive strok.

Det kan sjølvsagt vere freistande å spørje om eit desentralisert utdanningstilbod er å oppfatte som nok eit døme på norsk «ekstravaganza», som ein gjennom desse sentraliseringsprosessane ynskjer å justere ned. Eg skal spare lesaren for spekulasjonar om kva for ein hestehandel som ligg bak desse reformene, spekulasjonar som kunne bli oppfatta som taktlause tankar om hestehandel. La oss vone at dette ikkje er ein hest med eit anna innhald enn det ein såg for seg då ein gjekk inn på handelen – og at det ikkje er ein Trojanar.