KOnferanse på gløshaugen

No samlast ingeniørar frå 30 ulike land i Trondheim for å lære å bli bærekraftige

Etter oppvarming med workshops i går, opna Alexandra Bech Gjørv, konsernsjef i SINTEF den nittande internasjonale CDIO-konferansen

Konsernsjef i Sintef, Alexandra Bech Gjørv, held eit innlegg som ein del av den offisielle oppstarten til CDIO-konferansen i Trondheim.
Publisert

I går starta CDIO-intiativet sin nittande konferanse på Realfagsbygget på Gløshaugen. Tema for konferansen er ingeniørutdanning for ei smart, trygg og bærekraftig framtid.

Fakta

Kva er CDIO?

  • CDIO står for conceiving, designing, implementing, operating (på norsk: utforme, designe, implementere og operere).
  • CDIO-intiativet var starta i år 2000
  • Det har blitt heldt CDIO-konferansar kvart år sidan grunnlegginga utanom under pandemien.
  • CDIO-konferansen føregår på Realfagsbygget på Gløshaugen fram til torsdag.

Etter workshops og konferansemiddag i går var det klart for at rektor Anne Borg kunne halde ein opningstale før konsernsjef i Sintef, Alexandra Bech Gjørv, heldt eit innlegg.

Nøgd med samarbeidet i forkant av konferansen

Geir Egil Dahle Øien i lunsjpausen på konferansen sin første dag.

Geir Egil Dahle Øien har leidd arrangementskomitéen no når konferansen er i Noreg for første gong. Han skryt av kollega, Reidar Lyng, som har leidd den internasjonale programkomitéen.

Øien er tydeleg nøgd med arbeidet kollegane har lagt ned.

- Vi er ein komité på ti stykk som har samarbeidd gjennom heile prosessen, så eg må berre skryte av heile gjengen.

Øien fortel at CDIO-nettverket er bygd opp av 160 universitet, og at 300 personar er meldt på konferansen frå 30 forskjellige nasjonar.

«Engineering for a safe, smart and sustainable future»

Deltakarane på konferansen høyrer Sintef-sjefen sitt innlegg.

Hovudtemaet for konferansen i år er Engineering for a safe, smart and sustainable future.

- Det handlar om korleis vi kan lage gode, kreative og ansvarlege ingeniørar som skal jobbe for ei bedre verd. Kunnskap for ei bedre verd seier vi jo her på NTNU, fortel Øien.

NTNU har mykje internasjonal samhandling i form av internasjonal forsking og utvekslingsprogram, men det er ikkje like mykje samarbeid om korleis ein kan betre utdanningsprogram. Det er det CDIO er viktig for å forbedre, fortel Øien.

Vidare seier Øien at å få flest mogleg til å presentere her og vere involvert dreg NTNU inn i eit internasjonalt nettverk som er viktig for kvaliteten til teknologiutdanning. Øien meiner dette kan bidra til bedre og meir relevante utdanningar, og det er mykje å hente av pedagogikk i form av eksperimentering som er gjort av andre på læringsaktivitetar og vurderingsformer.

Fokus på å integrere bærekraftskompetansar på naturleg vis

- Utdanninga kan dekke alle aspekt av etikk og refleksjonar kring det, det er kjensler i ei ingeniørutdanning, seier Øien.

Miljø har fått større plass i rampelyset ved NTNU dei siste åra, og til dømes ingeniørprogramma Øien håpar konferansen skal betre har alle «miljø» i namnet.

- Eg tenkjer på dei miljømessige aspekta som integrert under temaet bærekraft, som er hovudtema for konferansen. Det har vi som mål ved NTNU og sikkert mange andre universitet. Det er fokus på korleis ein kan integrere bærekraftskompetansar på naturleg vis i alle våre studieprogram, svarar Øien.

Ein av deltakarane presenterer ein plakat med forsking ho har gjort.

Vidare forklarar Øien at bærekraftskompetansar skal vere eit premiss for utvikling av ny teknologi.

- På konferansen er ordet «environment» ikkje berre brukt i klimaforstand, men også i form av læringsmiljø. Det blir arbeidd med korleis ein kan skape gode fysiske, psykososiale, pedagogiske og digitale studiemiljø, som gir gode forutsetningar for å lære, fortset Øien.

CDIO-konferansen fortset på Realfagsbygget på Gløshaugen fram til torsdag. Det vil vere ei rekke panelsamtalar, presentasjonar og sosialt innhald som til dømes ein orgelkonsert i Nidarosdomen før konferansen tek slutt.