minneord

Ein stor vitskapsmann har gått bort

Akademia forstår ikkje, og styresmaktene og folket veit ikkje kva for ein viktig vitskapsmann Johannes Falnes var, og kor verdifullt arbeidet hans er.

Fra Falnes eigne NTNU-sider: NTHs bølgeenergigruppe 1983-03-25. Fra venstre: Kjell Budal, Per Magne Lillebekken, Geirmund Oltedal, Johannes Falnes, Øyvin Sømme, Lars Christian Iversen, Åge Kyllingstad.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

Søndag 2. juni 2024 sovna professor Johannes Falnes ved NTNU inn på St. Olavs hospital i Trondheim, 92 år gammal. Han hadde fortent å få gravferda si dekt av staten. Det fekk han ikkje. NTNU og den norske stat skulle ha sytt for at arbeidet hans, alt av papir og digitalt lagra arbeid, vart teke vare på for framtida. Det har familien hans måtta gjere, enn så lenge. At Johannes Falnes gjekk bort, burde vore ei hovudsak i riksnyhenda. Ingen melde noko. Altfor få i Noreg kjenner han. 

Akademia forstår ikkje, og styresmaktene og folket veit ikkje kva for ein viktig vitskapsmann Johannes Falnes var, og kor verdifullt arbeidet hans er. Saman med Kjell Budal som døydde i 1989, har Falnes betydd like mykje for bølgjekrafta som pionerane innanfor fysikk på byrjinga av 1900-talet betydde for utviklinga av atomkraft, slike som Albert Einstein, Ernest Rutherford, Niels Bohr og Enrico Fermi. Orda er ikkje for store. Det er nøkternt sagt. Det vil framtida vise. Og bølgjekraft forureinar ikkje som atomkraft. 

NTNU-professor Johannes Falnes har gått bort.

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Det er enorme mengder energi i havbølgjene. Krafta er grøn, og anlegga kjem til å ta opp ledig plass i verdshava. Havbølgjer er den mest fortetta av alle grøne energiformer, som tyder meir energi på mindre plass, og at utbygging kan skje raskt. 

Falnes og Budal si arv for ettertida er at dei fann ut korleis ein kan utnytte bølgjekraft ved å la ein bølgjeenergiabsorberande lekam, typisk ei flytebøye, svinge med optimal rørsle for å ta ut meir energi. Det handlar om å forstå at havbølgjer — som radiobølgjer — er eit bølgjefenomen. Gjennom å styre bøya så ho oppfører seg som ei antenne, og «tune» ho inn mot ei kvar innkomande bølgje, ved å sette opp ei destruktiv motsett retta bølgje, kan bøya absorbere bølgjeenergi frå ei tappebreidde som er vidare enn bøya sin eigen fysiske utstrekning. Enklare kan ikkje den avanserte fysikken som Falnes skal ha æra for å ha forska fram, forklarast. Genialt er det. 

For bølgjekraft som energiforsyning inneber grunnlaget som Falnes la med si forsking, at moderne bølgjekraftverk ved hjelp av datastyring kan produsere dobbelt så mykje energi, i visse bølgjer heile fem gongar så mykje, og dermed bli meir lønsame.

Når bølgjekraft ikkje har breidd om seg enno, skuldast det, som Falnes sjølv sa, at det har skorta på det maskintekniske. Det var den biten Falnes og Budal mangla, som gjorde at bølgjekrafta ikkje vart det heilt store i deira levetid.

Men no er det fleire bølgjekraftselskap, i Noreg, og i andre land, som jobbar iherdig med å løyse det maskintekniske, for å få til eit teknisk-kommersielt gjennombrot for denne evigvarande, forureiningsfrie energikjelda.

Eitt slikt selskap er Hydrakraft AS, som eg har vore med og starta. Vi følgjer i Falnes sine fotefar. Forretningsideen til Hydrakraft kan seiast i éi setning: Vi skal verkeleggjere Johannes Falnes sitt livsverk. Hydrakraft arbeider med eit bøyesystem med vaier og taljer i sjøen og vinsj på land, der energien vert omforma hydraulisk før han vert gjort om til straum, eller trykksetjing av sjøvatn for produksjon av ferskvatn. I dette skal vi implementere «optimal fase- og amplitudestyring» etter prinsippet som er Johannes Falnes sitt, for å doble energiopptaket utan å doble kostnadene.

Den framifrå forskinga som Johannes Falnes var i front for gjennom eit langt yrkesliv og heile pensjonstilværet, nærast til det siste, og som han gav Noreg og verda, lever vidare! Ikkje alt for langt inn i framtida kjem namnet hans til å bli stort. Eg kjenner det som litt underleg at ikkje fleire ser det no. 

Falnes var også ein ihuga målmann. Han vart gravlagd fredag 7. juni. Heller en blomar til gravferda ville han ha gåver til Noregs Mållag. For å heidre han skreiv eg dette på nynorsk.