Regjeringa vil gjera det lettare å ta utdanning for vaksne i arbeidslivet

Lånekassen jobbar med ei ny låneordning for dei som vil ta korte og fleksible studiar medan dei jobbar.

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel håpar å ha ei ny låneordning på plass allereie i 2025.
Publisert Sist oppdatert

Det skriv regjeringa i ei pressemelding. Målet er at fleire skal få råd til å studera ved sida av jobb.

For å mogleggjere låneordninga må ei lovendring på plass, og ho blir lagt fram i dag, 15. mars.

– Vi må legga til rette for læring gjennom heile livet, same kvar i landet du bur og uavhengig av om arbeidsgivaren din finansierer eller ikkje. Kompetansebehova i arbeidslivet kan ikkje berre dekkast av nye folk – folk i arbeid må også oppdatera kompetansen sin, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel i pressemeldinga.

For kortere utdanning

Målgruppa for den nye låneordninga er arbeidstakarar som vil ta utdanning som arbeidsgivar ikkje dekker.

- Eg håpar å ha ei ny låneordning på plass allereie i 2025, seier Hoel i pressemeldinga.

Dagens utdanningsstøtteordning i Lånekassen er tilrettelagt for dei som tek utdanning på heiltid eller deltid som varer i minst eitt semester.

Det nye lånet skal givast ved kortare utdanningar, også dei som er kortare enn eitt semester. Samstundes kan velja utbetalingsfrekvens sjølv, og ein skal ikkje vera bunden til månadlege utbetalingar.

– I dag gir ikkje korte vidareutdanningar rett til utdanningsstøtte frå Lånekassen. For mange er økonomi ei stor hindring for å ta vidareutdanning og investera i eigen kompetanse. Det skal vi no gjera noko med, seier Hoel.

Nytt lovforslag

Som grunnlag for den nye låneordninga legg Kunnskapsdepartementet 15. mars fram ein ny lovproposisjon med forslag til endringar i utdanningsstøttelova.

Lovendringa inneber at det kan reknast rente frå dag éin for særlege ordningar, dersom dette er fastsett av Stortinget. Låneordninga for vaksne i arbeid skal ha rente frå dag ein, men han vil vera skilt frå den ordinære utdanningsstøtteordninga vanlege studentar bruker.

– Lån frå Lånekassen skal framleis vera rentefritt i studietida for alle vanlege studentar i bachelor- og mastergrad og høgare yrkesfagleg utdanning. Det er eit viktig prinsipp, seier Hoel.

Følg UA på Facebook og Instagram.