Statsråden om KI: – Dei største utfordringane er knytte til eksamen

– Kunstig intelligens-teknologiar byr på store moglegheiter for samfunnet, men også nokre openberre trugsmål. Frå samfunnet si side krev dette ei fast og trygg regulering av teknologiar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.

INNFØRER KI-REGULERING: – Regjeringa har vore tydeleg på at når dette blir vedtatt i EU, så står Noreg klar til å i innføra det. Det er fordi me ser at det er eit sterkt behov for eit internasjonalt regelverk, opplyser statsråd Oddmund Hoel.
Publisert

I går deltok statsråd Oddmund Hoel i ein panelsamtale om kunstig intelligens på Aktualitetssymposiet til statsvitskapsstudentane i Eilerts Sundts hus på Blindern. 

Det skriv Uniforum.

Der møtte han leiaren for studentutvalet på SV-fakultetet Aurora Møllersen og forskar Henrik Tjønn frå Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Temaet var kunstig intelligens i høgare utdanning. Og det handla både om kunstig intelligens i teknologi og generativ kunstig intelligens som handlar om språkmodellar som den kommersielle ChatGPT og den eigenutvikla på UiO, GPT UiO. 

Aktualiteten i temaet kan ingen seia noko på. For i går proklamerte digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) frå San Francisco at regjeringa har som mål at 80 prosent av offentleg sektor skal ha tatt i bruk kunstig intelligens innan 2025. Det melde NRK. 

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) meiner at det målet er i ferd med å bli oppnådd i akademia.

– Universiteta og høgskulane har full fagleg fridom, men eg trur at dei allereie er der gjennom at kunstig intelligens i ulike teknologiar er tungt i bruk både i forsking og undervisning, seier han til Uniforum. 

Kraftig utfordra

Oddmund Hoel ser mange utfordringar med kunstig intelligens i universitets- og høgskulesektoren.

– Dei største utfordringane er knytt til vurdering og eksamen. Me er heilt avhengige av at samfunnet og arbeidsgjevarar har tillit til papira som studentane går ut med, og at dei reflekterer den kunnskapen dei har. Der er dei tradisjonelle eksamensformene kraftig utfordra særleg av generative språkmodellar, peikar han på.

For han og regjeringa er det ein ting som er spesielt viktig. 

– Vårt overordna ærend er at det må gjerast på ein måte som sikrar at samfunnet har den høge tilliten ein har i dag, understrekar han.

– Dette må utviklast nedanfrå

– Men det vil vel ikkje vera mogleg å gå tilbake til eksamenar med berre blyant og papir?

– Nokon snakkar om det, men me finn gode utviklingsprosjekt i fagmiljøa på nye vurderingsformer. Me er nøydde til å begynna der, for faga er ulike, behova ulike og utfordringane er ulike.

Dette må utviklast nedanfrå, men me er opptekne av å stimulera til samordning, særleg når det gjeld eksamensreglementa, slår han fast. 

Hoel viser til at dette har regjeringa tatt initiativ til og at Universitets- og høgskulerådet er i gang med arbeidet. Samtidig har dei også gitt Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) i oppgåve å stimulera til samordninga.

– KI har vore tungt i bruk i medisinsk forsking

Oddmund Hoel ser mange fordelar med bruk av kunstig intelligens i høgare utdanning og forsking.

– Det har vore tungt i bruk i medisinsk forsking. Eit godt døme er at det har gjort det mogleg å kartleggja proteinstavar. Det gir også store moglegheiter innanfor samfunnsforsking og humanistisk forsking, for det er mogleg å behandla endå større datamengder.

Det same skjer i arbeidslivet. Og utdanningane må jo vera tilpassa det arbeidslivet studentane skal ut i, poengterer han.

Krev ei fast og trygg regulering 

Hoel er meir optimist enn pessimist når det gjeld kva bruken av kunstig intelligens kan føra til i framtida.

– Kunstig intelligens-teknologiar byr på store moglegheiter for samfunnet, men også nokre openberre trugsmål. Frå samfunnet si side krev dette ei fast og trygg regulering av teknologiar. I utdanningane trengs det også tunge innslag av etisk refleksjon av bruken av ulike teknologiar. Med det på plass, er det enorme moglegheiter, er Oddmund Hoel overtydd om.

Og snart vil eit regelverk om kunstig intelligens også koma på bordet til regjeringa. 

– Regjeringa har vore tydeleg på at når dette blir vedtatt i EU, så står Noreg klar til å i innføra det. Det er fordi me ser at det er eit sterkt behov for eit internasjonalt regelverk, og det som EU er i ferd med å vedta no, er å gå eit langt steg i riktig retning, synest Oddmund Hoel.

La fram forslag til nye vurderingsformer

I panelsamtalen kom stipendiat Henrik Tjønn på Institutt for pedagogikk inn på korleis det vil vera mogleg å tilpassa framtidige vurderingsformer til kunstig intelligens-verda. Overfor Uniforum utdjupar han korleis han tenkjer seg at det kan gjerast i praksis.

 

FRAMTIDA MED KUNSTIG INTELLIGENS: Kva vil kunstig intelligens få å seia for høgare utdanning? Det var eit av spørsmåla som blei tatt opp i panelsamtalen mellom, Aurora Møllersen, leiar for studentutvalet på SV, forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel og stipendiat Henrik Tjønn frå Det utdanningsvitskaplege fakultetet. Lengst til venstre debattleiar Gabriel Trampe.

– Eg ser for meg eit mogleg skilje mellom vurdering med og utan generative KI-verktøy som GPT UiO.

Avhengig av jusen og kva dei ulike fakulteta og institutta kjem fram til i tida som kjem, kan ei mogleg tilnærming vera å leggja opp til at studentane skal leggja ved transkripsjonar av dialogar med GPT UiO.

Den tekniske løysinga let allereie brukarane lasta ned samtalane i tekstformat, forklarar han i ein epost til Uniforum.

Skal designa eigne samtalerobotar

Og Henrik Tjønn trur at utviklinga kan drivast endå lenger.

– Viss GPT UiO etter kvart gjer det mogleg å byggja eigne modellar baserte på opplasting av tekstfiler, kan det i enkelte fag og emne vera relevant å leggja til rette for at studentar skal designa eigne samtalerobotar tilpassa ei gitt caseoppgåve, varslar han. 

Samtidig peikar han på at dersom eininga eller emneansvarleg ynskjer vurdering utan generativ KI, kan ei mogleg mellombels løysing vera ei eigenerklæring som NTNU har tatt i bruk.

Også Henrik Tjønn ser fleire problem med bruken av KI på universitet og høgskular.

– Ved sida av opplagte utfordringar knytte til eksamen og fusk, er ei mogleg bekymring at høgare utdanning ikkje i tilstrekkeleg grad øver studentane si sjølvregulering, forkunnskapar og kritiske tenking i omgangen med generativ KI. Til dømes peikar UV-rapporten «Lett å bruke – vanskelig å forstå» på fleire aktuelle utfordringar, i tillegg til moglegheiter, trekkjer han fram overfor Uniforum.

Må tilpassa undervisninga 

No meiner han at dei høgare utdanningsinstitusjonane også må tilpassa undervisninga litt etter den nye røyndomen.

– Eg ser få argument mot å bruka tid på undervisning i spesifikke KI-verktøy som studentane opplagt vil bruka i vidare arbeidsliv, avhengig av spesifikke fagområde. Det er til dømes rimeleg at medisinstudentar får undervisning i diagnostiserande KI-verktøy.– Kva synest du om innspela frå statsråd Oddmund Hoel i panelsamtalen?

– Innspela til statsråd Hoel bar etter mitt syn preg av å vera kunnskapsrike, men også nysgjerrige. Hoel har særleg rett i at bruk av generativ KI i læring og undervisning i UH-sektoren er eit fagleg spørsmål som sektoren må vurdera, synest Henrik Tjønn.

Følg UA på Facebook og Instagram.