Ytring

Når vart det opp til Under Dusken sin redaktør å definere Samfundet sine verdiar?

Det er mykje eg òg vil at Equinor skal endre på, men eg er likevel ikkje nokon hyklar som ikkje evnar å stå for verdiane mine av den grunn.

Det var 3. februar Studentersamfundet sine medlemmar stemte over samarbeid med selskap som driv med utvinning og sal av fossilt brensel. Her frå avstemminga.
Publisert Sist oppdatert

Dette er en ytring. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens mening.

For berre nokre dagar sidan stemte Storsalen på Samfundet ned ein resolusjon om å unngå samarbeid med selskap som driv med utvinning og sal av fossilt brensel. Somme vil visst halde fram med diskusjonen, og det må ein jo gjerne gjere, men då vil eg gjerne etterspørje nokre oppklaringar og i tillegg oppfordre til å kunne ha meir enn éin tanke i hovudet om gongen.

Oppklaringane gjeld fyrst og fremst desse verdiane vi visst skal ha røysta imot. Mari Kaslegard og Ayne Kifle Aalen skriv om desse i si ytring i Universitetsavisa, men som nokon som har lese ein heil del på både gjeldande resolusjonar og lovar for Samfundet, greier eg ikkje å finne verdiar som går imot det eg skreiv på stemmesetelen min på laurdag.

Samfundet har fleire resolusjonar som går på klima, miljø og petroleum; det stemmer. Mellom anna meiner vi at petroleumsproduksjonen må fasast ut, og at vi står overfor ei klimakrise. Men det å meine at nokon må fase ut det dei driv med, er ikkje automatisk det same som å ikkje ville samarbeide med dei. Det er heller ikkje det same som å halde ein verdi som gjer at ein må setje klimaomsyn over alt anna, uansett risiko.

Enig eller uenig?

Send oss din ytring på

Men for å vere grei, skal eg i nokre avsnitt gå med på at desse resolusjonane indirekte kommuniserer ein slik verdi. Kva andre verdiar held Samfundet i så fall? Og er det nokon måte å vete kva for verdiar som skal prioriterast om dei kjem i konflikt?

Eg skal ikkje kome med ei lang liste her, men eg vil seie noko om det siste spørsmålet. Eg tenkjer at verdiar som kan tolkast av lovane då må kome fyrst. Her står det mellom anna at UKEoverskotet skal sikre Samfundet sin uavhengige posisjon, og at eit mål er å ha ein sunn og sjølvstendig økonomi. Dette vart forklara av Rådet på laurdagens møte. Det vart mellom anna sagt at i dette ligg det at Samfundet skal ha råderett over eigen økonomi, at Samfundet skal kunne drifte organisasjonen slik det sjølv ynskjer, og at Samfundet ikkje har bindingar som påverkar kva meiningar det kan ha.

Skal vi tolke verdiar ut frå vedtak i Storsalen, vil eg påstå at denne delen av lovane tilseier at ein sterk verdi for Samfundet er nettopp å syrgje for slikt sjølvstende, både økonomisk og politisk. Lovane kjem øvst, og det er òg strengare krav om stort fleirtal i Storsalen for å endre desse enn for å få gjennom ein ny resolusjon. Då må jo denne verdien stå høgare enn ein verdi ein tolkar ut frå ein resolusjon, eller?

Det handlar altså ikkje berre om einsemd, fest og fellesskap, slik Kaslegard og Aalen legg det fram, men òg om sjølvstende og moglegheita til å ha våre meiningar, utan føringar frå andre.

«Det er viktigare for studentane å sitte stille i båten og passe på seg og sitt, enn å stå opp for verdiane sine», skriv Kaslegard og Aalen. Eg stod for verdiane mine på talarstolen og på stemmesetelen min på laurdag, og det same gjorde resten av Storsalen. Både dei som stemte for, mot og blankt. Det er berre det at verken verda eller politikken i Storsalen er så unyansert og einsidig som Kaslegard og Aalen ser ut til å tru.

For lat oss tenkje litt på konsekvensane av det om resolusjonen hadde fått fleirtal. Det er ein stor risiko, når vi veit at Equinor-samarbeidet i dag er viktig for UKEoverskotet og difor òg Samfundet sin økonomi.

Ein kan heller ikkje gøyme seg bak at UKEsjef kunne ha gått imot resolusjonen om alternativet var konkurs og manglande sjølvstende som konsekvens, for kva garanti har vi for at Equinor, som dette i realiteten gjeld, ville vore med på eit slikt samarbeid etter at vi har sagt at vi ikkje vil ha dei? Ein kunne like gjerne ha kalla det egoistisk å setje framtidas UKEsjef og Samfundet-medlemmar i ein slik situasjon.

For lat oss tenkje litt på konsekvensane av det om resolusjonen hadde fått fleirtal. Det er ein stor risiko, når vi veit at Equinor-samarbeidet i dag er viktig for UKEoverskotet og difor òg Samfundet sin økonomi. Den verste tenkjelege konsekvensen ville nok vore at vi ikkje lenger var sjølvstendige, verken når det gjeld økonomi, drift eller politikk. Sannsynet for ein slik situasjon, verker for meg skremmande stort, og det seier eg basert på at eg stoler på det som både UKEsjef for UKA-23 og Finansstyret har lagt fram om økonomien.

Den best tenkjelege konsekvensen eg kan sjå føre meg, er at fleire organisasjonar hadde fylgt etter, og at Equinor hadde fått så mykje press på seg, at dei innfridde krava våre for samarbeid att. Sannsynet for at dette skjer, verker for meg ganske mykje mindre. Skal eg i tillegg leggje til at vi får inn tilsvarande summar frå dei eller andre, eller på andre måtar greier å få til ein god nok økonomi i tida framover, verker sannsynet endå mindre.

Eg er inkompetent på feltet, det skal eg innrømme, men det høyrest for meg ut som ein forferdeleg stor risiko å take, og sjølv i beste moglege scenario, er eg nok ikkje mindre pessimist enn at eg ikkje trur det ville ha redda klima.

Ein må gjerne meine at vi ikkje bør take imot dei pengane, og eg er sjølv heilt einig i at Equinor gjer mykje drit – langt meir enn å drive med fossilt brensel. Poenget er berre at det ikkje er opp til Under Dusken sin redaktør å definere kva som er og ikkje er verdiane til verken studentane, Samfundet eller Storsalen. Det kan godt hende vi treng å detaljdefinere nokre verdiar, sidan vi heilt tydeleg ikkje er samde om det, men det er heldigvis ikkje opp til einskildmedlemmar å gjere det.