Rekord i kursdeltakarar etter mange år pause

Størker Moe og Øyvind Weiby Gregersen sitt kurs for treforedlingsindustrien er meir populært nokon gong.

Størker Moe er førsteamanuensis ved Fakultet for naturvitskap
Publisert

I fjor mottok NV-fakultetet ynskje om å starte opp att med kurs for treforeldingsindustrien.

Kurset tek føre seg ulike aspekt ved treforedlingsindustrien, frå start til slutt. Både industrien og forskarar på feltet deltek.

Kjem sterkt tilbake

No er Størker Moe glad for å fortelje at kurset er tilbake i oppdatert form, og større enn nokonsinne. No hadde kurset heile 70 søkarar og 66 har fått tilbod om å delta på kurset.

Fleire av bedriftene som sender tilsette på kurset har fortald at dei gjerne skulle sendt enda fleir på kurs, men at dei treng nokon til å drifte fabrikken i mellomtida.

- Eg veit ikkje med heile NTNU, men dette er heilt unikt for vårt fakultet, fortel Moe.

Førsteamanuensisen legg til at kurset er gratis, og blir støtta gjennom eit tilskot frå Kompetanse Norge, noko Moe er glad for.

Kurset startar opp 4. september i haust og har avsluttande eksamen 17. november.

Gav seg med kurs som følgje av nedgangstider

Fram til omkring 2005 tilbaud Institutt for kjemisk prosessteknologi etter- og vidareutdanningskurs i treforedlingsteknologi.

- Det er dette kurset som no er tilbake i oppdatert form med meir deltakarar enn nokon gong, fortel Moe, som er ansvarleg for kurset saman med Dekan for NV-fakultet, Øyvind Weiby Gregersen.

Nedgangen i norsk treforedlingsindustri på byrjinga av 2000-talet leidde til at interessa frå industrien gav seg, og ein slutta å halde kurs.

Tidlegare var det alltid mellom 15 og 25 deltakarar, fortel Moe

- Viktig å vidareutdanne for å halde kompetansen ved like

Blant dei mange bedriftene som sender tilsette på kurset er Borregaard. På nettsidene sine skriv dei at dei driv eit av verdas mest avanserte og bærekraftige bioraffineri.

Tone Horvei Bedal er kommuikasjonsdirektør i Borregaard

Tone Horvei Bredal, kommunikasjonsdirektør i Borregaard, seier at de ansatte vidareutdannar seg jevnlig.

- Vi lev på kompetanse og det er viktig å halde denne ved like, blant anna gjennom vidareutdanning. Gjennom å oppretthalde vår kompetanse, opprettheld vi også vår posisjon som verdas mest avanserte bioraffineri, seier Bredal.

- Vi har mange tilsette som er utdanna ved NTNU og dette er et viktig miljø for oss, fortset Bredal

Tek føre seg heile industrien

Deltakarane kjem frå heile treforedlingsindustrien frå dei som utfører fiberskillande prosessar, og dei som arbeider med prosessar der fibrane kombinerast igjen og ein framstiller til dømes kartong, papir og liknande.

Det er også forskarar som skal delta på kurset, fortel Moe.

- Det er naturleg for oss å tilby kurs for heile industrien, og slik har det alltid blitt gjort. Det har med å gjere at treforedlingsindustrien i Noreg er tett knytt saman, forklarar Moe.

Slik dekker kurset den fullstendige treforedlingsprosessen.

På nettsida til kurset heiter det at kurset gir ein analytisk gjennomgong av treforedlingsindustrien sine råstoff, prosessar og produkt for å gi ei breiare forståing av samanhengen og grensene i treforedlingsprosessane.

Kurset vil ha eit særleg fokus på kva samanhengane er mellom dei ulike delane av eit produksjonsanlegg.