Kva med studentanes rettar, Nord universitet?

Studentane ved Campus Nesna blir no utsett for eit tilfeldig og mangelfullt styringssystem som gjer studentane utrygge for både kvalitet og studiesituasjon.

Nord universitet slit med omdømmet. Det er freistande å sitere Tuppen i universet til Knoll og Tott, når dei to igjen har fått juling av kaptein Vom: Dei har seg sjølv å takke, skriv Arna Meisfjord.
Publisert Sist oppdatert

Nord universitet slit med sitt omdømme. Dei har lagt ned Campus Nesna, der studentane har den høgaste skåren på Studiebarometeret og den såkalla satsinga på Helgeland har ført til ei halvering av studenttalet på Helgeland. På toppen av alt er universitetsstatusen sett i spel fordi Nokut kan finne på å underkjenne eit av doktorprogramma til institusjonen. Det er freistande å sitere Tuppen i universet til Knoll og Tott, når dei to igjen har fått juling av kaptein Vom: Dei har seg sjølv å takke.

Må flytte studiestad før endt studium

Studentane ved Campus Nesna blir no utsett for eit tilfeldig og mangelfullt styringssystem som gjer studentane utrygge for både kvalitet og studiesituasjon. Sjølv om studentane har fått opplyst på Nord sine nettsider at dei skal få fullføre sine studiar på den studiestaden der dei er teken opp, så opplever dei at Nord universitet har sagt opp leigeavtalen med Statsbygg med verknad frå våren 2022, og slik tvinge studentane til å flytte studiestad dei to siste åra av sitt studium. Studentane er opprørte for ein situasjon som dei opplever som løftebrot og som dei ser fører til ringare kvalitet, både på lokalitetar, studentvelferd og studentoppfølging. Det er ikkje lagt skikkelege planar for korleis situasjonen blir dit studentane skal flytte. Konsekvensane for studentane var heller ikkje utgreidd før vedtaket om nedlegging vart fatta i juni 2019. Det er ikkje lagt fram konkrete planar for studentane, verken om den dialogen som skal vere eller dei tiltaka som skal gjerast framover for å kvalitetssikre flytteprosessen. Ein slik situasjon vil få store negative konsekvensar for studentane sitt læringsmiljø.

Eit universitet skal styrast etter eit omfattande lovverk som har til formål å sikre kvalitet i alle ledd i institusjonen. I Universitets- og høgskoleloven står det mellom anna (§ 1-5) at institusjonane har eit ansvar for å sikre at undervisning, forsking og fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid held høgt fagleg nivå, og utøvast i samsvar med anerkjente vitskapelege, kunstfaglege, pedagogiske og etiske prinsipp.

Ikkje etisk forsvarleg

Når leiinga ved Nord universitet nektar å vedstå seg den lovnaden som dei har gitt studentane om at dei skal få gå si studietid ved den studiestaden dei er teken opp, (Campus Nesna), så er dette eit brot på både pedagogiske og etiske prinsipp. Studentane er fortvilte, det blir skapt stor usikkerheit for dei og dette får sjølvsagt pedagogiske konsekvensar. I tillegg er det inga eksemplarisk undervisning studentane får på denne måten. Pedagogikk har jo lært oss at dei som er våre ”føresette”, må gå føre som gode døme på den praksis som studentane skal ut i. Når dei som skal lære studentane å vise omsorg, vere rettvise, utøve pedagogikk i praksis, på ein slik måte set studentane sine faglege interesser til sides for formalitetar, så er det verken pedagogisk eller etisk forsvarleg. 

Studentane sine rettar har fått ei sterk prioritering i lovverket, og § 1-6, som omhandlar kvalitetssikring, slår fast at studentevalueringar skal inngå i systemet. UH-loven § 4-3, omhandlar læringsmiljøet og her blir det understreka at både det fysiske og det psykiske læringsmiljøet skal vere fullt forsvarleg ut frå ei samla vurdering av studentane si helse, sikkerheit og velferd.

Med referanse til UH-loven, stiller eg fylgjande spørsmål til leiinga ved Nord universitet:

1. Kva er leiinga ved Nord sin argumentasjon for at lovnaden om fullføring av utdanninga ved den studiestad der studenten er teken opp, ikkje gjeld for studentane ved Campus Nesna? 

2. Korleis kan leiinga ved Nord sannsynleggjere at ei flytting frå Campus Nesna til Mo, ikkje vil gå ut over kvaliteten på tilbodet til studentane?

3. Korleis vil leiinga ved Nord universitet kompensere studentane for til dømes auka kostnader i samband med flytting av undervisninga?

4. Gjennom forslaget om å flytte studentane frå Nesna til Mo på slutten av studiet, blir studentane påført store bekymringar, uro og dermed eit dårlegare læringsmiljø. Korleis kan Nord universitet forsvare å påføre studentane slike påkjenningar, både når det gjeld fysisk og psykisk læringsmiljø?